Sceneskift i blomsterbedet

Sceneskift  i  blomsterbedet
Maipaletten: Kvitt, rødt og blått. Dei blå er stauden forglemmegeisøster. (Fotos: Margunn Ueland)

At alt er i endring, er noko av det som fasinerer meg mest med hage. Så store og raske endringar på så kort tid som desse fyrste maidagane, har eg knapt vore med på. Brems nå litt, ta det med ro, alt treng ikkje koma på ei gong!  tenkjer eg når eg ser på blomsterbedet med stauder og vårblomstrande løkar.

I april var det gult og lilla som dominerte;  maipaletten er «Norge i rødt, kvitt og blått»: Kvite narsissar, himmelblå forglemmegeisøster og røde tulipanar.

Her er masse fotos frå dei siste kveldane: Mest frå min hage, men også frå Leikeplasshagen.

Slik såg det ut den 3. mai. Mest gult- påskeliljene «Golden Harvest». I går kveld klypte eg vekk flesteparten av dei. Dei var avblomstra. (Fotos: Margunn Ueland)

Her i Stavanger har me har snart hatt meir solsteik og varme i så langt i mai enn i heile fjor sommar. Dei store gule påskeliljene «Golden Harvest» takkar for seg etter fleire dagar i steikande sol. Også dei små «Tete a tete» som veks tett i tett under bærbuskane på Leikeplasshagen, har eg kappa hovuda av… Ikkje mange dagane sidan dei sto friske og  fine! Takk for i år, og velkomen tilbake!

Tulipanar i nordenden av staudebedet fotografert om kvelden den 9. mai.

Tulipanane si tid er komen.  Røde og gule og blading. Dukkar opp både her og der i staudebedet mitt. Ikkje forstår eg kor dei kjem frå…  Eg har i alle fall ikkje planta dei der dei står, ikkje medvite, i alle fall. Det har seg slik: For 30 år sidan sette me ein pose røde «Apfeldorn».  Sidan har planta om og flytta på stauder hundrevis av gonger, og slik har også ein løk her og ein løk der flytta med.

Eg blir imponert over kor livskraftige denne sorten er. Dei har nemleg fått hardhendt behandling. Eg orkar ikkje synet av visnande tulipanblad. Så straks dei er avblomstra, kappar eg dei av med sigden min…  I 2016 og  2015 forsynte rådyra seg, slik at ikkje ein einaste tulipan kom opp. Rådyra var endå til på trappa og meska seg med tulipanane som sto i krukker rett utføre inngangsdøra. Men i år har dei ikkje vore her.

Kven er vakraste på Leikeplasshagen nå? «Angelique». (Fotografert om kvelden den 9. mai).

Dei rosa «Angelique»-tulipanane i tre krukker og eit bed på Leikeplasshagen, er det Nora (3), William (6) og Sofie (9) som sette i fjor haust. Kan tru dei er stolte nå!

Slik såg det ut for to veker sidan, den  18. april:

Tett i tett med små påskeliljer under bærbuskane på Leikeplasshagen. (Foto: Jan Inge Haga, den 18. april)

Ta ein titt på tulipanbiletet, – legg merke til at ikkje bare er påskeliljene avblomstra, men bærbuskane har fått både blad og blomar.

Dei smale grøne påskeliljeblada skal få stå til dei visnar ned av seg sjøl, slik at dei samlar kraft til neste års bløming. Nei, det er ikkje fint med gulnande blad, men eg har putta ned slyngblomkarse innimellom som skal veksa seg stor og dekkja over.

Sjølv om dei tidlege gule påskeliljene er velkomne når me lengtar etter blomar tidleg på våren, er eg minst like glad i dei kvite og meir yndige sortane som kjem nå i mai. På biletet over ser du «Thalia», under pinseliljene «Actaea» og «Queen of Bicolor».

Dei duftar så godt! Og minner meg om bestemor sin hage.

……

Pinseliljer «Actaea».
Pinselilje «Queen of Bicolor». (Pinseliljene fotografert av Margunn Ueland den 6. mai)

Visst var det deileg med 20-23 grader dei siste dagane, men eg må vedgå eg er glad for det ikkje skal bli like varmt framover…  Då varer pinseliljene og tulipanane lenger..

Scilla sto for det blå innslaget i april, nå er det perleblomane (Muscari). Det fins ulike sortar, den vanlegste har himmelblå «perler». Sorten på biletet nedføre er litt artig, synes eg: Indigoperleblom (Muscari latifolium).

Perleblom fremst saman med lilla kuleprimula og gul gullkorg. Fotografert den 6. mai.

Gullkorg starta bløminga i april, om lag samstundes med lungeurt og kuleprimula (lilla). Har du ei tue gullkorg, bør du spa opp nokre klumpar etter avblomstring og planta på andre stader i hagen – eller gje bort. Alt neste vår har du fine, nye, store tuer. Ikkje vent for lenge, for bladverket visnar ned og blir borte utpå sommaren, då hugsar du ikkje kor dei sto…

Forglemmegeisøster (Brunnera) saman med gulveis.

Favorittstaudene mine i mai, er forglemmegeisøster som står som blå skyer under det gamle epletreet, det nye plommetreet og ellers rundt om i staudebedet. Fekk ei tue av moster Maria for mange år sidan. Lette å dela (grav opp ei tue med røter og plant dei som på japanske rismarker…). Dei sprer seg også sjøl lett med frø. Så obs, har dei fyrst funne ut at hagen din er plassen å vera, så dukkar dei fort opp overalt…

Løytnantshjerte. Yndig. Men uff, påskeliljene bak, forstyrrar… (Fotografert den 6. mai)

Rosa hjerter på rekke og rad – Løytnantshjerte – «herligheden» for eit namn! Namnet skal visst nok koma av at i gamle dagar fekk unge jenter hjartebank ved synet av unge løytnantar i uniform…. Det er til å få «kreglå» av!  Og dette er ikkje betre:

Ta ein hjarteblom og trekk kronblada varsamt frå kvarandre: Fyrst vil du sjå eit damebein, og ved litt sterkare drag vil ei flaske koma til syne. Det var altså kva eit løytnantshjarta romma…

Tåpeleg namn, men nydeleg, ikkje sant? Min veks saman med forglemmegeisøster under eit ungt plommetre.

Løytnantshjerte er ikkje lett å dela og flytta. Røtene er lange og skjøre og går lett sundt. Er derfor glad denne har greid seg. Den er nemleg ein kjær arv frå far.

Nord i hagen, bak huset ved kompostbingen, trivs bladliljer og bregner i skuggen. Litt kveldssol får dei, som på dette biletet. Litt av eit syn når bregnene rullar seg ut. Også bladliljene kjem opp på ein stilig måte: Blada er samanrulla, i spissar. Fasinerande. Lenge står spissane der, så faldar dei store blada seg ut. Klare til å fanga regndråpar…

Bregnene i ferd med å rulla seg ut.

I dag høljeregnar det.  Det er både bregnene og bladliljene glade for.

Dessverre kom regnet for  seint for ruteliljene. I varmen og vinden me har hatt, varte dei bare ei veke…

Ruteliljer. «Vipeegg». kalla far min desse.

Endringane skjer fort i hagen, det gjeld å nyta synet mens det er der. Eitt år til neste gong..

LES OGSÅ:

Slyngblomkarse skal veksa opp under bærbuskane og dekka over visnande påskeliljer slik som i fjor. (Foto Margunn Ueland, sommaren 2017).

10 grunnar til at eg må ha blomkarse

 

 

 

 

 

 



9 thoughts on “Sceneskift i blomsterbedet”

  • Så mye fint du har!! Jeg har helt motsatt erfaring med løyntnantshjerte, jeg har forsynt meg fra morfaren min sin veldig gamle staude flere ganger, delt i søkk og kav, både på vår og høst, og allikevel står de som stolte soldater og blomstrer hver eneste vår. Min vårfavoritt 💕

    • Ja, verkeleg ein staude som skil seg ut. Er meir hardfør enn han ser ut som – toler godt frost – men ikkje lett å grava opp ei heil jord. Gratulera til deg! Du har sikkert stelt vel med dei. Dei likar moldrik jord og halvskugge. Gildt å ta vare på dei gamle staudene!

    • Tusen takk, kjære Pamela! Kjekt med stauder – kjem igjen år etter år – og gode minner frå far, faster og moster. Mykje meir arbeid med grønsaker!!! Hadde forresten besøk av ei veninne i går. Ho hadde vore og høyrt deg på møtet du var på i Stavanger sist:)

  • Vakkert og fargerikt! ⚘ «Bevende hjerte» kalte mor mi dei…eg får dei eller ikkje til…
    Mari 🙂

  • Ser ut som det er strutseving du har i Hagen? Den går det jo an å spise litt av, også. Med det same «krullane» dukkar opp. Datter mi og eg var på årets siste strutsevingtur i dag og plukka til middagen, og litt til. Vi fekk også plukka litt ramsløk i Ramslia! Stor stas å hauste både i og utanfor eigen hage! I Hagen har eg byrja hauste spinat og salat!

    • God kveld! Ja, trur det er strutseving. Koss smakar det? Har aldri prøvd… Ramsløk er jo fantastisk godt.. Så heldige me er som kan hausta salat og spinat. Laga nett ein stor skål salat med spinat, plukksalat, vintersalat, avocado, kidneybønner, appelsin og sennep-olivenolje-balsamico-dressing. Godt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: