Ikkje noko veks så fort som squash!

Vil du kjenna deg som ein vellukka gartnar på kort tid, dyrk squash. Dei veks så voldsomt at du mest ikkje trur dine eigne auger. Dei har mangedobla storleiken sin sidan eg planta dei ut for tre veker sidan.
Eg er glad eg ikkje planta meir enn tre i den eine doble pallekarmen og to i den andre. For nå meir enn fyller dei plassen.

Kvar morgon kjem nye blomar, som på få dagar blir til hausteklare squash.

Med den veksten og den produksjonen, er det lett å forstå at dei treng godt med næring og vatn. Men ikkje gje dei for mykje nitrogen, då får du masse gedigne blad og ikkje så mykje frukt.
Mi erfaring er at masse kompost i jorda og tjukt jorddekke er tingen. Null gjødsel. Då tek dei opp den næringa dei treng når dei treng det.
Her kan du lesa kva som er min metode når eg fyller nye pallekarmar.
Eg sådde squashen i små potter den 20. april – innandørs, for å vera sikker på at temperaturen var minimum 20 grader til dei spirte. Straks dei så gjorde, flytta eg dei ut i drivhuset. Etter ei ompotting planta eg dei ut den 20. mai etter nokre dagar med herding. Les meir om det her: Gje graskar og squash ein god start.

Røttene er kjenslevare for uttørking, så i tørre periodar er det lurt å prioritera vatning av squash og andre i plantefamiliene “Cucurbitacae”: Agurk, graskar, vintersquash og melon.
Også desse veks fort.

Råd mot sneglar
Etter vekesvis med sol og varme, kom regnet i dag. Ti grader. Giss kven som kom fram? Sneglane.
Dei elskar squashblomar. Bare ta ein kikk! Derfor har eg ikkje planta dei på bakken/i bed i år, men oppi doble pallekarmar.
Plukk vekk blomane når dei visnar og fell av. Ikkje vits med lokkemat til sneglar..
Gule, grøne, kvite
I fjor dyrka eg sorten “Tapir”. Den kan eg trygt tilrå. Men i år ville eg prøva nye sortar: Mørkegrøne “Black Beauty”, gul “Goldy” og den kvite “Scallopini” med ein rund, underleg fasong.
Men hittil har både “Black Beauty” og “Goldy” levert mørkegrøne squash…. Eit mysterium… Eller kanskje “Goldy” blir grøn fyrst og så gul??
Har eg slurva med merkinga? Veksla om pottene?
Graskar

Graskara veks også godt. Dei vil helst ha godt med varme, og det har dei i alle fall fått hittil i år. Dei fyrste har sett blomar, og straks dei visnar, dannar det seg ei lita rund kule under. Ungane i gata er veldig spente på kor fort det vil gå før dei blir store.
Men nett nå ser det ut til at graskarplantene er meir oppteken av å skyta ut lange rankar, enn å produsera svære frukter.
Av dei 11 sortane me sådde, er det spagettigraskar, mammutgraskar og “Uchiki Kuri” (vintersquash) om hittil er dei største.