Kva dekker du jorda med, og kor får du tak i det?

Kva  dekker  du  jorda  med,  og  kor  får  du  tak  i  det?

I både små og store bed i Leikeplasshagen og i min eigen kjøkkenhage har eg dekka jorda slik at ho ikkje ligg bar. Her skal eg kort forklara dei viktigaste fordelane med det, før eg fortel kva eg dekker med og kor eg får tak i det.  Store mengder går med!

Jordekke, jorddekke, jorddekke. Jorlivet og plantene elskar det. Frå Leikeplasshagen den 9. juni. Foto: Jan Inge Haga.

Derfor dekker eg jorda:

  • Fordi naturen er den beste læremeister. I naturen er inga jord bar, bortsett frå etter katastrofar (ras, brann osv.)
  • Fordi det hindrar fukt frå å fordampa. Det har vore svært så nyttig desse siste tørre og varme vekene. Eg har sluppe mykje vatning på grunn av det.
  • Fordi eg sparer meg for uhorveleg mykje luking. Ugrasfrø får ikkje tak gjennom tjukt dekke.
  • Fordi det blir til god næring for plantene.
  • Fordi det blir svært god jord av det.
  • Fordi eg vil mata meitemark og andre viktige småkryp, bakteriar og soppar som omdannar dekket til svart, næringsrik mold. Jo fleire av desse i jorda, jo luftigare og meir næringsrik jord.
  • Fordi grønsaker treng mykje næring.
  • Fordi eg ikkje korkje vil eller kan kjøpa mengdevis med kjøpejord (som stort sett er veksttorv tilsett gjødsel).
  • Fordi beda i Leikeplasshagen (foto over) er anlagt på toppen av sand og grus og eg måtte byggja jorda opp sjøl lag på lag med organisk materiale. Dette blir brote ned etter kvart, og nye lag må til.

Dette dekker eg med, og her får eg tak i det:

GRAS:

Plenklypp: To naboar leverer, men dei har ikkje store plenar.  Min plen er bare ti kvadratmeter.

Eg var så heldig å få ein rundballe med gras frå ein bonde tidlegare i år. (Foto: Jan Inge Haga).

Gras frå rundballe (slike store, kvite, runde ballar du ser ute på jordene. Gras som er tettpakka som bøndene brukar til å fôra kyrne med). Dersom det har gått hol på ein balle, slik at graset blir litt skjemd, kan bonden ikkje gje det til dyra. Eg ringte ein bonde eg kjenner og spurde om han hadde ein slik han ville bli kvitt, og det hadde han. Han var attpåtil så grei at han kom køyrande med traktoren og leverte ballen.

I fjor brukte eg ein heil slik rundballe i Leikeplasshagen. Om lag alt blei borte ned, omdanna til god kompostjord. Hittil i år har eg brukt meir enn ein halv. Det er gras frå denne du ser på på biletet frå Leikehageplassen lenger oppe i dette innlegget.

Øyvind Erland, min greie hjelpar. Sundag henta han sekkevis med gras med sykkelen sin. (Foto: Margunn Ueland)

Gras som kommunen har slått på friområder og dumpa i svære haugar: Det har eg ikkje brukt før, men her om dagen oppdaga ein god ven og hjelpar ein slik «skatt». Han tilbaud seg å henta nokre med sykkelen (har tralle bakpå). «Nokre» blei 19 sekker!

Mesteparten av graset fordelte eg i beda i Leikeplasshagen (video med kjapp omvisning frå hagen lagt ut sundag 10.juni på Facebooksida Margunnskjokkenhage.no)

Storparten hamna under/mellom jordeplene (potetene) i det store, lange bedet bakerst på biletet pluss mellom bærbuskane ut mot gata (til høgre på biletet frå Leikeplasshagen), mellom solsikker og mais (på toppen av det gamle graslaget, sidan dette er eit nyanlagt bed) og i dørkarmkassen med kvitløk (kor det var svært turt fordi eg ikkje hadde dekke der).

Resten brukte eg under bærbuskane i min eigen hage (var dekke av lauv og flis der frå før, hadde godt av litt nitrogentilførsel) og på toppen av store potter og krukker.

Som du skjønar, legg eg på tjukke lag. Er laget tynt, stoppar du ikkje ugraset.

KOMPOST: Grov kompost, laga av avfall frå staudebed og grønsaksbed, pluss ugras eg kappar ned frå nabotomtene, lauv og halm. Til det brukar eg ein sigd, eller sjørøvarkroken, som Alvin (6) kallar han.. Eg har to varmkompostbingar (får kjøpt frå kommunen) pluss ein stor kaldkompostbinge i tre avdelingar. Eg brukar også Bokashi (men ikkje til å dekka jorda med, det grev eg ned i jorda). Mesteparten av min kompost blandar eg inn i beda og i pallekarmar, eg har ikkje nok til å dekka mange bed med.

Rykande varm, nylevert kompost. (Foto: Margunn Ueland)

I år har eg også brukt eit tilhengarlass kompost frå Reve (Hove plantesal sel i laus vekt). Eg hadde den fyrst som toppdekke, men då det blei så varmt og tørt, var det nødvendig å leggja på lag med gras. Men godt med næring var det i denne komposten. Eg ser det særleg på georginene som veks i bedet som fekk mest kompost. Eg ser det også i potetbedet. Dei som veks i den høgre halvdelen av bedet som fekk av denne komposten, har mørkare blad enn dei andre. (Sjå foto frå Leikeplasshagen. Georginene er til høgre for trillebåra)

Tidlegare har eg også prøvd kompost frå det interkommunale renovasjonssselskapet IVAR , men den var på langt nær så god.

Det er best å henta tørr tang. Mykje lettare å bera. Du kan smuldra han opp og strø ut i beda. (Foto: Rolf Norås)

TANG OG TARE: Tørr tang og tare knuser du lett ved føtene (ha oppi ei murarbøtte/balje og tramp/hopp rundt) og med hendene (bruk hanskar). Så er det bare å strø utover.  Sundag la eg ut ein videoFacebooksida Margunnskjokkenhage.no som viser koss eg gjer det. Dermed fekk eg masse spørsmål om eg skyller taren før bruk, om han ikkje er for salt, om den kan brukast til alle grønsaker osv. Kort svart: Nei, nei og ja. Her kan du lesa meir, for dette har eg prøvd ut. 

Bar jord er ikkje bra for jordlivet. Her dekkjer eg med halm frå kalvegardar eg fekk frå ein bonde. Under ligg eit lag med lauv. (Foto: Jan Inge Haga).

HALM: Eg fekk også eit lass halm av bonden med rundballen, han hadde rensa det ut av kalvegardane og det passa godt for han å bli kvitt det. Det er meir næring i gras enn halm, og gras blir fortare omdanna til jord.

Halm som har vore dekke under kalvar. (Foto: Jan Inge Haga)

FLIS: Fyrste våren Leikeplasshagen vart anlagt (2017) dekka eg med flis under bærbuskane og frukttrea. Seinare dekka eg gangane og «tråkkplassen» på den høgre delen av Leikeplasshagen med flis (la papp og tjukke lag med aviser under for å kvela ugraset).  Eg fann nemleg ein haug kommunen hadde dumpa…

LAUV: Har ikkje nok frå eigen hage, så eg tek meg ei runde med rive, trillebår og sekker i nabolaget kvar haust…. Triveleg syssel på fine, seine haustdagar.

Det kreler med makk under halm, halvrotna lauv og nedbroten flis.

Eg får slik ei god kjensle av vera med på å gjera «avfall» om til jord. Jobben er det livet i jorda som gjer. Dei fortener å få godt stell, er du ikkje einig?

 

 



4 kommentarar om “Kva dekker du jorda med, og kor får du tak i det?”

  • Takk for en veldig informativ blogg, denne skal jeg lese ofte ?. Har en rundball til overs etter å ha fått tre av en bonde. Har vært usikker på hva som tåler jorddekke av den, nå skjønner jeg at jeg kan bruke den over alt – og det skal jeg jammen gjøre også ?. Tang skal også sankes. Jeg er en av dem som trodde at det kun var asparges som tålte tang. Kjekt med en hageblogg som forteller så konkret om hvordan vi kan gå frem i hagen. Takk ?.

    • Tusen takk for gode ord! Rundballar og tang medverkar verkeleg til god og levande jord. Har bare gode erfaringar med det. Tre rundballar, ikkje verst. Har du mange grønsaksbed?

  • Nei, foreløpig har jeg ingen grønnsaker. Fikk rundballene for å teste ut om jeg klarte å lage god, ugressfri jord på et område som skal beplantes, men som var fullt av skvallerkål og brennesle. Har lagt mye plantemateriale på området, så aviser og til slutt et tykt lag med rundballene. Er spent på hvordan det blir ?. Men har et par staudebed som jeg pleier å dekke med nedklipte planter,
    kompost eller hestemøkk, og har mange bærbusker og andre busker som det gror godt under av ting som helst ikke skal gro der, så fordeler den siste ballen på de plassene ?. Har planer om grønnsaker og flere bed, men har ikke kommet så langt enda. Etter å ha lest bloggen din lurer jeg på om jeg rett og slett kan lage bed der det har vært plen ved å grave bort gresstorven, legge på litt tang, hestemøkk og rundball og lage plantehull til nye busker og stauder gjennom dette. Tror du det kan fungere?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: