Solsikker som ikkje bles ned

Solsikker  som  ikkje  bles  ned

Solsikker synes eg høyrer med i kjøkkenhagen. Alle likar solsikker. Til å bli i godt humør av. Særleg når det regnar dag ut og dag inn. Solsikkene står der som små soler.  Heilt til dei bles ned…

Kvart einaste år har det skjedd. Sjøl om eg har støtta dei opp både på den eine og den andre måten. Utpå hausten skjer det: Nokre brekk, somme deisar i bakken og ligg der med rota opp.

Solsikker i Leikeplasshagen, fotografert oktober 2017 av Margunn Ueland. Til venstre kjempeverbena med lilla blomar. Pyntekorg framføre solsikkene) har også blese ned. Blomkarsen held stand.

Men ikkje i år! For eg har nemleg sådd ein låg sort. Svært låg, så låg at dei 15 cm store blomane bare er nokre få centimeter over jorda.

Solsikke «Suntastic Yellow with Black Center». Klargule og svarte i midten.

Kompakte. Eg ser det kjem meir enn ein blome pr. plante – på ein står tre knoppar klare. I frøkatalogen står det at dei kan få opptil 20 blomar pr. plante.

Det var barnebarna Alma (4), Sunniva (9) og Christina (11) som sådde solsikkene i påska. I små potter i drivhuset.

Christina, Alma og Sunniva sådde solsikkene i påska. Blomkarse sådde dei også. (Foto: Rolf Norås)

Kort tid etter at dei hadde spirt, sette eg dei ut på terrassen (og inn att i drivhuset om det kom frost). Dermed var det sterke plantar som blei planta ut i slutten av april.

Solsikkene er kraftige og fine, sjølv om dei ikkje har fått gjødsel. Men det er godt med kompost i jorda, både eigen kompost og kjøpekompost. Dei har også fått eit tjukt lag med gras på toppen. Eg prøvde fyrst utan jorddekke i nokre bed i år – men det vart for turt.

Solsikker frå kjøkkenhagen 2015. (Foto: Margunn Ueland)

Tidlegare år har eg hatt solsikker på to-tre meter. Dei gule er jo dei klassiske, men eg likar også godt dei i ulike røde nyansar.

 

 



2 kommentarar om “Solsikker som ikkje bles ned”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: