Kos deg med salat i sola, lettvint, sunt og godt!

Kos  deg  med  salat  i  sola,  lettvint,  sunt  og  godt!

Her får du mine beste tips om koss du får mykje salat på liten plass og oppskrifta på favorittsalaten min for tida.

«Eg gidd ikkje å stå på kjøkkenet og koka og steika i dette fine vêret!» har eg sagt til mannen min mest dagleg i det siste. «Nei, vel, kva skal me då ha?» spør han. Frå solstolen kikkar eg bort på lysegrøn og rødleg plukksalat og mørkegrøn vintersalt og spinat. «Eg kan jo laga ein salat om du ikkje er lei det, me hadde jo det til lunch i går også…» «Å nei, salat er godt, det vil eg ha!» svarar han.

«Er du sikker på du blir mett av bare ein salat?». «Å ja, eg blei stappmett i går», forsikrar mannen.

Eg hentar ei stor skål og plukkar litt frå kvar balje. Vil du ha mykje salat og spinat  på liten plass, er trikset å ikkje hausta heile planten om gongen, men bare dei ytterste blada. Plukk i ring rundt planten. Om kort tid vil nye veksa ut, slik at du kan plukka inn om att og om att.

Eg har ikkje tal på kor mykje salat eg har hausta frå baljane du ser på biletet, men må vera nok til 15 store skåler, inkludert salatservering i konfirmasjon og 17. maiselskap.

Frå venstre: Vintersalat, spinat, plukksalat. Fremst: Spinat. Den kvite skåla har eg plukka full med viintersalat.

Oppskrift på fruktig salat med avocado og kidneybønner

  • 2 liter salatblad, gjerne ulike sortar
  • 2 avocados
  • 4 appelsinar
  • 2 kiwi
  • Ci 400 gram kidneybønner
  • 1/2 lime eller sitron
  • 1 neve valnøtter
  • 1 neve graskarkjerner (viss du har)
  • 1 vårløk eller litt grasløk eller ein ung kvitløk viss du har.
  • Salt, peppar
  • 4 ss god olivenolje
  • 1 ss dijonsennep (eller grov sennep om du ikkje har dijonsennep)
  • 1 ss honning

Slik gjer du: 

  1. Legg salablada liggja i iskaldt vatn.
  2. Skrell appelsinane og skjer dei opp: Fyrst i tynne skiver, så deler du dei opp i mindre bitar.
  3. Ta steinane ut av avocadoen.  Press på litt sitronsaft slik at dei ikkje blir brune.
  4. Hell av laken i på kidneybønnene, skyl dei i eit dørslag.
  5. Hakk vårløk/grasløk.
  6. Vask salaten, riv dei største blada i mindre bitar med hendene, ha i salatspinnar slik at du får vekk vatnet.
  7. Ha salaten i ei stor skål (eller fordel på tallerkar), og legg på dei andre ingrediensane.
  8. Avocadoen: Bruk ei skei for å ta ut passande bitar frå skalet.  Gjer det same med kiwifruktene.
  9. «Lyft» salaten lett med hendene eller to gaflar, slik at det blir lett blanda.
  10. Lag dressingen: Rør saman olivenolje, sennep, honning og resten av safta du greier å få ut av sitronen. Litt salt og peppar.

Du blir mett av denne salaten fordi du får i deg fiber, protein og fett (sunt fett).

Mange likar brød til salat, så her er oppskrifta på brødet som er så godt at her i huset har me ikkje ete anna brød sidan eg fekk oppskrifta for snart to år sidan:

Bodils gode, lettvinte brød

Plukksalat «Babyleaf Gourmet».

Dyrkingstips

Salat blir best om du brukar ulike typar blad, – slik at du  får både ulike fargar, fasongar og smak. Rukkola er den eg likar best, den har eg faktisk ikkje sådd ennå – har ikkje hatt ledig balje- eg skal så straks spinaten er oppeten.

Spinaten må etast opp med det fyrste, for når det blir så lyst og varmt som nå, vil han lett «gå i stokk», det vil seia skyta opp stengel for å bløma. Og då blir blada så som så.. (Det er derfor det er lurt å så spinat tidleg på året, pluss om hausten).

Det er også fint å så salat i fleire omgangar, slik at du stadig får frisk salat og nye typar salat. Gøy å dyrka, salat veks fort.

Eg fyller ein balje med god jord (kjøper ein sekk med jord eigna til økologisk dyrking). I den nederste halvdelen av baljen blandar eg inn 1/3 kompost (evt kjøp kukompost).

Gjennomvatnar så jorda.

Frøa strør eg utover på toppen, så tynt eg greier. Eg klappar frøa ned med hendene, og strør på eit tynt lag med jord, frøa skal bare dekkast.

Baljen set eg i skuggen til frøa har spirt, og passar på at jorda er fuktig.

Etterkvart som salaten veks, passar eg på å vatna slik at jorda ikkje blir tørr.

Når salaten har blitt hausteklar og eg plukkar inn stadig vekk, gir eg gjødselvatn.

Spinat gir eg meir gjødselvatn enn salat. Store typar salat gir eg meir enn små typar. Rukkola gir eg heller ikkje mykje gjødselvatn, eg likar den skarpe smaken, og den blir sterkaste om dei ikkje veks for fort.

På dei varmaste dagane flyttar eg baljane i skugge/halvskugge.

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: