Slik slepp du å vatna og luka

Mest ikkje til å tru: Me har bare hatt skikkeleg regn ein dag i heile mai. Steikande sol dag etter dag og temperaturar over 20 grader. Likevel veks grønsakene som bare det utan at eg har måtta vatna skikkeleg meir enn ein gong. Og dei største beda i Leikeplasshagen har eg ikkje vatna i det heile teke. Koss er det muleg?

Her er svaret:
- Jordekke, jorddekke, jorddekke.
- Mykje organisk materiale innblanda i jorda (grov kompost, lauv, gammal hestemøkk, tang og tare).
- Det eg planta ut i solskinet i mai, vatna eg grundig under planting. Ikkje overflatevatning, men masse vatn i planteholet. Ikkje bare ein skvett, men ei heil vannekanne på ti liter til grådige planter som georginer og graskar og omlag ei halv kanne til mais, tomat, sommarsquash (kunne gjerne brukt meir, men det tek si tid å slepa att og fram på vannekanner, ingen slange rekk bort til Leikeplasshagen).
Kva dekker eg med, og koss får eg tak i det?
- Begge naboane mine som har plen og ikkje robotklyppar (heldigvis!) leverer to-tre trillebårlass til Leikeplasshagen kvar gong dei klypper.
- Eg ringde også ein bonde eg kjenner og spurde om han hadde ein skjemd rundballe med gras eg kunne få.
- Det tredje eg brukar, er grov kompost.

Jorddekke held på fukten i jorda- gjer at mindre vatn fordampar. Skilnaden er stor på bed med og utan: Eg har prøvd. I dei utan jordekke og kompost blei det knusktørt på kort tid.
Der eg har måtta vatna mest, er sjølvsagt i dei beda kor eg var seint ute med å leggja på gras, og der eg bare hadde nok til eit tynt lag.
Så hallo, viss nokon har plengras i nærleiken, kom med det!

Jordekke har også andre fordelar:
- Du slepp å luka.
- Det gir næring til plantene.
- Jorda i bedet blir betre: Du “matar” meitemarkane og alle andre små kryp, bakteriar og soppsporer som gradvis omdannar graset til den beste mold. Jo meir meitemark og jordliv, jo meir næringsrik og porøs jord får du. Slik får du også meir jord, du byggjer oppover, slik at du får djupare bed. Plengras blir brote ned fort, så her gjeld det å fylla på jamnt og trutt gjennom heile sesongen.
LES MEIR OM KOPMPOST, VATNING OG UTPLANTING:
Gje graskar og squash ein god start!
Eg lagar nye bed og testar kompost
Hei, takk for inspirerande blogg! Eg lurer på kva erfaring du har med sneglar og plenklipp som jorddekke? Eg har høyrt at dette skal være ein favorittplass for sneglar?
God kveld! Så glad du synes bloggen er inspirerande! Jorddekke: Jo, er nok meir sneglar i bed med jorddekke og utan. Hadde mange sneglar i fjor, men det var nok ikkje minst fordi det var så vått. Ikkje problem med sneglar i bed med jorddekke i år (kald vinter og varm og tørr mai). Pga sneglane let eg nokre av beda vera utan jorddekke denne våren. Det førte til at dei blei knusktørre i solsteiken. Så der har eg måtta vatna. Derfor har eg lagt på gras der også nå.