Gje graskar og squash ein god start!

Gje  graskar  og  squash  ein  god  start!
Masse kompost, masse vatn og stor plass med masse sol er det graskara treng. (Foto: Margunn Ueland)

Alle 14 graskarplantene har eg nå planta ut. Eg brukte mest ein heil dag på det! For det er viktig å gje dei ein god start for å lukkast.  Graskar (graskar og vintersquash, i Norge seier me bare graskar) treng mykje næring og vatn.  Hugs dei skal bli store planter med svære blad, lange ranker (3-5 meter på dei største sortane) og svære frukter!

Då nyttar ikkje bare å slengja på ein neve med gjødsel.

Slik gjer eg det:

SÅ: Alvin (5), Malene (3) og eg sådde i midten av april.  Dei sto inne på badet slik at dei hadde temperatur på rundt 25 grader til dei spirte. Straks dei hadde spirt, flytta eg dei ut i drivhuset. Nokre  spirte ikkje, så då sådde eg på ny eit-par veker etterpå.

SORTAR: Me sådde 11 sortar. Kva for nokre og kor store dei blir, kan du sjå her: Stor spenning! 11 sortar graskar, koss vil dette gå?

Alle spirte utanom «Baby Bear».

MERK: Hugs å merk kva du har sådd, slik at du skil små og store sortar frå kvarandre. Sår du også squash (sommarsquash/zucchini/courgette), er det ekstra viktig, ellers får du problem med å skilja dei frå kvarandre. Dei tilhøyrer alle den same familien og unge planter ser nemleg mest heilt like ut!

Slik såg graskarplantene ut den 11. mai. Dei største du ser fremst, er Uchiki Kuri. Dei får ikkje store frukter, men planten var nok størst fordi den spirte aller fyrst. (Foto: Jan Inge Haga)

OMPOTTING: Graskar veks fort, så alle potta eg om minst ein gong før utplanting. Dei største sortane planta eg om to gonger – slik at dei kvar gong fekk ei større potte. Eg gav gjødselvatn dei siste to vekene før utplanting.

 

Den 19. mai var graskarplantene blitt så store. (Foto: Margunn Ueland)

HERDING: Dei siste 3-5 dagane før utplanting herda eg plantene. Det vil seia at eg vende dei gradvis til utelivet og unngå å bli svidde i sola.  Altså set eg dei fyrst i skugge, så i halvskugge, så gradvis meir sol.  Fleire og fleire timar ute om gongen.

TIDSPUNKT: NB! Det er best å venta med utplanting til du kjenner deg nokonlunde trygg på at temperaturen både dag og natt ikkje vil vera under ti grader. Sjekk langtidsvarselet!  Det er vanskeleg å vera heilt sikker, men 8-9 grader på morgonkvisten går greit.

Skulle temperaturen blir lågare enn meldt, kan du leggja over fiberduk.

Klare for utplanting. 21. mai. På merkepinnen til venstre står det Alvin. Alvin har sådd dette mammutgraskaret. Det skal bli det største. Til høgre turbangraskar som eg er veldig spent på. (Foto: Margunn Ueland)

VAL AV PLASS:

Graskar treng stor plass og mykje sol. Graskar som skal få rankar på 3-5 meter og frukter på 3-10 kilo, planta eg under frukttrea i Leikeplasshagen, slik at dei får plass til å breia seg.

Mindre graskar som får ranker på 1-3 meter og frukter på 1-3 kilo, fekk eit eige bed.

To trillebårlass med kompost gjekk med til utplanting av 8 store graskar under frukttrea. Fremst: Rabarbra. (Foto: Margunn Ueland)

UTPLANTING:

Eg grev ei stor grop. Så tømer eg i ei bøtte med kompost  som eg blandar med jorda i gropa. Så heller eg på ei stor vannekanne med vatn (10 liter). Let vatnet trekka ned, før eg set planten oppå og lagar ein «ring rundt» (sjå foto). Tømer på ny kanne med vatn. La vatnet trekka ned.  Deretter toppar eg med ei til bøtte med kompost.

Heilt til slutt dekker eg med gras (eg er så heldig at eg har fått tak i ein gammal rundballe) – du kan også bruka plenklypp eller høy eller halm. Poenget er å dekka jorda slik at vatn ikkje fordampar. Dekket blir også gradvis omdanna til næring og er godt for livet i jorda (makkar, soppsporer, bakteriar osv).

Eg hadde gjort klart ei grop nokre veker tidlegare ved å grava ned eit spann «Bokashi-kompost» (fermentert matavfall). I den gropa krelte det nå av makk. Dessverre hadde eg ikkje nok Bokashi til alle.

Men eg er glad for at eg alt i fjor haust dekka jorda med lauv, i februar med eit lag halm.  Jorda i dette bedet på Leikeplasshagen er nemleg ikkje til å skryta av, mykje grus og litt leire.

Dei mindre sortane med graskar gjekk det fort å planta, for dei fekk plass i eit eige bed som eg både i fjor haust og i vår hadde proppa med kompost, lauv, gammal hestemøkk og litt tang og tare.  Også dei fekk godt med vatn og eit tjukt dekke av gras.

Sommarsquashen skal få veksa i pallekarmar i år. Bak ser du nyutplanta mais. (Foto: Margunn Ueland)

SQUASH

Det same gjeld for squash (sommarsquash/Zucchini/Courgette). Dei får rett nok ikkje så store frukter som graskar, men for ei mengd! Me plukka squash mest annankvar dag i fjor.

Squashen har eg planta i to doble pallekarmar proppa med kompost, og dekka med gras.

To av sorten «Black Beauty» i den eine (mørkegrøn squash). I den andre: To gule «Goldy» og ein kvit «Scallopini» med ein rund, underleg fasong (ser mest ut som ein Ufo..) Skal bli spanande å sjå koss dei blir. Har bare dyrka grøne sortar før.

I fjor hadde eg «Tapir», den var eg svært nøgd med. Fin plante (blei ikkje for svær), litt sølvspettete blad, grøn squach med smale, tynne striper. Pluss at sjølve squashen var god på smak.

 

 

 



4 thoughts on “Gje graskar og squash ein god start!”

  • Men korleis greier du å lage så mykje kompost? Eg brukar alt eg har, og alt eg kan få av andre, til jorddekke direkte i beda, og har reint for lite. Kan du ikkje skrive eit innlegg om kompost?

  • He, he… No ser eg at du har skrive om kompost tidlegare. Det var eit godt innlegg, forresten. Sikkert lurt å bruke varmkompostbingen slik du gjer. Eg har aldri hatt hageavfall i den, men no har eg begynt med bokashi, så då er der ledig plass.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: