Bringebær! Hurra, nå har eg planta bringebær!

Bringebær!  Hurra,  nå  har  eg  planta  bringebær!
Pinnane som stikk opp er bringebærplanter -15 stk. på rekke og rad langs kanten av fruktbedet på Leikeplasshagen. (Fotos: Margunn Ueland)

Bringebær er det beste eg veit. Likevel har eg ikkje bringebær i hagen. Kan du forstå det?! Men nå – omsider- har eg planta bringebær. Dei har fått ein god start, takka vera at eg førebudde grunnen i fjor. Dermed har eg skaffa bringebærrøtene ein suveren partner…

Det var i fjor eg bestemte meg for å planta ein bringebærhekk på Leikeplasshagen ut mot villnisset på den ubygde nabotomta.  Ein ven frå Finnøy, Rune Nedrebø, har god greie på bær og frukt. Ein haustdag spurde eg han til råds. Han lova å skaffa meg nokre til våren.

Sist fredag, mens eg luka løvetann i staudebedet, tikka ei melding inn: Han var på veg med bringebærplantene. JUHU!

«Glen Ample». Veldig bra sort. Har kjøpt masse «Glen Ample» hos Hilleborg  Wølstad på Sunde i Stavanger. Store, velsmakande bær som held fasongen sjøl etter at dei blir tekne ut or frysa.

Det er liv i «pinnane». sjå, her kjem eit skot, viser Rune Nedrebø.

Godt førebudd

I fjor gjorde eg klar staden dei skulle veksa: Jorda var skrinn. Om våren la eg på eit lag flis, om sommaren gras frå rundballe, og om hausten grov eg ei renne som eg fylte med lauv og frosne blomkarseplantar. I slutten av februar: Topplag med halm.

Nå var eg spent på koss det såg ut nedi der.

Fram med hagespada. Oj, det var lett å grava! Laus og god jord, med ein del halvrotne blad. Oppi med plante nummer ein.

To på meteren, hadde Rune sagt. Eg la dei utover – det heldt akkurat – heile vegen frå gata til hasselnøttbuskane framføre garasjen til naboen.  Knallbra!

Det krelte med makk under halm, halvrotna lauv og nedbroten flis.

Masse makk og vidundersopp

Neste hol: Så mykje meitemark! Stakkars, tenk om eg kuttar dei i to med den skarpe spada….

Tredje hol: Sjå der! Eit nett av tynne, kvite trådar. Hurra!  Soppsporer som er super for planterøtene. Det var den andre grunnen til at eg brukte flis og lauv – ikkje bare for å få meir jord, men for å få desse i jorda.

Slike kvitte soppsporer vil eg ha i jorda! Ja,ja,ja,ja! Dessverre ser du ikkje det fine nettverket her, for det øydela eg med spada…..

Dette nettverket kan eg i alle fall ikkje øydeleggja med spada. Resten av bringebæra blir planta for hand, utan spade. Det går fin-fint.

Nyttig samspel

FAKTA:

Mykorrhiza er eit symbioseforhold mellom ein plante og ein soppart. Samspelet føregår ved at soppen ligg som ein strømpe rundt dei fine planterøtene og aukar oppsugingsområdet for plantene med om lag ti gonger. Soppen tar fyrst og fremst opp mineralar og vatn, men også mindre mengder av nitrogen- og fosforhaldige stoff. Soppen vernar også røtene mot angrep ved å innehalda ulike giftstoff som held andre sopp og bakteriar borte. Planten gir på si side rundt 25 prosent av karbohydratproduksjonen sin til soppen.

Fukt og gjødsel

«Du må vatna i plantehola», sa Rune før han drog. Treng ikkje det her, nei. God fukt i jorda på grunn av lauv og jorddekket av lauv og halm.

«Du må gjødsla», sa Rune. Tvilar på eg treng det… Makkane gjer det for meg. Dei et jorddekket og bæsjar ut supergjødsel i luftgangane dei lagar i jorda – perfekt for planterøtene.

La stå!

Nå gjeld det om å informera ungane om at dei brune pinnane som stikk opp er bringebær. At dei ikkje skal korkje brekkast eller nappast opp. Men at me nok må venta til neste sommar før me kan plukka bær.

Christian (9) kjem forbi på sparkesykkelen. Eg forklårar. At det er bringebærplanter, men at det neppe blir bær på dei i sommar. Det er viktig at dei får stå i fred. Christian lovar å passa på. Bra!

Nå manglar bare to stolpar i kvar ende (eventuelt ein kross av to plankar) og hesjetråd. Dei vil nok trengja støtte. Eg er sikker på dei kjem til å veksa som bare det.

Bringebærkake

«Så sykt fornødde», gjentar eg for meg sjøl fleire gonger resten ettermiddagen.

Tenk, bringebær! Mine yndlingsbær.

Eg har att eitt beger frå Hilleborg i frysa. Har spart på dei. Skal toppa kaka konfirmasjonskaka til Maja, mitt eldste barnebarn.

Her er oppskrifta: Råsunn bringebærkake.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: