Enkel kvardagsmiddag frå kjøkkenhagen

Enkel  kvardagsmiddag  frå  kjøkkenhagen

Har du ein kjøkkenhage, er du aldri i beit for kva du skal ha til middag. Der er alltid gode, ferske grønsaker å ta av, og då blir måltidet godt «uansett!» «5 om dagen»? Du greier fort 6 til ein middag!

I kjøleskapet låg nokre fiskekaker som snart gjekk ut på dato, nederst nokre poteter som måtte etast før eg plukkar inn dei fyrste nypotetene. Ikkje så veldig spanande, akkurat…  Eg sette på potetene, tok med meg ein kniv og gjekk ut i hagen:

Der var det godsaker å henta:

Ung kvitløk og løk er knallgodt! Treng bare fresa eit lite minutt i panna. (Foto: Margunn Ueland)

Årets fyrste kvitløk! Så godt at du ikkje vil tru det før du har smakt.

Ein ung løk drog eg også opp. Både det kvite og den grøne stilken er godt å brukast, som ein mellomting av løk og vårløk.

1 liten squash. Dei er best når dei er små.

Knutekålen er klar! Foto: 14. juni 2018, Margunn Ueland.

Knutekålen er klar. Så kule planter!  For det fyrste går det kort tid frå såing til hausting, for det andre er dei artige å sjå på. For det tredje smakar dei godt: Som ein mellomting av nepe, kålrot og sommarkål.

Nokre små rødbeter – måtte tynnast – og set farge på middagsmaten. Ferske, nykokte (eller rå, raspa) er mykje betre enn sylterødbeter!

Fire små brokkoli, den eine åt eg på veg inn til kjøkkenet.

5 minutt att til potetene er ferdige, sa mannen.

Ribba knuteål. Skrell og knask. (Foto: Margunn Ueland)

Eg vaska og skrelte knutekålen, gav mannen ein bit, delte i fire bitar og hadde i potetgryta.

Rødbetene skrelte eg ikkje, bare vaska og skar av bladverket. Oppi potetgryta med dei.

Hakka kvitløk og løk (også det grøne), freste eit halvt minutt i smør på panna, oppi med fiskekakene.

Så – 1 minutt før potetene var ferdige – oppi med brokkolien. Oppskåren squash i panna  med fiskekaker.

Dett var dett! Så ferske, gode grønsaker treng ikkje meir tid enn det.

Kjempegodt! Alle grønsakene vart oppetne, men ei fiskekake og ei potet låg att…

PS-1: Skrelte rødbetene etter dei var kokte.

PS-2: Knutekålen synes eg var betre rå enn kokt.

Og snart er tidlegpotetene klare… Då treng eg ikkje fiskekaker i det heile teke!

Eg sår tett, tynnar og kosar meg med «babybetene». (Foto: Jan Inge Haga)

DYRKINGSTIPS:

Rødbeter, lette å dyrka.

Squash: Best når dei er små! (Foto: Jan Inge Haga)

Squash, gror rekordraskt.



4 kommentarar om “Enkel kvardagsmiddag frå kjøkkenhagen”

  • Takk for inspirasjon, igjen! Visste ikkje at knutekålen var så rask, da kan eg kanskje så no også? Elles ligg du litt foran meg i løypa, men slik er jo dette landet vårt! Eg har masse squash og graskarplanter eg også. Dei har vakse seg ganske store og det er masse knoppar i emning, så no ventar eg berre på blomstring! Eg har store kvitløkgras og masse av dei, så no skal jammen eg også byrje på dei! Spinat, grønnkål og reddiker har eg spist av ei stund. Eg er også imponert over pak choien eg sådde inne og planta ut, dei skal eg straks byrje på! Dei har vokse veldig fort! Innimellom så snekrer eg bingar i dei bratte bakkane i Hagen, hentar grasklipp, tang og hestemøkk, slik at eg kan lage nye lasagnebed. Har fått avtale med eit hestesenter, der kan eg hente møkk og strø når eg vil! Og eg passerer der 1-2 gongar i veka!!

    • Hei! Høyres bra ut! Ja, pak choi er rask, pass på, har lett for å gå i blom på denne tida, så ikkje vent for lenge med å eta den! Gøy å laga nye bed, ikkje sant? Så fantastisk med tilgang på hestemøkk! Så flink du er som snekrar, det kan ikkje eg! Hadde vore nyttig… Ja, knutekålen er rask, det går sikkert bra å så nå. Lukke til!

  • Prøvde pak choien for første gong i grøn smoothie no på morgonkvisten. Mnja, er ikkje overbevist, det vart litt skarp smak, sjølv om eg skar av stilkane (dei blir middag). Altså, karmane er ikkje mesterverk, men eg får både trim og nye bed! Ein plass er alle pak choiane gått i blomst, men på den andre plassen står dei struttende feite og grøne. Skal jobbe med å få spist dei opp no da.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: