Kven er vakraste i hagen her?

Vil du ha eit-par tonn epler og nydeleg bløming med svært liten innsats? Det vil i alle fall eg! Her får du også tips om kva som er fint å planta under frukttre.
Er det ikkje nydeleg? Epletreet “Discovery” du her ser, planta eg hausten 2016. Eg spadde opp to digre stauder (nøkketunger) for å få plass. Eg var nemleg komen fram til at eitt epletre, det var altfor lite, så stor glede eg har av gamle “Summerred” som eg planta då dotter mi var lita.
Her ser du “Summerred” i full blom, fotografert av min gode nabo Rolf Johansen:

Eg skulle gjerne ha visst kor mange kilo eg har hausta frå dette treet.. 50 kilo i året dei siste 20 åra? Altså over 1000 kilo! Forstår du? Plant epletre! Og få den vakre bløminga i tillegg. Og dei vakre fruktene.
Uhyre lite arbeid i forhold til alle gledene du får: Plant, bind ned greinene, beskjær minimum ei gong i året, tynn eplekarta og plukk, kos deg, plukk, kos deg, plukk, nam, nam, nam. Sprøytefrie, solmogne, røde, saftige.. Mmmmm!
Plant helst to, det gir meir frukt. “Discovery”, “Katja” og “Aroma” passar godt i lag og alle er svært gode på smak. Derfor har me planta desse tre i Leikeplasshagen tvers over gata.

Nå gjeld det å nyta synet av eplebløminga før det er over:

Eg har planta stauder under både dei to epletrea og dei to plommetrea som veks til høgre for “Discovery” (planta også dei hausten 2016).

Eg er nøgd med valet av blå forglemmegeisøster – ei tue med ei blå sky av små, himmelblå blomar passar godt under dei kvite epleblomane.
Under det gamle epletreet har eg også gulveis (blømer i april) og ulike typar storkenebb (som blømer frå midten av mai og i juni). Nokre rosa tulipanar stikk også opp nå (tidlegare på våren blømde gule og kvite påskeliljer).

Mellom “Discovery” og nærmaste plommetre veks Løytnantshjerte . Til venstre for “Discovery”, pinseliljer og rosa/blå lungeurt som blømer i april og mai. Også løytnantshjerte og lungeurt likar skuggen trea gir. I februar og mars blømer klosterklokkene.
Ikkje gjennomtenkt var plasseringa av bergblom som du her ser:

Eg planta han her ein haustdag fordi det var den einaste plassen som var ledig den dagen eg kom heim med den frå ein hage som skulle steinleggjast…
Nå står han står der og skrik med sine sjokkrosa blomar: Sjå på meg, sjå på meg, ikkje bare sjå på epletreet!
Les meir om staudebedet om våren:
Sjå også:
Hei, ønsker meg innlegg der du beskriver hva du gjør med epletreet. Når og hvordan tynne blomster, beskjære og binde ned grener. Gjerne med bilder. Jeg plantet tre frukttrær i fjor og har ikke gjort noe med dem enda. Siden Akershus nord ligger litt etter med klimaet så har jeg litt tid på meg etter dine innlegg. Takk for mye nyttig informasjon, jeg følger mange av dine råd.
Tynnar ikkje blomane, vent til det har blitt bittesmå kart – så tynnar du. Tenk at kvart kart skal bli eit eple, og at det treng plass til å utvikla seg.