Råsunn bringebærkake

Råsunn  bringebærkake
Mi absolutte yndlingskake, supersunn og supergod. (Foto: Margunn Ueland)

Denne kaka er så sunn at du bør få dårleg samvet om du ikkje et mykje!

Null sukker, null kveitemjøl. Faktisk også null smør og null egg.

Men full av nøtter med sunne feittsyrer og protein, bær proppa av vitaminar og antioksidantar og søte dadlar med masse fiber.

Rask og lett å laga.

OPPSKRIFT: 

Fyrst lagar du botnen, så eit lag sjokolade og til slutt toppar du med bær.

Kakebotn: 

  • 1,5 dl mandlar
  • 1,5 dl hasselnøtter
  • 400 gram mjuke dadlar (omlag 1,5 lag i ei øskje med Silkevejen Dadler – ligg to lag i ei øskje)
  • 3 matskeier kokosmasse
  • 1 ts kaldpressa kokosolje

Framgangsmåte:

  1. Smør ei springform/paiform med kokosfett og strø over kokosmasse.
  2. Kjør mandlar og nøtter i kjøkkenmaskin til dei blir mest finmalte. Ha så oppi mandlar og kjør til det blir ein klebrig og jamn masse, – skal ikkje smuldra.
  3. Trykk så «deigen» ned i forma i eit jamnt lag.

Sjokoladelag:

  • 2-3 matskeier kokosolje
  • 2-3 matskeier agavesirup
  • 2-3 matskeier kakaopulver
  • (2 viss du har ei lita form, 3 viss du har ei større form).
  1. Smelt oljen i gryte på svak varme.
  2. Rør i sirup og kakao til det blir ein jamn, tynn saus.
  3. Hell utover kakebotnen.

Bærtopping

  • 5 dl bringebær
  • 1 beger blåbær

Bare å leggja på! Kan vera lurt å kjøpa inn litt ekstra bær, for du greier sikkert ikkje la vera å smaka…. Det gjer i alle fall ikkje eg!

Sett i kjøleskap: FERDIG!

Gjort på mindre enn 30 minutt.

Rå og vegansk

Og har du veganarar i familien (et absolutt ingenting frå dyreriket, bare frå planteriket) kan dei også eta kaka.

Dette er ei råvegansk kake.

Eg elskar bringebær. Endeleg har eg fått tak i bringebærplanter som eg har planta på Leikeplasshagen. Les om det her:

Bringebær! Hurra, nå har eg planta bringebær!

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: