I dag blir det krydra indisk gryte med grønkål

I  dag  blir  det  krydra  indisk  gryte  med  grønkål
Eg har alt hausta mengder med grønkål av den glattblada sorten "Ragged Jack". Eg "raspar" blada av stilkane og hakkar opp før eg puttar i frysa det eg ikkje brukar i dagens middag eller grøne smoothie. (Foto: Margunn Ueland)

Kva gjer du med all grønkålen? spør folk meg ofte. I dagens blogginnlegg får du både svar på det, pluss oppskrift på ein god indisk gryterett som du lagar på ein snau halvtime, samt tips om billig supermat for god helse.

Haustetips

Ikkje noko gir så mykje mat på liten plass som grønkål. Eg har alt hausta bøttevis. Etterkvart som eg plukkar, veks nye blad ut.

Eg kuttar altså ikkje av ein heil plante, bare brekk av dei ytterste, største blada. Det gjer eg etterkvart som eg treng grøne blad til middagar, smoothiar og juice. I tillegg hakkar eg og frys ned. Eg forvellar ikkje blada fyrst, men riv blada av stilkane. Her i huset har me derfor grønkål å ta av heile året.

(Ja, eg veit, grønkål toler frost, slik at eg kan gå ut og plukka om vinteren. Men det er nå lettvint og greit på kalde og mørke morgonar og kveldar å bare kunna ta ut ein pose ferdig vaska og hakka grønkål frå fryseskapet).

Å plukka inn blad jamnt og trutt heile sesongen gjer eg både for å få mest mogeleg grønkål, men også for å halda plantene unge og fine. Unge blad smakar også betre enn dei som har stått lenge på planten. Når eg plukkar ofte, er også sjansen mindre for at blada blir holete av larver og sneglar..

Plaga med larver? Sjå her:  Kva gjer du med larvene på kål? Her er svaret. 8 tips.

Nye blad veks ut etterkvart som eg plukkar inn. Fremst grønkål «Sukuma Wiki» med ovalt blad, bak frynsete blad av «Ragged Jack».

Dyrkingstips

Sidan plantene stadig må levera nye blad, treng dei godt med næring. Derfor legg eg på gras kvar gong naboane klypper plenen, og nyleg fekk dei også nokre bøtter tang og tare.  Tørr tare frå strendene er det lett å knusa og strø utover. Eg tømer litt tang i ei murarbøtte og stampar med føtene. Tare er rik på mineralar, plenklypp inneheld mellom anna mykje nitrogen.

Dette er nok for jorda mi som er proppa med kompost og ein god del gammal hestemøkk. Har du skrinnare jord, kan det vera lurt å gje dei nokre nevar gjødsel (som grønsaksgjødsel til økologisk dyrking eller pellets av ku- og hønsegjødsel).

Sjå på plantene -og vurder behovet: Veks dei som bare det og er friske og fine i fargen, treng dei neppe meir gjødsel.

Her har eg skrive meir om jorddekke, kvifor og korleis. 

God middag!

I dag skal du få oppskrifta på ein av middagsfavorittane mine med grønkål. Ei varmande gryte med indisk vri. Særleg glad er eg i denne på kjølege og våte dagar.

Eg likar også å laga middagar der alt er i ei gryte, og som går fort å laga. I tillegg til at det både godt og sunt. Og billig!

KRYDRA KIKERTGRYTE MED GRØNKÅL

(Meir enn nok til å metta  to personar, sikkert også nok til 4 om du serverer litt ris ved sida av).

Ingrediensar:

  • 1 ss rå kokosolje
  • 1 løk
  • 2 kvitløkfedd
  • 1 bit ingefærrot, cirka 3 centimeter
  • 1 boks hermetiske, hakka tomater
  • 1 ss malt koriander
  • 1 ts garam masala (krydderblanding)
  • 1 ts kardemomme
  • 1 ts kanel
  • 3,5 dl hakka grønkål utan stilkar (best med glattblada sortar, men det går også fint med vanleg grønkål. Har du ikkje grønkål, kan du bruka spinat eller bladbete).
  • 1 boks kikerter
  • 1/8 ts chilipeppar

Framgangsmåte:

  1. Skjer løken i tynne skiver og hakk kvitløken og ingefærrota (skrell rota).
  2. Fjern stilkane på grønkålen og hakk i bitar.
  3. Tøm bønnene over i eit dørslag og skyll dei med vatn.
  4. Varm 1 ss kokosolje i ei gryte med tjukk botn.
  5. Røresteik løk, kvitløk og ingefærrot til dei blir mjuke, men ikkje brune.
  6. Ha oppi krydder, tomatene og kok i 10 minuttar.
  7. Ha oppi grønkålen og kok i 5-10 minuttar til. 5 minutt er nok til ung, glattblada grønkål, bladbete og spinat.  Krusete grønkål som er plukka inn utpå hausten og vinteren, treng ti minutt.  Smak og kjenn kor mør du vil ha kålen.
  8. Rør inn kikertene og chilipeppar, og la det putra 5 minuttar til.
  9. Smak til med salt og peppar, eventuelt meir chilipeppar og gjerne ein skvis sitronsaft.

Alle ingrediensane i denne retten er bra for kroppen din. Du får i deg protein, fiber, C-vitamin, folat, betakaroten (A-vitamin), K-vitamin, kalk, jern, magnesium, sink og viktige plantekjemikaliar frå kvitløk, løk, grønkål, ingefær, bønner og krydder som er med på å halda deg ung og frisk. Altså næringstett mat, det vil seia mange nyttige næringsstoff pr. kalori.

Billig supermat

Dokter Joel Fuhrman, ein av favorittforelesarane mine ved Institute for Integrative Nutrition, (eg utdannar meg til helsecoach), rådar oss til kvar dag å eta «GOMBBS». G står for «Greens» (grøne bladgrønsaker), O for onions (løk), M for mushroooms (sopp), B for beans (bønner), B for berries (bær) og S for seeds (frø).

Kvifor? Fordi dette er dei mest kraftfulle immunstyrkande og helsefremjande matvarene. Er det ikkje då fantastisk at alt dette (med unntak av bær) er mellom dei billigaste matvarene du kan kjøpa!

I denne retten får du i deg både grøne bladgrønsaker, bønner og løk.

FLEIRE OPPSKRIFTER:

På denne bloggen finn du også fleire smoothieoppskrifter med grønkål:

Prøv denne til frukost!

5 om dagen i eitt glas

Tropisk kokolime

Lasagne med grønt frå kjøkkenhagen i den kvite sausen.

Prøv også denne lasagnen der grønkål er ein av ingrediensane: Min beste lasagne

 



4 thoughts on “I dag blir det krydra indisk gryte med grønkål”

  • Aha! Så kjekt å lære frå dr Fuhrman. Eg kjenner han frå YouTube. Likar at han heile tida brukar forskning i det han seier. Men favoritten min er Michael Gregers. Han er så gøyal og rar! Med vektige argument, heile tida bygd på forskning. Dessutan er han veganer, og for meg, som nyleg har «konvertert», gjev han mange nyttige råd. Har boka og kokeboka hans. Takk for supert middagstips!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: