Dei fyrste rødbetene er klare, nam, nam!

Dei  fyrste  rødbetene  er  klare,  nam,  nam!
Små, nyplukka rødbeter er så godt at du ikkje treng å gjera anna enn å skjera ei opp... (Foto: Margunn Ueland)

Så gøy! Rødbetene er nå så store som tennisballar og klare til å nytast. Ikkje alle, men dei største av dei fyrste eg sådde. Det er ikkje for seint å så! Her får du tipsa du treng.

Det var takka vera naboguten William (6) eg oppdaga at nå kunne rødbetefesten starta. Han kom heim frå skulen og ville vera litt i Leikeplasshagen før lekser og fotballkamp.

«Kva kan me eta nå?» er det vanlegaste spørsmålet ungane i gata kjem med når dei er der. Spanande å smaka mat rett frå beda.  Brokkolini tykte han var godt, men så oppdaga han ein stor brokkoli… Eg prøvde å fortelja at brokkolinien var endå betre på smak, men den store ville han ha. Mamma Marte Bøe måtte finna ein skarp kniv til guten sin.

William (6) tek eit stort jafs av brokkolien han nett har skore seg frå bedet til høgre. Løk veks bak i pallekarmane. Poteter og prydløk (lilla kuler). Prydløken er det William som sette i fjor haust. (Foto: Margunn Ueland)

Meir ville han hausta og smaka. Sidan Marte har fortald at ho likar så godt rødbeter, hadde eg fylt eit bed med det (same bedet der tulipanane står – grei kombinasjon).  Betene måtte tynnast, så kanskje William kunne dra opp eit par små som stod for tett … Men nei, sjølvsagt ville han ha den aller største..

Jammen var der ein raud knoll under dei røde stilkane. Rødbete! (Foto: Margunn Ueland)

Mora fekk æra av å smaka: Ho skrelte halve beten og skar av ei skive. «Sjekk den fargen, William!» Med ærefrykt putta ho biten i munnen, lukka augene, tygde og utbraut: «Utruleg god! Eg elskar rødbeter! »

Nabo Marte Bøe smakar på årets fyrste rødbeter frå Leikeplasshagen. (Foto: Margunn Ueland)

William syns det såg blodig ut, og var skeptisk til å smaka heilt til eg fortalde at han nok kom til å bli mindre andpusten på fotballkampen om han åt litt. Det er ikkje tull ein gong. Det er gjort vitskaplege forsøk med rødbetejuice som viser at det aukar oksygenopptaket.

Også William likte fersk, rå rødbete! «Nam, eg elskar rødbeter!» ropte han, klar for å smaka på nye grøder. Men nei, leksene må gjerast, og Marte traska heim med ein bunt rødbeter i den eine handa og William på slep i den andre.

Fire omgangar

Eg sår tett, tynnar og kosar meg med «babybetene». (Foto: Jan Inge Haga)

Eg nappa opp nokre små til som sto for tett, tok med meg bunten og skunda meg bort til eigen kjøkkenhage for å sjå om dei var blitt like store der. Det var dei!

Dei fyrste altså; – som eg hadde sådde i drivhuset i starten av mars og planta ut den 19. april. Tidleg såing og utplanting gjer at du risikerer at rødbetene går i stokk/blømer – og då blir ikkje sjølve betene gode å eta  – dei blir «treete». For å unngå det, hadde eg sådd sorten «Boltardy», som toler ein god del kjøl utan å gå i stokk.

Andre omgang sådde eg i slutten av mars og planta ut i slutten av april. Nyleg skreiv eg her på bloggen at rødbetene ikkje var klare, dei var ikkje større enn reddikar. Men det var desse! Eg såg ikkje forskjell, for blada var like store på både fyrste og andre sådd.

Tredje runde sådde eg rett ut her og der i starten av mai.

Den fjerde gongen sådde eg i ein såkasse i midten av mai. Planen er å planta dei ut etter at jordeplene (potetene) er tekne opp.

Ved å så litt til ulike tidspunkt, får eg ferske rødbeter fordelt utover lenger tid. Sår du alt på ein gong, blir jo alt ferdig på ein gong.

Eg sår og plantar rødbeter i klynger på ci 3 stk, så «tynnar» eg heller når dei veks seg til. Pass på, ikkje riv rødbeten rett opp, då riv du også dei to andre. Vri heller rødbeten rundt, så løysnar han og du nappar han lett opp.

Det var brødskivene sine, det! Brødet er «Bodils gode, lettvinte brød» som du finn oppskrift av her på bloggen. (Foto: Margunn Ueland)

Mattips

Små, nyplukka rødbeter er mykje betre enn du trur, – viss dei einaste rødbetene du har ete her i livet, er sylta rødbeter på glas eller store rødbeter som har lege i dagesvis i kjøledisken i butikkhyllene.

Den største den andre skar eg opp og hadde på nybakt brød med leverpostei. Med løkringar frå ein nyplukka løk – årets første!  Slik ung løk er nemleg ikkje skarp/sterk, men «mild» og «søt».

Resten skal eg eta som dei er. Når rødbetene blir litt større, skal eg finna fram råkostjernet og raspa nokre knollar saman med eit eple. Herleg med dressing av appelsinsaft og eit dryss chili.

Smakar godt både på brødskivene eller som råkostsalt til lunch og middag. Prøv då vel!

Rødbeter fyrste veka i juni er ny rekord. (Foto: Jan Inge Haga).

Ikkje for seint å så!

Har du ikkje rødbeter? Ikkje for seint å så!

Det fins mange ulike sortar å velja mellom, både runde og avlange («Forono» er ein bra sort), svært mørke på fargen og mindre mørke.

«Bull’s Blood» ser fantastisk fordi blada er  meir røde enn grøne. Men det blir ikkje rare betene. Her er det nemleg blada som skal etast. Mens dei er små. Har du sett i pakkar med «Mixed salat» – der er nokre grøne blad med mørkerøde nerver. Det er nok rødbetblad, ja.

I år blei eg frista til å la dei veksa vidare, – då mest for syns skuld. Dei rødlege blada pynta så fint opp rundt brokkoliplantene.

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: