Slik dyrkar me mais i Leikeplasshagen

Slik dyrkar me mais i Leikeplasshagen

Nyplukka, nykokte maiskolber var det ungane likte aller best å eta frå Leikeplasshagen i fjor. Sjølvsagt måtte me ha mais også i år. Lettare å få til enn du trur, den  største utfordringa er vinden… Eg har nett vore ute og støtta opp maisplantene med staudestøtter. Dei er alt vel ein meter høge.

Håpar me kan eta så gode maiskolber i år også! Her ser du William fotografert i fjor av mor Marte Bøe.

I år dyrka me sorten “F1 Sweet Nugget”, i år er det “Golden Bantam”.

Alvin og Malene sådde maisen den 14. april. (Foto: Ragnar Fossen Olsen)

Alvin (6) og Malene (3) sådde dei i små potter den 14. april.  I drivhuset spirte dei etter ei snau veke.

Maisplantene etter 1. ompotting. Fotografert den 11. mai av Jan Inge Haga.

Sidan potta eg dei om to gonger – siste gongen i djupe rosepotter- før eg planta dei ut den 20. mai. Den siste tida før hadde eg dei ståande ute på terrassen.

Nyutplanta mais den 20. juni 2018. (Foto: Margunn Ueland).

Det er lurt å velja ein lun, solrik plass mest mogeleg skjerma for vind til maisen. Her er det ikkje lett å finna, vinden kjem til overalt, og mykje vind har me her i Stavanger.

Viktig er det også å planta maisplantene i “blokker”, det vil seia samla ved sida av kvarandre – ikkje i ei lang rekke, men i ein firkant/runding/rektangel.  For bare pollinerte ho-blomar vil svella og bli kolber. Hannblomane dusjar pollen ned frå toppen av planten to hoblomane nedføre. Pollinering skjer best i blokker, fordi då er det mindre sjanse for at pollen ble vekk frå hoblomane, og meir sannsynleg at pollenet landar der det skal.

Duskane er hoblomane på maisen. (Foto Margunn Ueland, 2017).

Det bør minst vera fire maisplanter i ei blokk, me planta alle 15 Alvin sådde pluss 3-4 til eg sådde seinare.  På frøposane står det at avstanden mellom plantene skal vera 35-45 centimeter. Eg plantar tettare – 25 centimeter..

Mais i Leikeplasshagen fotografert i fjor sommar av Margunn Ueland. Hannblomane i toppen.

I fjor treivs dei  godt i eit “lasagnebed” bygd opp av kvistar, lauv, kompost, tang, gammal hestemøkk og gras.  Det var det  våtaste og kaldaste sommaren på 50 år. I Stavanger Aftenblad var der foto av ein bonde ute på ein dassblaut åker. Maisen rakk han bare til knea. Normalt skulle plantene rukke han til skuldera, skreiv avisen. Eg kjende meg temmeleg stolt der eg sto med min mais som vaks meg over hovudet. Grunnen trur eg rett og slett var varmen frå kompostbedet og at alt regnvatnet rann gjennom det porøse materiale og ned i sanden under.

Maisplantene fotografert den 14. juni 2018 av Margunn Ueland.

I år har maisen fått plass i eit nytt “lasagnebed”. I varmen me hadde i mai og fyrste veka i juni, vaks maisen rekordfort; for fort trur eg. For den fyrste vindfulle natta var ein knekt av midt på.  Stilkane/stammene blir sterkare om dei veks seinare, er erfaringa frå i fjor.

Då dei begynte å svaia i vinden, stakk eg både ned staudestøtter pluss lessa på ekstra lag med gras rundt stammane for å støtta opp.

Nok vatn er viktig når plantene skal etablera seg og når hoblomane skal svella til kolber. Nok regn er sjeldan mangelvare her i Stavanger. I år derimot, måtte eg fram med vanneslangen. Heldigvis hadde eg lagt på eit tjukt lag med gras, slik at det ikkje fordampa fort.

Nå håpar eg bare maisen ikkje bles ned, slik at me kan plukka trinne kolbar, springa inn og ha dei i ei gryte med kokande vatn, og så eta dei med godt smør, salt og peppar… Så godt!

I fjor var maiskolbene ikkje klare før i september. Sofie rensar kolbene mens veslesyster Nora ser på.


10 kommentarar om “Slik dyrkar me mais i Leikeplasshagen”

  • Hei.
    Jeg er sååååååå utrolig glad jeg følger din side. At noen, slik som deg, vil lage blogg om kjøkkenhage og dele av sin erfaring synes jeg er helt fantastisk. Tusen hjertelig takk for at du bruker tid på dette. Vinn sønn og jeg har og sådd mais dette året. Så vi gleder oss masse til å se hvordan det går.

    • Goood morgon! Eg blir såååååå utruleg glad for slike hyggelege tilbakemeldingar! Tusen takk! Lukke til med maisen! Har nett publisert eit innlegg om årets mais…

  • tar du maisene når alt håret er svart? jeg har mais hvor nesten alt håret er svart, men det kjennes ut som de ikke er helt modne ut til tuppen.
    skal jeg vente en stund med å ta de?

  • Har så lyst å følle deg men får vite at min e post ikke er synlig. Kan du hjelpe meg slik at jeg kan få med meg alt, har vært på flere møter med deg og synes de har vært veldig gode . på forhånd takk.

    • Tusen takk for gode ord! Kjekt at du vil fylgja meg. Eg kan dessverre ikkje ordna det for deg. SLIK GJER DU DET:

      Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
      Trykk på FØLG MEG-knappen.
      Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på STADFEST.

  • Maisplantene mine er nå ca. 50-60 cm høye, og står for øyeblikket i rosepotter inne og venter på at det skal bli varmt nok til å settes ut. Men jeg synes stammen er så spinkel og tynn. Har satt de ute på terassen noen timer enkelte dager, men mange av bladene knekker så fort det blir litt vind. Har du noe tips til hvordan jeg kan få stammen til å bli kraftigere?

    Lurer også på om hvordan jeg best skal behandle jorden de skal stå i. Har planer om å harve opp et stykke av plenen, og har kommet frem til at det er leirjord vi har. Hva skal jeg blande inn i jorden for at maisplantene skal få det best mulig? Takk på forhånd! 😀

    • Hei! Høyrest ut som om plantene dine har hatt det for varmt og mørkt. Då blir dei spinkle og tynne og svake. Prøv å potta dei om og plant dei djupare og set dei ut på ein lun stad skjerma for verste vinden på dagtid. Eg ville helst hatt temperatur på ti grader, men sju bør gå. Du kan evt setja pottene i ein stor plastkasse (type IKEA-oppbevaringsboks) slik at dei blir litt skjerma. Leirjord bør blandast med organisk materiale/kompost og gjerne litt sand.Det luraste er å dekkja den delen av plenen som du har tenkt å grava opp nå med papp (frå pappøskjer, evt tjukke lag med aviser, pass på pappen overlappar slik at det ikkje blir gliper). Fukt pappen, legg så på 15 cm lag med kompost. Få det gjort raskt! Så vil du kunna planta maisen når det har blitt varmt nok (helst minst 10 grader om dagen og ikkje under 5 grader om natta).

  • Hei
    Er det for seint å så mais nå? Har sådd noen som har spirt, men ser ikke ut som de tålte det kalde været som har vært her i Stavanger den siste uka. Har barn som så veldig gjerne vil ha mais.

    • Nei, du kan så mais nå. Vil spira varmt, for kaldt å så ute nå. Eg ventar med å planta ut til temperaturen er over ti grader og helst ikkje under ti om natta. Eg har drivhus. Har du dei inne i huset, sett dei ut (potter i kassar) på dagtid og ta dei inn på kalde netter.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: