Det blir nypoteter i juni!

Det  blir  nypoteter  i  juni!
I fjor tok eg opp dei fyrste potetene i starten av juli. Sort: "Arielle". Dei planta eg ut den fyrste veka i mai. I år planta eg ut midten av april. (Foto: Margunn Ueland)

Eg sjekka i dag. Grov vekk litt av det øverste jordlaget med hendene. Potet!  For nå kjem dei fyrste blomane på dei tidlegaste potetene, og då er det ikkje lenge igjen…

«Arielle» er fyrst ute. Koss har det gått med poteteksperimentet mitt? Er det framleis dei potetene eg planta med røter og blad har som kome lengst, eller er det dei eg bare sette rett  ned i jorda med små «museøyre»?

«Tjuvstart». Settepotet forgrodd i kasse med jord i drivhuset før utplanting.

Lenge låg dei forrota langt framføre i racet. Dei var ti centimenter høge før mens dei andre ennå låg i jorda, utan å visa teikn til vekst.

Forrota «Arielle» leia stort framføre vanleg forgrodd «Arielle». Foto frå den 11. mai av Margunn Ueland.

Men så! Sjå her! Dei sette på vanleg vis har fått skikkeleg fart på seg dei siste vekene og er nå ein god del større enn dei andre.

Nå er det potetene som vart sette på vanleg måte som er størst. (Foto teke den 8. juni av Margunn Ueland)

Har det med plantemåten å gjera? Eller kan det skuldast jorda? At ho er betre på den eine sida av bedet enn det andre? Nei, tvilar på det. Men sola kjem litt tidlegare på den venstre sida.

Så nå er eg spent på koss det ligg an under jorda. Må venta nokre veker før eg får svar…

Leikeplasshagen. Potetbedet fremst. (Foto teke den 8. juni av Jan Inge Haga).

Dei sju andre sortane i det store potetbedet i Leikeplasshagen er omlag like store, sjølv om eg planta dei ut ei veke seinare (13. vs. 19. april).  Dei fyrste som blømer der er «Van Gogh».

Potetbedet i min kjøkkenhage besto av porøs, god jord/mold med eit toppdekke av nedbroten sauemøkk.

Potetene i Leikeplasshagen vart sette i bed med masse organisk materiale.

Bedet på Leikeplasshagen var meir eit «lasagnebed» av jord nederst og masse tang og tare, gammal hestemøkk, grov kompost og halm øverst. Også kjøpekompost i den eine enden ut mot gata.

Kva tid eg veit når potetene er klare?

Det heiter seg at dei skal ha blomstra ferdig. Eg pleier å venta til dei har blomstra ei stund, og så haustar eg dei fyrste.

Her skal du få eit godt tips: I staden for å ta opp ein heil plante med «rubbel og bit», grev eg jorddekket til sides med hendene og sjekkar kor store dei øverste har blitt. Så plukkar eg dei store – legg dekket på att og let plantene veksa vidare.

Det er jo kjekt å henta inn nokre poteter om gongen, i staden for alle samstundes.

I fjor dyrka eg bare ein sort: Tidlegpoteta «Arielle». I år har eg også halvtidlege/halvseine og seine sortar, så då håpar eg på nypoteter både i juni, juli, august og september!

LES MEIR OM POTETDYRKING:

Slik dyrkar eg poteter utan spade og greip.

Endeleg kom dei opp,potetene!



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: