Jysla sunn kosemat: Havreform med blåbær og banan

Litt koseleg med regn, men tidlegpotetene ligg langflate i den sterke vinden. Trengte ein kopp te med noko godt… Dessutan var eg svolten, måtte vera noko som heldt meg mett nokre timar. På kjøkkenbenken låg ein brun banan, i kjøleskapet ein halv pose opptinte blåbær.
Dermed vart det “Havreform med blåbær og banan” og eit proteintilskot som kanskje vil overraska deg…
Oppskrift:
- 1 stor, mogen banan
- 1 kopp blåbær (tinte viss dei har vore frosne)
- 1/2 ss kakao (eg brukar helst råsjokolade)
- 1 kopp havregryn
- 1 kopp svarte bønner (ferdig kokte, slike du kjøper i boks/øskje)
- 1 liten neve rosiner (eller hakka dadlar, eller begge deler, kjem an på kor søtt du vil ha det)
- 2 ss hakka valnøtter
- 1 ss solsikkefrø
Framgangsmåte:
- Set omnen på 180 grader.
- Mos bønner og banan.
- Ha i resten, bland, ha i ei lita form smurd med rapsolje eller kokosolje (evt smør).
- Legg over eit bakepapir.
- Steik i omnen i 20-25 minuttar.
Avkjøl litt.
Et med skei, det som blir att, let du bli kaldt. Skjer opp, så har du såkalla “protein bars”.

Nyttige næringsstoff
Dette får du i deg:
Masse protein i bønner. Pluss antioksidantar som det også er mykje av i blåbær, valnøtter og råsjokolade. Sunt fett og protein også i valnøtter og solsikkefrø. Høgkvalitet karbohydratar i havregryn. Fiber i alt. Sunn søting av banan og rosiner. C-vitamin. Jern, kalk, sink, magnesium.
Ernæringsekspertar tilrår oss å eta bønner, bær, nøtter&frø, frukt og grønsaker kvar dag.
Då kan eg haka av for alt utanom grønsaker. Det blir lett – for det skal eg ha massevis av til middag, nyplukka frå kjøkkenhagen.