Hurra for heile mai!

Hurra  for  heile  mai!

I år kan me ikkje bare ropa hurra for 17. mai, men for heile mai! Månaden så langt har vore fantastisk, med mange dagar med sol og sommartemperaturar. Eg har ikkje villa gå glipp av eit einaste minutt i hagen.

Eg veit du har det travelt nå før den store dagen, eg vil bare visa deg desse bileta før det er for seint..

Høgdepunktet i mai er eplebløminga. Fins det noko vakrare?

Først dei rosa knoppane, så dei nydelege, kvite blomane. Treet på biletet planta eg for snart 30 år sidan. Det er det gjævaste eg har i hagen. Sorten heiter «Summerred» og gir massevis av røde eple i september.

«Summerred» i knopp.

Desse bileta vart teke om ettermiddagen fredag den 11. mai, nå er treet blitt ei kvit sky.. Under og rundt treet veks stauden forglemmegeisøster.

Hausten 2016 planta eg også eit «Discovery», og alt neste år bar det åtte knallgode epler. Betre på smak enn «Summerred».

Har du plass til bare eitt  tre i hagen, plant eit epletre! Så mykje glede det vil gje deg! Eplekaker, eplemos, eplejuice, bakte epler… Og smaken av eit solmoge, nyplukka eple er bare så mykje betre enn den av butikkeple (som ofte er plukka før dei er  mogne).

Dessverre varer ikkje bløminga lenge, så det gjeld å nyta synet nå. Same med tulipanane.  I varmen me har hatt, står dei nok ikkje lenger enn til barnetoget er ferdig den 17. mai..

Og når 17. mai er over, vil også kuleprimula og perleblom vera over..

Perleblom – indigoperleblom (Muscari latifolia)
Kuleprimla (lilla) og gullkorg.

Men løytnantshjerte – eller «Bevende hjerte» som far min kalla dei – vil stå ennå nokre veker.

Løytnantshjerte – kan det bli meir romantisk?

Løytnantshjerte (staude) har eg planta under det vesle epletreeet («Discovery»).

Bak huset, på nordsida, veks ein liten skatt: Doble kvitveis. Eg grov opp ei rot vanleg kvitveis for fleire år sidan og planta her mellom bregnene. Det gjekk nokre år, så fekk eg ei stor tue av doble kvitveis!

Mest like fine som epleblomar…

Det spørs om pinseliljene varer til pinsehelga..

Pinseliljer «Actaea»

Ha ein fin 17. mai!

Her er oppskrifta på kaka eg skal laga: Råsunn bringebærkake.

Likte du drivhuset? Her svarar eg på dei mest vanlege spørsmåla om drivhuset mitt: Velkommen inn i mitt elskede drivhus!



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: