Endeleg kom dei opp, potetene!

Endeleg  kom  dei  opp,  potetene!
Endeleg! (Foto: Margunn Ueland, den 11. mai 2018)

Tenk om dei har rotna, tenk om sneglane har ete dei opp, tenk om dei aldri vil spira, tenk om…. Dei siste dagane har eg gått og nistirra på dei to potetbeda mine. Kjem dei ikkje opp snart?! Det er fire veker sidan eg sette tidlegpoteta «Arielle» og tre veker sidan eg sette dei sju andre sortane.

Men nå skjer det! Lubne, grøne bladrosettar sprenger seg opp or jorda (kjøkkenhagenbedet ved sida av drivhuset) og opp or jorddekket (det største bedet på Leikeplasshagen).

Den seine kom fyrst

Først ut var faktisk ikkje «Arielle», men den seine sorten «Pimpernell» og «Beate».

Eg blir så glad og letta! Sjølv om eg innerst inne alltid har stolt på at dei ville koma.. Men ein veit jo aldri…  Har du kjøkkenhage, lever du i spenning..

Jippi! Endeleg kom potetene opp!

Og langt frå alle har vist seg, bare 1 Carolus, 1 Asterix, 1 Troll, 1″Van Gogh», 7 «Beate», 8 «Arielle» og 10 «Pimpernell». Eg sette bortimot 2 kilo av Carolus og Beate, 25 «Arielle» og ti kvar av dei andre.

Mandelpoteter

Mandelpotetene er den einaste av dei åtte sortane eg har sett som ennå ikkje har vist seg. Kjem nok snart… Eller kan det vera «Fugli» som har sparka dei opp? Ein svartstare har nemleg oppdaga at kjøkkenhagen min er stinn av makk. Han/ho flaksar att og fram i eit rasande tempo frå tidleg morgon til seine kveld, sparkar og pikkar.  Frå det oransje nebbet dinglar meir enn ein meitemark kvar gong han fyk avgarde.  Har oppdaga ei potet som fuglen hadde sparka opp. Eller kanskje ein større fugl har vore på ferde? Skjærene?

Mandelpoteter må forresten vera svært hardføre. Då eg planta ut brokkoli i eit lite bed kor Sofie (9) sette mandelpoteter i fjor, fann eg nokre mandelpoteter på botnen av bedet. Heilt fine. Alvin (5) fekk setja dei i eit anna lite bed.

Sort nummer 9

Denne veka sette eg ei handfull poteter til: Pentland Dell. Ein sort som skal gje store avlingar, i fylgje Jostein Gard på Gard gartneri på Talgje i Finnøy kommune. (Eg var med Tananger hagelag på tur dit. Gildt!) Så spanande det blir!

Litt kjedeleg for Alvin (5) og venta og venta på mandelpotetene, så eg sneik meg til å planta 2 Pentland Dell-planter (forkultivert i potte) i mandelpotetbedet hans….

Potetrace

Forrota «Arielle» leiar stort framføre vanleg forgrodd «Arielle».

Koss går det i prøvefeltet? Eg sette nemleg halvparten av «Arielle» på vanleg måte, mens eg forkultiverte dei andre (sette dei i ein kasse med jord i drivhuset, slik at eg planta dei ut med røter og bladrosett). Dei forrota har fått eit stort forsprang som du ser på biletet. Tvilar på at dei som bare hadde små groer då eg sette dei, klarer å ta att det.

Les meir om prøveprosjektet her: Eksperiment tidlegpoteter

Her kan du lesa om koss du kan dyrka poteter utan å grava: Slik dyrkar eg poteter utan spade og greip

Info om ulike sortar: Jippi, sju sortar settepoteter!

 

 

 



2 thoughts on “Endeleg kom dei opp, potetene!”

  • Hei! Eg kjenner meg så att! Eg har også gått og kika, lurer på korleis det går? Alle mine poteter er satt i «nye» bed med kvistkvast, tang og halm. Går det bra? Og eg har også lurt på om dei hadde det for tørt og om eg bør vatne? Det siste spørsmålet løyste seg sjølv i natt og i formiddag, med ein god del regn. Og no ser eg også enkelte potetgroddar som bryddar her og der. Eg har satt Juno, Troll og Berber som var lite forgrodd. Det gjekk surr i systemet mitt så eg veit ikkje kva som er kor. Berber skal vel vere ganske tidleg, så det er kanskje den som likar fram…

    • He, he, ja, då er me to i alle fall:) Det største potetbedet her er også toppa med tjukke lag lauv, tang og halm. Var skikkeleg turt her med sol og over 20 grader og vind dei siste dagane, så det gjorde himla godt med ei skikkeleg bløyte. Har prøvd å merka mine med merkepinnar, men både ungar og hundar nappar dei opp… Trur likevel eg har kontrollen… Fyrste gongen eg prøver Troll. Berber og Juno har eg aldri dyrka.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: