Prøv tropisk kokolime!

Prøv  tropisk  kokolime!

Grønkålen har grodd enormt fort dei siste vekene. Blada både på den russiske «Ragged Jack» og den kenyanske «Sukuma Wiki» har blitt svære. Nå gjeld det å plukka og plukka,  for nye veks ut heile tida. Så nå blir det masse grøn smoothie framover!

Det så tørt ute, at det er greit å ta inn dei største blada slik at dei ikkje fordampar for mykje vatn.  Dessutan ser eg kvite kålsommarfuglar flagrar rundt – dei legg bittesmå gule egg under blada, som så blir larver. Har ikkje hatt noko larveproblem hittil i år, heldigvis, – men greit å forsyna seg før eventuelle larver gjer det…  Eg pleier å ta ein sjekk under blada i ny og ne. Finn eg egg, bare knip eg dei sund mellom fingrane. Eg vil ikkje legga nett eller fiberduk over kålen, for eg synes dei er så vakre!

«Ragged Jack» til venstre, «Sukuma Wiki» til høgre. Det er ikkje larver som har gnaga på det fremste bladet, det er eg….

Både «Ragged Jack» og «Sukuma Wiki», er glattblada sortar, som eg synes er mildare og søtare på smaken enn den vanlege, krusete nordiske sorten.

I denne steikande sola, tek eg ein smoothie både titt og ofte i staden for å stå på kjøkkenet og koka og steika.

Her får du oppskrifta på ein forfriskande smoothie med tropisk vri.  Eg miksa denne av det som låg i fruktskåla på kjøkkenbenken. Og i kjøleskapet hadde eg litt stivna kokosmjølk – restar frå thaiwok tidlegare i veka.

Grønkål er også godt i wok, saman med for eksempel løk, gulrot, rød paprika, ingefærrot, grøn karripaste, kokosmelk og ei boks røde kidneybønner.

Her er oppskrifta på GRØN KOKOLIME:

  • 1 stor neve grønkål (skjer vekk stilkane)
  • 1 banan
  • 1 appelsin
  • 2 ss kokosmjølkkrem/stivna kokosmjølk
  • Juice frå 1/4 sitron og 1 lime
  • 1 lite stykke ingefærrot, ci 1 cm, meir om du er glad ingefær. (Smoothien blir også god utan ingefærrot. Bruk viss du har. )

Ha i ein god blendar, kjør til alt er knust og godt blanda. Kos deg!

Det går fint å frysa rå grønkål, du treng ikkje forvella. Har du nokre grønkålplanter, får du nok til grøne smoothiar heile vinteren!



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: