Sjå kva me har planta i Leikeplasshagen

Sjå  kva  me  har  planta  i  Leikeplasshagen
Her ser du cirka ein fjerdedel av Leikeplasshagen. Sofie plukkar litt brokkolini i kålbedet. Løk i pallekarmane bak, sommarblomar i dei fremste kassasne. Georginer til venstre- Ulike kål- og grønkålslag bak ved kompostbingen, bondebønner bak til venstre. Buskane i bedet til venstre for Sofie er georginer. (Fotos: Jan Inge Haga)

Poteter, løk, maineper, brokkoli, knutekål, spisskål, grønkål, kvitløk, bondebønner, asparges er mellom grønsakene som nå veks godt på Leikeplasshagen. Rosa tulipaner er hagens pryd nå. Sommarblomane som skal overta etterpå er planta ut.

I dagens blogginnlegg får du ein oversikt over kva me har planta og sådd her. Fyrst litt om kva som alt er klar til å etast:

Sjå. så fine reddikar! Sofie har grunn til å vera stolt. Eg drikk te og kosar meg med marmorkaka Sofie og mora Marte Bøe har baka. (Foto: Jan Inge Haga)

Ja! Sjå her! Sofie (9) har god grunn til å vera stolt. Reddikane ho sådde i den store sinkbaljen er klare – røde, skarpe og — ikkje runde, men lange. Det fins nemleg mange sortar reddikar.

Knask i mai.

Også rabarbra, grasløk, brokkolini og unge blad av grønkål «Ragged Jack» og «Sukuma Wiki» – dei to sortane eg synes er best å eta rå – kan me plukka ein del av nå.

«Sukuma Wiki» trivs til og med betre i halvskugge enn i sol.  Rart, er jo ein sort frå Kenya.

Klar til å klyppa inn er også løpstikke. Eg trur søren meg den har vakse ein halv meter på to døger.  Ikkje før var han komen opp, så rakk han meg til knes. Heiter vel kanskje ikkje løpstikke utan grunn. Skal seia det var futt i den i år! Kraftig smak! Må vera frå all tangen og taren eg har i bedet.

Her er ein oversikt over kva som nå veks på Leikeplasshagen:

Langt stort bed:

Sju potetsortar. Dei fyrste bladrosettane har kome opp.

Les meir om det her: Slik dyrkar eg poteter utan spade og greip.

Bak i bedet veks også fleirårige løpstikke og pepparrot som me planta i fjor.

Og prydløk (Allium «Purple Sensation», blomsterløk, lilla, store kuler, løk planta i fjor haust).

3 rødlilla plantekassar bak med granhekken og varmkomposten:

Grønkål «Ragged Jack» og «Sukuma Wiki».   (Dei lilla stilkane på «Ragged Jack» matchar kassane;)

2 doble pallekarmar:

1 med frøsådd løk (Har sådd gulerøter mellom løken, men har ikkje spirt..)

1 med løk av setteløk og litt frøsådd purre

Firkantbed trestokkkantar:

Brokkolini

Brokkoli

«Ragged Jack»

Rødbeter «Bulls Blood»

Dei to fremste, trekassane:

Zinnia («Old Scabiosa» og «Whirlgig Fun») til venstre og sommarsolhatt «Rustic Dwarf» til høgre.

I Krukker:

Tulipanar «Angelique»

Sofie likar å lukta på tulipanene. Ho, broren William og systera Nora fylte kvar si store krukke med løk i fjor haust.

Firkantbed fremst til venstre:

Georginer, røde, mørkerøde, rosa og oransje.

Også georgine med brune blad i metallkasse.

Les meir om georginer: Gå for georginer! Overdådig blomsterprakt – mest gratis. 

Firkantbed bak ved hekken til høgre:

Grønkål «Sukuma Wiki» og «Ragged Jack»

Spisskål «Early Jersey Wakefield»

Knutekål «Wiener Blå».

Les meir om ulike kålslag: Kule kål – knask for både små og store

Er dei ikkje fine? Bondebønner. Du skulle ha kjendt den gode lukta..

Firkantbed bak ved hekken i midten:

Bondebønner

Dei har vakse som bare det dei siste vekene. Og i helga kom dei fyrste blomane. Så fine: Kvite med svarte teikninger. Og dei duftar så godt om kveldane. Mmm.

Les meir: Utplanting! Ja, bondebønnene på plass i bedet. 

Veks og veks aspargesen, lang og tynn. Men skal ikkje korkje plukkast eller etast i år!

Firkantbed bak ved hekken til venstre: 

Grøn og lilla asparges

Aspargesen eg planta i midten av april, viste seg med med eit bitteliten søt spire den 21. april.  Nå har det verkeleg skote i vêret, tynt og langt. Så stilig å sjå på..  Sette ned ned ein merkepinne: «Ikkje plukk! Vent til 2020»..

5 smale mindre bed bak bærbuskane: 

1 lite med låge solsikker

1 tulipanbed med rødbeter og  persille

1 med maineper

1 med poteter («Pentland Dell» og mandelpoteter»)

1 med brokkoli og brokkolini og purre

Stor dørkarmkasse:

Kvitløk. Gulerøter og persillerot sådd innimellom. Har spirt.

Les meir: Denne kvitløken veks opp or gamle tomatplantar. 

Bærbuskbed ut mot vegen: 

Blåbær, stikkelsbær  (røde og grøne) , solbær, rips underplanta av jordbær, små påskeliljer og slyngblomkarse.

«Haugen»

Rabarbra

Fruktbed: 

3 epletre («Aroma», «Dicovery», «Katja»)

2 plommetre (Opal, Jubilee)

1 morell «Lapins» (underplanta med scillla)

2 hasselnøttbuskar (underplanta med krokus og påskelijer)

Bringebærhekk:

Bringebær «Glenn Ample», planta i vår.

Les om det her: Bringebær! Hurra, nå har eg planta bringebær!

Pluss 1 aroniabusk.

Gjenstår/plantar ikkje ut før me er sikre på at det er over sju grader om natta: 

  • Mais (sukkermais «Golden Bantam»
  • Tomater (var opprinnleg meininga det bare skulle vera frilandstomatar, den russiske «Noire Crimee» og ein frå Randaberg som eg ikkje veit namnet på), men eg prøver meg også med andre som eg ikkje får plass til i drivhuset…
  • 3 sortar sommarsquash/Zucchini.
  • 11 sortar graskar  og vintersquash
  • Meir slyngblomkarse

Les om kva graskar me har sådd her: Stor spenning. 11 sortar graskar er sådd. Koss vil dette gå?

Har forresten planta selleristang og bladpersille i den eine enden av maisbedet.

Les også: 10 grunnar til at eg må ha blomkarse. 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: