Rabarbrasmoothie? Javisst! Både rød og grøn!

Rabarbrasmoothie?  Javisst!  Både  rød  og  grøn!

Ho-ho! Her om dagen oppdaga eg ein karaffel kald rabarbrasuppe i kjøleskapet då eg skulle ta ut nokre opptinte skogsbær som eg skulle ha på frokosttallerkenen med havregryn, kefir og valnøtter.

Lurer på om ikkje det hadde blitt ein god smoothie i staden, tenkte eg.  Mange brukar jo bær i rabarbrasyltetøy, grøt og suppe, så kvifor ikkje? Jovisst blei det godt!

Neste dag plukka eg med meg bunt grønkål på morgonrunden i hagen (den glattblada sorten «Ragged Jack»). Grønkål smakar godt i smoothie saman med eple og sitron.  Men, ingen fleire epler i fruktskåla, og ingen sitron. Bare ein kvart lime, 1 kiwi og ein banan som tok til å bli temmeleg brun..

Rabarbrasuppa! Den er jo både syrleg og søt! Den kunne vel erstatta epler og sitron!

Smokk, det smakte også godt!

Rabarbrasmoothie med skogsbær.

Her er oppskriftene:

Rød rabarbrasmoothie med bær:

  • 3 dl skogsbær
  • 3 dl rabarbrasuppe
  • 2 dl kefir
  • 10 valnøtter
  • 1 neve havregryn
Grøn rabarbrasmoothie med grønkål.

Grøn rabarbrasmoothie med grønkål:

  • 3 dl grønkål
  • 3 dl rabarbrasuppe
  • 1 kiwi
  • 1/2 banan
  • 1 dl vatn
  • 1 neve mandlar
  • Juice frå 1/4 lime

Dermed segla den opp som min andre grøne favorittsmoothie for tida ved sida av «Tropisk kokolime».

Også juice

Då må det også gå an å juica rabarbra, tenkte eg, og måtte sjølvsagt prøva det straks. Eg brukte tre stilkar rabarbra, seks store blad grønkål (med stilkar) to koppar vatn og så spedde eg med god kjøpejuice av pære. Så nøgd eg vart! Skeptisk? Nei, eg serverte digre glas til son min som ikkje akkurat er nokon helsefreak, og han likte det.

MEN: Masse fiber i både rabarbra og grønkål, så eg måtte stoppa og rensa slowjuicaren min halvveges. Går nok lettare i sentrifugejuicar.

Sunt og lettvint

Jo, det blir mykje smoothies om dagen, men det er så godt og så fort å laga, ypparleg til eit lite raskt måltid i sommarvarmen! Og super måte å få i seg masse frukt og grønt på.

Eg brukar nøtter oppi, av tre grunnar: 1. Meir næring. Både sunne fettsyrer, protein og mineralar. 2. Blodsukkeret held seg jamnare over lenger tid. 3. Betre opptak av vitaminer og mineralar i frukt og grønsaker når du samstundes får i deg sunt fett.

Og sidan sist – dvs. då eg laga rabarbrasuppe og graut, har eg funne ut at rabarbra inneheld både A-vitamin, K-vitamin og B-vitaminar, pluss mineralar som jern, kalk, fosfor, sink, kalium og masse fiber (godt for tarmane).

Nå er dei borte vekk. (Fotos: Margunn Ueland)

Nå har eg kutta ned dei svære blomestilkane på rabarbraplantene (var i ferd med å blomstra av), gitt dei ein grundig omgang med vanneslangen og eit tjukt jorddekke av gras, så nå håpar eg på mange nye stilkar før midsommar!

Rabarbraen planta eg i fjor vår på ein haug med nedhogde kvistar frå Leikeplasshagen med MASSEVIS av kompost oppå.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: