Sjå, som det veks i grønsaksbedet!

Sjå,  som  det  veks  i  grønsaksbedet!
Fremst ser du rødbeter, innimellom er der stilkselleri. Dei grøne duskane er fennikel. Dei tjukke stilkane bak er løk. Bak der att, veks selleristang og ulike kålslag. (Fotos: Margunn Ueland)

Jøye meg, som det veks!  Men det var fyrst då eg tok ein kikk på bilete eg tok for fire, tre og to veker sidan, at eg blei slått av kor enormt fort det har gått! Her skal du få sjå kva som har skjedd i det sju meter lange grønsaksbedet framføre drivhuset mitt den siste månaden.

Rødbetene er sorten «Boltardy». Dei er ikkje klare til å haustast ennå. Men eg bør tynna. Kjekk jobb, for då kan eg eta dei små – rett frå jorda, med skalet på, så gode er dei. Nå er dei omlag så store som reddikar.

Rødbeter fotografert den 2.mai. (Foto: Jan Inge Haga)

Rødbetene forkultiverte eg (sådde i drivhuset i mars), men det går fint an å så dei rett ut i bedet nå. Eg pleier å så fleire omgangar rødbeter – andre omgang sår eg rett ut. Aldri har eg hatt eit einaste problem med rødbeter: Ikkje får dei sjukdom, ikkje skadedyr. Bare står der og veks mens dei pyntar opp med grøne blad og mørkerøde stilkar og dei sug opp gode mineralar frå jorda som kroppen din treng. Og proppa med antioksidantar! Bare tenk på den sterke rødfargen; du er rød på hendene lenge etter at du har skåre opp ein rødbete.

Fennikel og løk fotografert den 5. juni. (Foto: Margunn Ueland)

Fennikel har eg heller aldri hatt problem med. Dessutan ein nydeleg grønsak med dei frynete duskane. Eit år hadde eg ein plante i ei krukke som pynt på terrassen, slik at eg kunne nyta synet. I  bedet «druknar» dei litt i alt det grøne.  Mens eg ventar på at dei kvite, saftige knollane skal bli større, klypper eg inn litt «frynser» og har på brødskiver, i salatskål, over middagsrettar. Luktar og smakar lett anis.

Ung, fersk løk – ein delikatesse! Fotografert den 5. juni av Margunn Ueland.

Også saftige bitar av løkstilkane har hamna i omelettar og wokrettar. Heller ikkje lenge før eg plukkar inn ein ung løk eller to.

Spisskål «Early Jersey Wakefield» fotografert den 5. juni av Margunn Ueland.

Bak løken veks ulike kålslag. Spisskålen «Early Jersey Wakefield» har alt teke til å «spissa seg». Eg dyrka også den i fjor, og vart veldig godt nøgd.

Brokkolinien har eg alt ete opp. Den gjekk fort i blom- massevis av små, gule blomar – fine som pynt både i bedet og i salatskåla. Men på sundag reiv eg han opp – og planta ut gulerøter i staden.  Tre av barnabarna mine hadde sådd gulerøter i mjølkekartongar i påska, som sidan har stått i ein kasse på terrassen.  Eg grov eit djupt hol i bedet, skar av botnen på mjølkekartongen og skar opp den eine sida på kartongen. Så sette eg heile greia oppi holet og drog opp pappen. Dermed var små gulerøter på plass i bedet.

Her blir brokkolien fort oppeten! (Fotografert den 5. juni av Margunn Ueland)

Brokkolien leverer også: Utruleg så mykje betre nyplukka brokkoli smakar enn den du kjøper i butikken. Så god at han ikkje treng å kokast! Som regel blir han eten opp på veg frå hagen til kjøkkenet – sjølv om avtanden bare er ti meter…

Knutekålen er den artigaste i kålbedet – då tenkjer eg på utsjånaden. I starten gjekk eg og kikka på stillkane og blada og lurte på om dei ikkje snart ville setja knollar. Plutseleg ein morgon var nokre små knollar der som sidan bare veks og veks.

Knutekål. Tenkte det var kult med ein lilla sort, sidan dei du får kjøpt i butikken som oftast er lysegrøne. (Fotografert den 5. juni av Margunn Ueland)

Men ingen slår grønkålen når det gjeld produktivitet! Den leverer og leverer og leverer. Svære blad. Eg plukkar av nokre av kvar plante som eg brukar i smoothiar, juice, salat og middagsrettar (f.eks. i wok).  Få dagar etterpå er planten minst like stor.

Sorten eg har i dette bedet er den russiske «Ragged Jack».

«Ragged Jack» til venstre, «Sukuma Wiki» til høgre. (Fotografert den 29. mai av Margunn Ueland)

Mesteparten av det eg nå har vist deg, forkultiverte eg i drivhuset i mars.

Tenk dette er bare tre månader sidan! Her spirer to sortar grønkål, to sortar brokkoli, knutekål og spisskål. (Foto: Jan Inge Haga i starten av mars)

Utplanting skjedde den 19. april. (Fyrste gong eg har planta ut så tidleg).

Utplanting den 19. april. Fremst: Knutekål. (Foto: Jan Inge Haga)

Dette biletet vart teke den 11. mai:

Nabojenta Sofie leikar på plenen ved sida av grønsaksbedet. Til venstre knutekål, spisskål, brokkoli og grønkål (øverst i bedet). Bak ser du løken og bak den att, rødbettene. Det lysegrøne mellom kål og løk er selleristang. (Foto: Jan Inge Haga)

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: