Her får du planteplanen for staudebedet mitt

Her  får  du  planteplanen  for  staudebedet  mitt
Staudebedet fotografert den 9. juni av Jan Inge Haga. Fremst: Astilber og lilla julistorkenebb. Fleire tuer med julistorkenebb bortover i bedet.

Noko av stasen med eit staudebed, er at det endrar seg heile tida – nokre blømer av, nye kjem. Det gjeld å skapa eit bed som blømer frå tidleg vår til seint på haust – helst også bør staudene passa godt saman. Å få det til på fyrste forsøk, er ikkje lett. Eg har prøva og feila og planta om i årevis. Her får du lista over koss bedet nå ser ut:

Det er mest 30 meter langt, ci 2 meter breitt på mesteparten av lengda (litt smalare på nokre plasser, litt breiare på andre) og cirka 4 meter breitt i nordenden (der du ser dei røde orientvalmuene).

For å få heilskap og harmoni i bedet går ein del av dei same staudene att fleire stader, pluss at eg som regel plantar meir enn ein av kvar på same stad for å få ein «masseeffekt».

Me startar nederst ut mot vegen og tek ein bit av bedet om gongen:

Stormarikåpe. Så ser du røde astilber, mørkegrøn bjørnerot, kvite astilber og blålilla julistorkenebb. Heilt bak under bjørketreet: Skogskjegg (kvit). (Foto Margunn Ueland, den 16. juni 2018)

A. I sørenden

  • Ei stor høstanemone
  • Ei stor nøkketunge
  • Langs kanten: Stormarikåpe, 5 stk.

B. Rundt ungt epletre:

  • Bak: Værhane (Montbretia/Crocosmia)
  • Midten: Knoppurt og lungeurt.
  • Framme/Kant: Røde astilber

C: Mellom epletre og plommetre:

  • Bak/midten: Løytnantshjerte og peon
  • Framme/Kant: Bjørnerot

D. Rundt plommetre-1:

  • Bak: Værhane (Montbretia/Crososmia)
  • Midten: Forglemmegeisøster
  • Framme/kant: Bjørnerot

E: Rundt plommetre-2:

  • Bak: Værhane
  • Midten:  Bispelue og julerose
  • Framme: Kvite astilber

F. Ved hellegang opp mot terrassen:

  • Bak:  Julistorkenebb, akeleier, praktryllik, tre floks (rosa, kvit, lavendel), kvit peon
  • Framme: Gullkorg, 5 kuleprimula, 5 storkenebb «Renardii» (kvit)

G. Ved starten av terrassen:

  • Bak: Rosa duehode, blå storhjelm, kvit floks
  • Midten: 3 julistorkenebb
  • Framme: 1 låg tue rosa storkenebb (veit ikkje sort), 1 låg blå storkenebb «Rozanne», 3 mørkerosa blodstorkenebb
Peonar fotografert den 8. juni av Margunn Ueland.

F: Neste pulje:

  • Bak: Klaseormedrue (kvit) og blå sibiriris (ei stor tue)
  • Midten: 2 peonar, akeleier, 1 julistorkenebb
  • Framme:  2 veronica, gul hageiris (fleire)
Stjerneskjerm fotografert den 16. juni av Margunn Ueland.

G: Vidare langs terrassen, smalt parti:

  • Bak: Lilla julistorkenebb og rosa stjerneskjerm
  • Framme: Rød astilbe

D. Vidare, også her temmeleg smalt:

  • Bak: Gjerdesolhatt
  • Midt/Framme Solbrud «Morheim Beauty» og dagliljer

E: Neste:

  • Bak: Gjerdesolhatt, storhjelm
  • Midten: Veronika
  • Framme: Ei rekke med blodstorkenebb

F: Neste

  • Bak: Rosa floks
  • Midten: Lilla julistorkenebb
  • Framme: Hageiris

G: Eit breiare parti:

  • Bak: 2 peonar, 1 prestekrage..
  • Midt:  Storkenebb «Johnson’s Blue», akeleier, duppesoleie.
  • Framme: Bergblad og kvite astilber.

H: «Haugen»

  • Bak mot gjerdet: Klaseormedrue, bregner, bronseblad.
  • Bak mot enden av bedet mot nord/der trea veks: 2 store, gamle skogskjegg, bregner, bronseblad.
  • Midten: 2 store bladliljer, røde astilber og ei gedigen, gamal tue med kvitrosa høstanemone (som spreier seg og spreier seg) og røde orientvalmuer.
  • Framme: Kvite astilber, blodbeger, alunrot.
Staudebedet fotografert frå den andre enden. Nærmast: Røde orientvalmuer. Framføre dei: Blå knopurt. Du ser også akelier, kvit duuppesoleie og andre slag storkenebb. På terrassen står ulike grønsaksplanter å ventar på at det skal bli plass i eit grønsaksbed.. (Foto: Jan Inge Haga den 9. juni)

I juni

Blømer i juni: Iris, duppesoleie, orientvalmue, akeleier, storkenebb, peon, veronika, stjerneskjerm, stormarikåpe, astilber.

Duppesoleie starta i mai og pleier å vera ferdig i midten av månaden. Irisbløminga er også over då.

Storkenebba varer heile månaden – ikkje alle samstundes heile månaden, dei avløyser kvarandre. Det er dei som gjer mest av seg i staudebedet denne månaden.

Orientvalmuene lagar litt av eit show, men det er dessverre kortvarig. Også irisen gav seg fort i varmen med hadde i starten av månaden.

Peon er vakker i sol, men heng fort med dei tunge hovuda i regn. Minst like fine i regn som i sol er stormarikåpe, astillbe og stjerneskjerm. Desse starta bløminga i midten av juni her hos meg i år.

Lilla julistorkenebb dominerer bedet i juni, saman med peonar og andre storkenebb som blodstorkenebb. Bak rosa peon ser du også blå sibiriris.(Foto frå 9. juni av Jan Inge Haga)
Duppesoleie.

Tips om stell og deling

Etter at julistorkenebb er avblomstra, har dei lett for å bli stygge i blada. Då skjer eg dei heilt ned, og på få veker veks dei seg til fine grøne tuer att. Dette gjer også at nabostaudene får meir lys og luft, og bedet blir mindre attraktivt for sneglar.

Viss du ikkje vil at akeleiene skal spreia seg over heile hagen, gjeld det å vera raskt ute med å klyppa vekk stilkar og frøhovud. Blir bladverket stygt, skjer eg bort det også. Ein sigd er ypparleg reidskap til å kutta stauder med.

For at mellomhøge og høge stauder ikkje skal «leggja seg» i kraftig regn og vind, brukar eg staudestøtter av metall.

NB! Desse er «gamle» stauder som eg har hatt i årevis. Det starta med at eg fekk nokre av far og andre slektningar og vener. Så har eg formert  desse – har du 1 staude, kan du dela den i 3 neste år, året etter kan du dela dei 3 i 3, så får du 9 osv.

Dei fleste staudene har bare godt av å bli delte.

Kvar gong eg har delt/flytta/planta om, har dei fått ei halv bøtte kompost i det nye planteholet. Eg gjødslar ikkje staudene.

Innimellom staudene har eg sett løk som blømer om våren: Klosterklokker, snøstjerne, påskeliljer, tulipanar.

Tulipanbløming i nordenden av staudebedet fotografert den 16. mai av Jan Inge Haga.

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: