Nå har tomatplantene blitt heilt galne!

Nå  har  tomatplantene  blitt  heilt  galne!
Tomatplantene har fått kome over i kassane kor dei skal stå resten av sesongen. Dei i pottene til høgre, Noire de Crimèe, skal plantast ut. Foto: Margunn Ueland den 19. mai.

Som dei veks! For ein skilnad på kort tid! Sjå bare på bileta frå 18. og 19. mai samanlikna med 11. mai.  Nå har alle som skal veksa i drivhuset fått plass i kassar som rommar 35 liter jord og 10 liter vatn. Her får du tips om planting og stell.

Får nok ikkje plass til alle nei, skal også ulike sortar agurk, chili og melon få veksa her..

Nei, eg får ta sjansen på å planta ut fleire av tomatplantene.  Ut skal i alle fall  4 «Noire de Crimée», – eg kjøpte dei fordi det står frilandstomat på frøposten.  Dei skal bli store og mørkerøde, mest svarte. (Sådde dei 9. mars). Sorten kjem frå Krim i Ukraina.

Samanlikning

2 «Principe Borghese» (plommetomat), 1 «Brandywine» (bifftomat) får fylgja med ut på grunn av plassmangelen.  Blir spanande å sjå koss det går med dei samanlikna med dei av same sort som får stå i drivhuset.

Ut skal også 5 små «frilandstomat frå Randaberg» (fått frø frå ein ven).

Godt herda

Eg har hatt dei ståande ute på dagtid i minst ei veke nå, og teke dei inn på kjølege netter. Natt til i dag (laurdag 19. mai) og natt til sundag 20. mai skal bli dei siste med temperaturar under ti grader i fylgje langtidsvarselet. Derfor blir det utplanting på sundag!  Som eg gledar meg!

Dei har også måtta venja seg til etter måten låge temperaturar i oppveksten i drivhuset. Dei var bittesmå då eg flytta dei ut der.

Har gjort klar bed med masse heimelaga kompost. Eit tjukt dekke av gras frå ein gamal rundballe skal dei også få.

Tomatgjengen fotografert den 11. mai av Jan Inge Haga.

Mens eg har venta på det rette vêret, har eg eksperimentert med pottestorleiken. Og ja, dei som har stått i dei største pottene har blitt størst.

Eg er også stolt over at stilkane/stammene er så tjukke og sterke at dei står oppreiste sjølv utan støtte. Er nok fordi dei tidleg fekk mykje lys og lite varme..

5 sortar i drivhuset

Dei som skal halda til i drivhuset, har eg planta i kassar som rommar mest ein heil sekk med jord. 5 har fått kvar sin kasse (1″Stripes of Yore», 2 «Brandywine», 1″Principe Borghese» og 1″Sungold» ).  Eg pleier bare å ha ein i kvar kasse, men i år prøver eg med 2 «Sungold» i to kassar.

2 «San Marzano» må også dela kasse. Fekk dei i går av ei dyrkingsveninne – Eldbjørg Bonner Hay som har budd i Italia. Skal vera den beste tomaten til tomatsaus.. Dette er jo bare så gildt!

Ein busktomat hadde ho også med. Den skal få stå på terrassen i ei stor terrakottapotte.

18. mai 2018: Fremst frå venstre: 2 «Principe Borghese». I Potter til høgre: «Noire de Crimèe». I plantekassane langs muren: Fremst: «Brandywine», så «Sungold». Legg merke til glasrøyra med rød topp som stikk opp. Fotografert av Margunn Ueland.

Plantekassane

Kassane ja. Dei firkanta, grå på bileta. Ser du glasrøyra med rød topp som stikk opp? Dette er nemleg sjølvatningskassar. Dei rommar vatn. Vatnet ligg i botnen under lokk med hol. Eg fyller vatn i røyret. Når eg heller på ei stor kanne med vatn, stig den kvite pinnen opp til nivå «optimum» (den midterste kvite streken). Max er den øverste. Den nederste er «minimum».

Fordelen med slike kassar er at eg kan vera vekke om lag ei veke utan å vatna om eg har fylt på til maks. Er det steikande sol kvar bidige dag, må nok andre fylla på. Men det er lettare for dei å vita når og kor mykje med desse kassane.

OBS! Pass på at du ikkje får jord oppi røyret. Eg gjorde den feilen då eg fylte på den eine kassen, så nå flyt ikkje den kvite målaren opp og ned, den står på same plass.

Får mange spørsmål om kor eg har kjøpt kassane: Svaret er: Hos Wiig gartneri, Nordsjøvegen 1190, Orre på Jæren.  Pris: 300 kroner  pr. kasse.

Plantetips: Når eg plantar, tek eg av dei nederste blada og set planten heilt i botnen av kassen før eg fyller på jord. Dermed kjem delar av stammen som før rakk over jorda, under jorda i kassen. Frå stengelen vil det veksa ut nye røter. Dermed får eg blomar og frukter lenger ned på stammen/stengelen.

Oppbinding: Eg har ei snor (hundelenke!) i taket. Så surrar eg tjukk hyssing rundt stammen på tomatplanta og bind den fast i taklenka.

Gjødsel: Eg brukar flytande Biobact for tomatar. Eg gir ikkje gjødsel i starten, dvs. etter at dei har fått ny jord i nye kassar, for då er det nok næring i jorda. Eg startar med gjødselvatn etter nokre veker/når eg ser dei treng det (når dei ikkje veks like godt og når blada ikkje er like friske og fine).

Stell: Veks ja! Kvar morgon knip eg «tjuvar» – nye skot som kjem i hjørnene mellom stammen og greinene. Det er lett å oversjå nokre. Og plutseleg er ein slik «tjuv» blitt ti centimeter lang! (eg lurer faktisk på om det skjer på bare eit døger…).  Frå frø til lita plante på ti centimeter tok jo over ein månad..

Etterkvart som dei veks, tek eg bort dei nederste blada.

Tidlegare innlegg om tomat:

Tomattrøbbel og terrakottatrivsel.

Nå sår eg epler av gull. 

 

 



6 thoughts on “Nå har tomatplantene blitt heilt galne!”

  • Så lærerikt! Ville gjerne visst om du har laget selvvanningspottene selv eller hvor du har kjøpt de. Jeg vanner på «gamlemåten», men har tenkt å investere i nye kasser ?

  • Bare lurer på hvilken jord du bruker i de endelige pottene i drivhuset? Vurderer egen kompost eller kompostert hestemøkk. Skal plante ut agurk, tomat og paprika i drivhus denne uken (hvis det er ferdig da;). Kan jeg bare sette de rett ut dit eller må jeg venne de til temperaturen først? Med temperaturene nå for tiden regner jeg nesten med at det blir varmere i drivhuset enn inne på soverommet. Har også hørt at agurker er var for omplanting, men jeg må jo sette de i større potte, nå står de i 1-liters potte og er ca 50 cm høy. Første år med drivhus, så er ganske fersk:)

    • Rein kompost blir nok for sterkt. I år har eg brukt økologisk grønsaksjord frå Green Viking og plantejord frå Hagens fagfolk. Ikkje ha dei inne lenger nå, då får dei for lite lys. Set dei bare rett ut. Agurk 50cm høg treng så absolutt større potte fort! Minimum 10 liters.

      • Ok, kan jeg blande kompostjord med jord fra en tidligere jordskokkåker f.eks? Eller anbefaler du kjøpejord? Satser på å få vinduer i drivhuset en av dagene, så skal jeg få alt ut asap?

        • Hei igjen! Vil tru begge deler går. Prøv kjøpejord til nokre av dei og di eiga blanding til andre. Så finn du ut kva som funkar/funkar best. Det gjer ofte eg når eg er i tvil. Nyttig erfaring å ha med seg. Litt vanskeleg for meg å svara nøyaktig så lenge eg ikkje veit koss kompostjorda og åkerjorda di er.

Legg att eit svar til Ingrid Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: