Smuldrepai med rabarbra, bringebær og kokos

Smuldrepai  med  rabarbra,  bringebær  og  kokos
Smak av sommar: Rabarbra, bringebær og kokos. Smuldrepai. (Foto: Margunn Ueland)

Eg har fått smaken på rabarbra. Kva meir kan eg laga enn suppe, graut og smoothies?

Eg slo opp i Ingrid Espelid Hovig si bok «Høstetid». «Rabarbra med kokos», det høyrdes godt ut. Ei kake der du la rabarbra med sukker i botnen av ei form og så eggedosis med kokos over. Den ville eg laga til helga!

Heldigvis var der ennå nok av stilkar å ta av, eg har vatna plantene grundig og lagt på tjukke lag med gras under, så nye veks stadig ut.

Nyplukka.

Mens eg rensa stilkane, finleste eg oppskrifta hennar:

  • 1 kilo rabarbra
  • 2 1/2 dl sukker
  • 3 ts maisenna
  • 2 egg
  • 1 dl sukker
  • 2 1/2 dl kokosmasse
  • 2 ss mjukt smør

Så mykje sukker! 3 1/2 dl! Sorry, Ingrid Espelid Hovig, sikkert godt, men det er meir sukker enn eg brukar på eit heilt år!

Nigella Lawson: «How to eat. The pleasures and principles of good food». Den mest underhaldande og lærerike kokeboka eg har lese. Kva skriv ho om rabarbra? Rhubarb Crumble, ja, det kan eg laga. Smuldrepai går fort.

  • 750 g rhubarb
  • 120 g selfraising flour
  • 90 g butter, cold and diced into about 1 cm cubes
  • 3 tablespoons light muscovado sugar
  • 3 tablespoons vanilla sugar (see below)

Ok, då var det bare å gå i gong. Men: Eg hadde jo kutta opp mest 1 kilo rabarbra.  Dessutan fekk eg lyst å blanda med bringebær, eg hadde att ein halv 300 grams pose i frysa.

Oppi med begge deler i ei eldfast form.

Sukkeret skulle strøast over. 3 ss vaniljesukker, det høyrdest mykje ut, måtte sikkert vera 3 ts, eg tok det.

Klissete fadese

Så var det sjølve «crumbelen», smuldregreiene: 120 gram mjøl – kvitt kveitemjøl, ikkje akkurat min favoritt. Det får halda med 100 gram (sjøl om eg har meir frukt i forma), så tek eg heller i litt kokos og havregryn…

Sidan det var mjukt smør som skulle brukast i Espelid Hovigs oppskrift, hadde smøret stått på kjøkkenbenken ein time. Ja,ja, eg brukar det.

Ikkje særleg lurt nei…..Der sto eg med smør-mjøl-kliss på heile hendene (godt eg hadde vaska dei grundig før eg gjekk i gang!) mens eg leste Nigellas tekst:

«There is something peculiarly relaxing about rubbing the cool, smooth butter with your fingers….».

Hah, hah! Eg skrapte av klisset med ein kniv og tømde oppi det eg hadde av kokosmasse og 1 neve havregryn. Nå blei det smuldrete – «a mixture that resembles porridge oats».

Smuldredeig av mjøl, smør, havregryn og kokosmasse.

Sukker med vanilje

Rart ho ikkje brukte meir enn 3 ss sukker – rabarbra er jo temmeleg surt– Eg sjekka oppskrifta. «See below»…. Vaniljesukker viste seg å vera vannleg sukker som hadde stått i ei glaskrukke med oppskåren vaniljestang. Det hadde jo ikkje eg. Så då skulle det vera 3 ss, ikkje 3 ts.  6 ss til saman. Heldigvis hadde eg Sukrin Gold, litt sunnare enn vanleg kvitt sukker.

«Cook for 25-35 minutes». Etter 35 minutt var smuldrepaien sprø og gyllen på toppen, men då eg stakk gaffelen nedi og smaka, syns eg rabarbraen ikkje var mjuk nok ennå.  Eg hadde jo meir frukt i forma. På med eit lokk av aluminumsfolie og inn 15 minuttar til.

Sommarkos

Så godt det lukta! Smaka godt også. Med iskrem til, sjølvsagt. Ei kosestund i sola på terrassen. Etter at både eg og fotograf Jan Inge Haga hadde forsynt oss, var der over ei halv form att.  Den fekk naboen som nett hadde levert fleire trillebårlass med plengras til Leikeplasshagen.

Slik blir då oppskrifta mi slik: 

  • 800 gram rabarbra
  • 200 gram bringebær (gjerne frosne)
  • 6 ss sukker, gjerne Sukrin Gold
  • 3 ts vaniljesukker
  • 100 gram speltmjøl/kveitemjøl
  • 90 gram kaldt smør i små kuber
  • 1 dl kokosmasse
  • 1 neve havregryn

Framgangsmåte:

  1. Kutt opp rabarbra i små bitar og legg i eldfast form (eg pensla forma med kokosolje) saman med bringebær og dryss over sukker og vaniljesukker.
  2. Smuldra smøret med fingertuppane med mjølet, spe med kokosmasse til det blir kornete. Ha det over rabarbraen og bringebæra.
  3. I omnen på 190 grader i 35 minutt, så 15 minutt til med lokk av aluminiumsfolie.
  4. Server med iskrem.

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: