Kva gjer du med larvene på kål? Her er svaret. 8 tips

Kva  gjer  du  med  larvene  på  kål?  Her  er  svaret.  8  tips
Herleg med kål som ikkje er gjennomhola av sneglar og larver. Spisskål "Early Jersey Wakefield". (Foto: Margunn Ueland)
  1. Kom larvene i forkjøpet: Fjern egg før dei blir til larver. Sjekk undersida av bladene ofte. Sjå etter små gule, kvite eller grå I «perler» som ligg i ei klynge. Fjern dei, knip dei sund med fingrane.  I dag fjerna eg 15 slike eggklynger, dermed unngjekk eg rundt 150 larver…. Har du først fått larver, veks dei uhyre fort, og på null komma niks kan dei snaua kålplantene dine.
Aha! Larveegg.

2. Når du ser etter egg, sjå også etter larver og plukk dei vekk! Er der mange for eksempel på eit blad, plukk av bladet og kast det i bosset/varmkomposten. Eller gje det til hønene, om du er så heldig å ha høner.

3. Ja, det tek tid. Men du har vel ikkje ein svær åker? Ikkje gjer det til eit ork. Ta ein titt når du er ute på morgonrunden eller kveldsrunde. Sjekkar du for sneglar, sjekk samstundes for larver. Når du vatnar, huk deg ned og sjekk kålblada. Det same når du lukar. Og når du er ute og plukkar inn grønsaker. Det er jo kjekt å fylgja godt med koss det går, og gleda seg over koss det veks. Og jo finare planter, jo kjekkare er det.

4. Vær særleg OBS på dagar du ser dei kvite kålsommarfuglane flagra rundt kålplantene. Set dei seg ned under eit blad og blir sitjande der ei stund, kan du vera temmeleg sikker på at dei har lagt egg!

Plukk! Et! Ikkje vent! «Ragged Jack» til venstre, «Sukuma Wiki» til høgre. (Foto: Margunn Ueland)

5. Plukk blad ofte av grønkålplantene. Ikkje vent til langt utpå sommaren. Plukk litt av kvar plante heile sesongen!

6. Er mange blad angrepne slik at du må plukka vekk svært mange, gje planten litt ekstra vatn og næring – for eksempel eit tjukt lag gras/plenklypp. For to år sidan hadde me vanvittig med kålmøll her – svartkålen blei heilt gjennomhola. Då verka den strategien.

7. Å leggja fiberduk over plantene er jo eit alternativ. Men eg synes kålplantene er så fine, at eg ikkje vil gå glipp av synet.

Sprøytemiddel? Over mitt lik!

I Sverige og Danmark er eit biologisk middel i handelen, det er ikkje til sals i Norge/ikkje godkjent her til lands.

Svartkål. November 2017. (Foto: Margunn Ueland)

8. Eit siste tips: Dyrk mindre kål på denne tida. Vent til seinare i sesongen. Både grønkål, svartkål, rødkål, vinterkål, brokkoli osv likar seg eigenleg betre på kjølege og våte haustdagar enn i steikande sommarsol og kan jo stå ute heile vinteren i delar av landet. I alle fall her i Stavanger.  Utover hausten og vinteren er der ingen sommarfuglar!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: