Tomatrøbbel og terrakottatrivsel

Tomatrøbbel  og  terrakottatrivsel
Tomatene har omsider teke til å veksa i "normal" fart. Ennå små, men stødige stilkar. Fremst: Bifftomaten "Brandywine". Den minste er "utandørstomat frå Randaberg", frø frå ein ven.

Her ser du tomatene som eg sådde innandørs i slutten av februar. Ikkje så veldig store og kraftige, nei. Eg har hatt litt tomattrøbbel i år. Men nå kjem dei seg, heldigvis.

Veksten stoppa plutseleg opp mens dei sto inne i loftstova under vekstlys. Det hjelp nok å flytta dei over i kvar si potte, tenkte eg. Då eg tok dei ut av begeret, oppdaga eg at dei omtrent ikkje hadde røter. Merkeleg. Slik pleier det ikkje å vera. Hadde eg vatna for mykje? Var der noko løye-papegøye i jorda (skulle vera den beste såjorda på marknaden i fylgje Randesund hagesenter…)

Dette var den 18. mars.

Tomatplantene fotografert den 18. april i drivhuset av Jan Inge Haga.

Etter nokre veker i ny sekkejord innblanda med perlite, kom dei seg. Men blei ståande og stura på låge temperaturar i mars. Då varmen kom i april, begynte dei å oppføra seg normalt! Og kvite røter stakk fram or hola i botnen av pottene. Oh, glede!

Den 21. april er det på tide å flytta dei over i større potter.

Eg synes sekkejorda er litt kompakt, så eg blandar inn to bøtte med jord frå kjøkkenhagebedet – den er porøs og fin. 1/3 sekkejord og 2/3 mi eiga jord.

Har du lagt merke til dei hårete stilkane til tomatplantene? Eg set plantene heilt i botnen av den nye potta, slik at mesteparten av stilken kjem under jorda. Slik står dei stødig, blir kompakte, og ut frå stilken vil det veksa nye røter.

Godt eg har rydda ut mykje or drivhuset slik at dei får plass.

Pelargoniane likar seg i drivhuset. (Foto: Jan Inge Haga)

Eg sett meg ned og nyt synet. Ja, for eg hadde endåtil klart å plassera to stolar her inne. Og eit lite bord..

Pelargoniane blømer i ulike sjatteringar i rosa, rødt og lilla. Dei er så fine i terrakottakrukker, synes eg. Minner meg om Italia.

Åh, åh! Kvifor i alle dagar har eg planta tomatene i plastpotter!?! Uff nei, sånn kan eg jo ikkje ha det!

Ekspedisjon hent terrakottapotter frå hagestova. Pott om. Vask plastpotter. Rydd vekk.

Sånn, endeleg, nå vart eg nøgd!

Sånn! Nå skal dei få stå i terrakottapotter til dei blir store nok til å flyttast over i store kassar. Foto: Margunn Ueland.

Noko av det herlege med å dyrka tomatar, er lukta av plantene. Heilt frå dei er små, luktar dei godt tomat, bare du rører ved dei. Kvar unge som kjem inn i drivhuset vil alltid ta på blada.

Malene (3) og Nora (3) står der med fingrane oppi nasen og trekkjer inn tomatlukt. Tenk, dei små plantene skal bli så store at dei rekk heilt opp i taket!

Eg fortel at i år skal ikkje alle bli små og oransjerøde (som «Sungold») som dei likte så godt i fjor (Mmm…Søte og gode!).  Nokre skal blir store og rosarøde (bifftomat «Brandywine») og mellomstore og røde (plommetomat «Principe Borghese»).  Den fjerde sorten blir kanskje stripete! Den heiter i alle fall «Stripes of Yore».

Så spanande dette blir!

To sortar til har eg: Dei skal få veksa ute: «Noire Crimee» – den blir nok mørkerød, og ein av frø frå ein ven «Frilandstomat frå Randaberg» – den aller minste tomaten i drivhuset.

Les meir om tomat: Nå sår eg epler av gull. 

Vil du vita meir om drivhuset mitt? Her er svar på dei vanlegaste spørsmåla eg får: Velkomen inn i mitt elskede drivhus!

 

 



4 thoughts on “Tomatrøbbel og terrakottatrivsel”

  • Først må jeg takke for utrolig mye god lesning og inspirasjon, du har en fantastisk blogg! Som nybegynner på tomatdyrking er det spesielt en ting jeg lurer på, skal tomatplanter toppes? I så tilfelle når og hvordan?

    • Tusen takk, det gledar meg stort! Eg toppar ikkje tomatene, bare viss (og når) dei har blitt så høge at dei stangar i taket…
      Men eg veit at Farbor Grøn (sjå bloggen hans) gjer det – han «halshøgg» dei for å få to toppar. Eg synes dei er lettast å halda styr på når der er ein stamme og sidegreiner. Men du må knipa vekk «tjuvane», det vil seia skota som veks ut mellom stammen og ei grein.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: