Jammen blei det både rabarbrasuppe og rabarbragraut

Jammen  blei  det  både  rabarbrasuppe  og  rabarbragraut
Nå skal det bli dessert! (Fotos: Margunn Ueland)

Omsider skjedde det. Eg bestemte meg for å kutta inn nokre stilkar av rabarbraen for å laga suppe og graut. Det gjorde alltid mor i min barndom. Dessert kvar dag, fekk me.

Grunnane til at rabarbraen har fått stå i fred til nå er to: 1. Eg synes dei er så staselege at eg ikkje har hatt hjarta til å øydeleggja synet.  2. Rabarbra er jo veldig surt.. og då må det brukast mykje sukker… Kvitt sukker er noko av det siste eg tek i min munn – eg er jo ernæringsstudent…

Rabarbra i blom. For eit syn! Og dei gedigne blada! (Fotos: Margunn Ueland)

Men, men, kan ikkje vera for streng. I alle fall ikkje når det er snakk om rabarbra og gode sommarminner…

Nyplukka.

«Åh, rabarbrasuppe er noko av det beste eg veit!» sa mannen min då eg kom med famnen full av kraftige stilkar. Klart han måtte få suppe!

Fram med den gamle kokeboka. 1 del sukker, 7 dl vatn og 1/2 kilo rabarbra til suppe. Det var jo ikkje så gale!

Rabarbraskrell-krøller.

«Skrell den hvis den er grov», sto det. Eg skrelte, og kosa meg med synet over koss det krølla seg i grønt og raudt.

Så var det bare å koka opp sukkeret og vatnet, ha oppi skrelt og oppkutta rabarbra og koka til rabarbraen blei mør. Tok ikkje meir enn vel 5 minuttar.  «Easy-peasy». Deretter røra ut 1 ss potetmjøl i litt vatn og hella det i gryta i ei  fin stråle mens eg rørte til det koka opp.  Dett var dett!

Mannen min ville ha suppa varm (ikkje kokande varm), slik som då han var liten.

Herleg, tykte han. Jo, det var ganske godt..

Resten sette eg til avkjøling og brukte som saus på ei stor skål med iskrem.. Det var skikkeleg godt, ja!

Fargemysteriet

Fargen blei ikkje raud som eg trudde, men grøn.

Raude nederst, grøne lenger opp.

Hmm. Kunne det vera at dette var ein sort rabarbra med lite farge? Eller var det fordi eg hadde plukka inn dei største stilkane? Ut med kniven att og kutta av nokre yngre og raudare stilkar.

Meir raudt på desse stilkane.

Graut og endå meir suppe

Ny runde med grytene. Ei lita til graut og ei stor til suppe. Det var trass alt farmor til naboungane som hadde kome med rabarbraplantene i fjor vår då me laga Leikeplasshagen. Så klart dei måtte  få litt suppe. Og Arnfinn som hadde vore så grei å byggja bringebærstøtter.

Graut var like lett å laga som suppe, det var bare å bruka mindre vatn og meir potetmjøl. Etterpå må han stå og kjøla seg av og stivna. Då har me dessert i morgon også. Må kjøpa kremfløyte!

Men raud blei korkje grauten eller suppa. Bare litt meir gyllen og mindre grøn enn den fyrste eg laga.  Men denne gongen skrelte eg ikkje stilkane med raudt på.

Nykokt rabarbragraut til avkjøling.

Her er oppskriftene:

RABARBRASUPPE

(Til 4 personar)

  • 1/2 kilo rabarbra
  • 7 dl vatn
  • 1 dl farin
  • 1 ss potetmjøl

Framgangsmåten har eg alt forklart i teksten tidlegare i innlegget.

RABARBRAGRAUT

(Til 4 personar)

  • 1/2 -3/4 kilo rabarbra
  • 4 dl vatn
  • 1 dl farin
  • 21/2 matskeier (ss) potetmjøl

Vask rabarbra og skrell viss han er grov. Skjer i små bitar. Kok opp vatn og farin. Legg i rabarbra og la han koka mør. Rør ut potetmjølet i eit par skeier med kaldt vatn. Tilsett jevninga i ei fin stråle under omrøring. Grauten skal bare få eit oppkok. Server grauten avkjøla eller kald med mjølk eller fløyte.

Mat også av blada..

Kva eg gjorde med dei store, grøne blada? I komposten, sjølvsagt, gissar nok du. Ja, den eine halvparten hamna der, den andre kutta eg opp og la under dei nyutplanta graskara. Må sørgja for mat til meitemarkane, veit du.

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: