Slik lagar du solid støtte til bringebæra

Slik lagar du solid støtte til bringebæra

Planta kan eg, men ikkje snekra. Bringebæra eg har planta i Leikeplasshagen vil trengja støtte etterkvart som dei veks seg høge. Me vil jo ikkje dei skal blåsa ned!

Ingen av naboane følte seg kalla heller. Eg spurde Arnfinn, mannen til syskenbarn Grete. Arnfinn kan det meste og fiksar det meste. Så glad eg blei då han sa ja! For når han har sagt ja, kan du vera sikker på at ting blir gjort, og det skikkeleg. Og det straks!

Sjå her koss han gjorde det, kva han brukte og kva det kosta.

Bringebærhekken var ti meter lang, så me fann ut me trong fire store støtter (galger, kalla Arnfinn dei) ein i kvar ende og to i mellom – slik at dei blei ståande med vel 3 meters avstand.

Materialet var impregnert tre – dimensjon 36×68 mm.

Dei fire stokkane som skulle stå loddrett (opp-ned) var to meter lange og Arnfinna spissa dei nederst.

Så lange var dei, fordi han gravde dei  ein halv meter ned  i jorda for å vera sikker på at byggverket blei stødig.

Denne mannen har gravd før.. Han brukte ei grøftespade.

 

Holet er ein halv meter djupt.

På tvers av den lange stokken skrudde han fast to “fjøler” av same materiale. Den nederste 75 centimeter over bakken, den øverste 150 centimeter over bakken. Den nederste fjøla var 60 centimeter brei, den øverste 70 centimeter.

Arnfinn brukte treskruer/verandaskruer (rustar ikkje) til å festa tverrfjølene med. Tre skruer på kvar.

 

I enden av tverrfjølene bora han hol.

Så stakk me stålvaeier (med plast) gjennom hola, og trekte denne rundt heile greia slik at bringebæra får støtte på kvar side, både nede og oppe.  Vaieren festa han i endestokkane med krokar – fordi det var det han hadde, men han tilrår å bruka “øyenskruer”.

Dette er ein “strekkfisk”.

Det er også kjekt å ha ein “strekkfisk” i enden av kvar vaier slik at han kan etterstramast, sa Arnfinn og fekk det på plass.  Han brukte også vaierlås.

Vaierlås.

Stålvaier, strekkfisk og vaierlås kosta til saman rundt 800 kroner. Stokkane kosta rundt 20 kroner pr. meter.

Ferdig! Magne Arnfinn Botnan har vore med på å motert stålbruer, så eg har god tru på at dette er stødige støtter!

Eg syns det blei flott! Kva skulle eg ha gjort utan Arnfinn!

Ikkje så store ennå, men bare veks! Nå er alt klar!

Sånn, nå kan bringebæra bare veksa! Dei fleste “pinnane” eg planta i starten av mai har nå fått grøne skot. Eg er spent på kor store dei blir dette fyrste året. Bær får me neppe før til neste år.

LES OGSÅ:

Bringebær! Hurra, nå har eg planta bringebær!

Råsunn bringebærkake



3 kommentarar om “Slik lagar du solid støtte til bringebæra”

  • Hei Margunn!
    Flotte støtter. Men – jeg har hørt at impregnert tre ikke skal brukes til matvekster, for de er jo satt inn med noen veldig giftige stoffer. Jeg har også laget støtter, men ikke så proffe! Jeg fikk anbefalt å bruke gran – det holder lengst utendørs. Og så brukte jeg stolpesko.
    Takk for en kjempefin blogg!

    • Hei igjen Yngvild! Her får du skikkeleg svar. Har sjekka med Arnfinn som seier dette: Stolpane Arnfinn brukte er slike grøne produkt som er er svanemerka. Av furu. Gran rotnar fortare enn furu. Før var impregnert tre sett inn med giftige stoff som kreasot, krom og arsenikk. Det er det nå slutt på, det blei forbode. I 2004 kom det nye reglar om at alle produkt måtte vera “grøne”. Nå brukar ein såkalla grøne stoff som kobbarsalter. Det vil vera ei viss avrenning frå det, men det er marginalt og vil ha svært begrensa innverknad på jordsmonnet. Men di løysing med stolpesko er endå betre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: