Eg lagar nye bed og testar kompost

Eg  lagar  nye  bed  og  testar  kompost
Rykande varm, nylevert kompost.

Sist sundag blei eit lass, dampande, svart kompost tømd ut på Leikeplasshagen. Prosjekt: Test kjøpekompost. Det  starta med at eg bare skulle flytta nokre mynteplanter…

I fleire år hadde eg grønynte, sveitsermynte og peppermynte ståande i krukker ved inngangen. Så friske og grøne, herleg lukt, gode i te og smudi. Ompotting i stadig større potter var naudsynt minst ein gong i året. Til slutt hadde eg ikkje større potter, så eg planta dei ut i Leikeplasshagen. Tenkte det kunne vera greit med litt mynteduft nær bord og benker. Der var bare sand, så dei fekk ikkje med seg meir jord enn restane i krukka. Likevel gjekk det fint. Men det mangla ikkje på regn…

Var eigenleg skummelt å planta dei der, for mynte kan spreia seg noko voldsomt. Hadde ein gong ein eplemynte i staudebedet mitt, den vaks under gjerdet og var i ferd med å okkupera oppkjørselen til naboen. Eg spadde ein heil dag for å få vekk røtene.

Får du ingenting til å veksa? Prøv mynte! (Foto: Margunn Ueland)

Ledig plass!!

I sand kan dei då ikkje ta av på same måten, tenkte eg i fjor. Nå fekk eg då sjå….Å jo då, godt eg fann på å spa dei opp. Dei hadde ikkje trengt lang tid, så kunne dei ha okkupert heile området. Lange, lyse skot viste seg under sanden. Heldigvis var det lett å grava dei opp.

Eg lempa dei over i haugen med lauv ved sida av granhekken. Der var eit ledig område.   Sette dei bare rett oppå haugen og dekka rundt med meir lauv, sand og halm. Det får gå som det går. Dei greier seg nok.

Juhu! Ledig plass!

Eg gliste: Ledig plass til to doble pallekarmar! Men nå hadde eg ikkje meir jord og kompost…

Klar for tipping. (Foto: Margunn Ueland)

Kompost frå Jæren

Ei veninne hadde nyss tipsa meg om at ho at Hove plantesalg

selde kompostjord frå Reve i lausvekt. 390 kroner pr. kubikk, ein tilhengjar.

Eg googlar og les dette på heimesida til Reve kompost:

«Reve Kompost As er et privat komposteringsfirma på Reve i Klepp Kommune, like utenfor Stavanger. Familievirksomheten tar imot organisk avfall, bearbeider det til ferdigkompost og selger det ut. Avfallet er i hovedsak landbruksrelatert gjødselavfall, slakteriavfall, gartneriavfall, mølleavfall samt hage- og park avfall.» ..»Sammenliknet med andre kompostprodukt er kvaliteten på Reve- kompost særdeles bra, og analyser dokumenterer stabilt og bra næringsinnhold. Komposten er testet i ulike forsøk og prøvelser av Jæren Forsøksring og andre praktikere.»

Eg sjekkar også ut nettsidene til Hove plantesalg og finn denne artikkelen om jord og gjødsel. Av kjøpejord er det komposten frå Reve dei meiner er aller best. 

Det måtte eg få tak i. Men kva gjer du når du korkje har tilhengar eller køyrer bil? Eg tek mot til meg og ringjer til Camilla Hove og spør om dei kan levera eit lass! Så kan eg testa koss det går med plantene som får veksa i bed og pallekarmar med slik kompost vs. dei som veks i andre bed og karmar.

For er det noko folk spør meg om stadig vekk, så er det kva jord dei skal kjøpa. Eg lagar mesteparten av jorda sjølv svarar eg, men då blir dei enten vilt begeistra eller litt tome og matte i blikket.

Camilla Hove syntes det var ein glimrande ide! Dei skulle koma med eit lass om nokre dagar. Eg kunne ringja anleggsgartnar Kjetil Svihus og avtala.

JUHU!!

3 nye bed

Eg ryddar på Leikeplasshagen for å gjera klar. Legg merke til «pinnesamlinga» mi bak ved hekken. Pinnar og pinnar, er tjukke greiner eg har drege med meg heim frå «Villskog» i nærleiken. Tenkte dei nok ville koma til nytte..

AHA! Eg kan jo laga nye bed av dei! På same vis som me har laga dei andre!  Bare leggja stokkane i ein firkant oppå sanden. Ha på eit lass med lauv, tang, halm og den siste sekken med hestemøkk. «Grunning» før komposten.

Dette var gøy. Kvifor ikkje laga eit digert bed? Eg går på jakt etter lange og tjukke greiner.  Finn eit nedblåst tre. Her må det sagast. Heldigvis kjem Alvin (5) og Malene (3) forbi, og dei har med far sin….  Dermed blei det gjort!

Eg gledar meg til å planta ut, for nå står dei i kø på terrassen og i drivhuset, småplantene…

Her har anleggsgartnar Kjetil Svihus frå Hove plantesalg kome med kompost frå Reve på Jæren. (Foto: Margunn Ueland)

Rykande kompost

Sundag morgon kom ein liten grå lastebil med blå papegøye på.  Anleggsgartnar Svihus frå Hove. Eit par kubikk kompost blei tippa i potetbedet. Nå var det bare å spa…

Komposten var varm og det rauk av han. Merkeleg nok sette han svarte flekkar på asfalten (eg veit ikkje kvifor, jord gjer jo ikkje det..).  Camilla Hove hadde sendt melding om at han kunne lukta litt amoniakk, men det merka eg lite til.

Komposten verka porøs, finmalt og god, ikkje så grov som komposten frå IVAR som eg har prøvd før. Denne lukta heller ikkje brent. I motsetning til min heimelaga kompost, var der ingen makkar å sjå, og komposten var kolsvart, mens  min er mørkebrun/svart.

Planen var altså å testa ut komposten både som dyrkingsmedium og som toppdekke.

Revekompost som toppdekke i kålbedet fremst. Bak bondebønnebed med jorddekke av halm. (Foto: Margunn Ueland)

Nytt toppdekke

Gartnar Svihus sa at komposten måtte blandast med jord for å unngå sviskader på unge røter. Han hadde derfor med åtte sekker Viking grønnsaksjord.  «Egnet til økologisk dyrking», stod det på sekkene.

Dagen før hadde eg fjerna mitt toppdekke av halm, lauv og gammal hestemøkk frå tre kålbed. Nå fekk dei eit lag svart kompost i staden. Blir lettare å finna sneglar her… Dei grøne kålplantene viste også betre att.

Toppdekket hadde eg fjerna, pluss noko eg hadde ståande i sekker, hadde eg lagt på botnen i det nye store bedet.  Oppå det att: Innhaldet eg grov ut av pallekarmen der rosenkålen vaks i fjor: God heimelaga kompostjord med masse makk. Så blanda eg inn fleire trillebårer med Revekompost, slik at det blei omlag halvdelen av kvar. For ei flott seng det vart! Luftig og mjuk «madrass»..

Planen er å prøva med på frilandstomatar eller mais her. Eller kanskje dei minste graskara.. Er  litt usikker på om det er nok sol her.. Hekken og garasjen skuggar…

Nytt stort bed til venstre og to nye doble pallekarmar. «Lasagne» av organisk materiell i botnen, så blanding av eiga kompostjord og kompost frå Reve. (Foto: Margunn Ueland)

Nye pallekarmar

Camilla Hove hadde sendt med fire brukte pallekarmar. Julepynt, sto det på den eine.. Fantastisk! Dermed fjerna eg den eine eg hadde ståande her på tvers, slik at eg fekk plass til to nye doble på langs. Dei to nederste fylte eg med lauv, halm, tang og hestemøkk. Den øverste med ei blanding av Revekompost og heimelaga kompostjord.

Her trur eg at eg vil ha sommarsquash. Har sådd tre sortar som nett har spirt.  Korkje squash, graskar, tomater eller mais vil eg planta ut før eg kan vera nokonlunde sikker på at temperaturen held seg over ti grader. Starten av juni, kanskje?

Svart frå topp til tå, men lukkeleg. Fire trilllebårlass på toppen av to nye små bed. (Foto: Rolf Norås)

Dei to nye, små beda fekk to trillebårlass kvar av Revekomposten pluss ei trillebår med leirete jord som nabo Chris kom med frå sin hage to dagar etterpå. Eg har ikkje heilt bestemt meg kva som skal få veksa her.  Rotselleri? Låge solsikker?

Det vesle tulipanbedet ved sida av fekk også eit lag, og så putta eg ned rødbeter og persiller der det var ledig.

Nærmast gata har eg to låge pallekarmar (dei kor den kvite baljen står på biletet over)  kor eg har tenkt det vil bli fargerikt og fint med sommarblomar. (I drivhuset sto fleire brett med Zinnia og solhatt som eg hadde sådd i månadsskiftet februar/mars). Karmane hadde eg fylt vel halvveges opp med halm, hestemøkk og  grov kompost for vel ein månad sidan. Nå hella eg oppi to trillebårer Revekompost i kvar.

Fem timar gjekk med. Etterpå var eg ganske mør, veldig nøgd og veldig svolten… Eg åt vel opp halvparten av maten i gebursdagsselskapet til Mina (13)…

 

Sommarsolhatt «Rustic Dwarf» klar til utplanting. (Foto: Jan Inge Haga)

Sprøtt

Sola skein både sundagen og måndagen. Då eg skulle planta ut  sommarblomane i dei to fremste kassane, oppdaga eg at komposttoppdekket var knusktørt og temmeleg sprøtt/«crispy». Rart, ikkje som heimelaga kompost. Derfor  grov eg ut halvparten og blanda inn to sekker i kvar kasse av sekkejorda.  Hmm. Hadde i alle fall ikkje gått an å planta kun i komposten. Godt dei sa frå at blanding måtte til. Hadde nok også blitt for sterkt viss eg ikkje hadde gjort det.

Både natt til 1. mai og heile 1. mai duskregna det. Ikkje ein einaste snegel å sjå i Hovekompostbeda, tre små sneglar i dei andre. Og alle plantene såg ut som om dei hadde det bra.

JJippi! Null sneglar.. (Foto: Margunn Ueland)

Nøkkelen til suksess

Koss jorda er, er det mest avgjerande for koss resultatet blir. Derfor brukar eg mykje tid på det. Les meir her:

 

Eg hentar ein del sekker med gammal hestemøkk kvar sesong.. (Foto: Jan Inge Haga)

 



2 thoughts on “Eg lagar nye bed og testar kompost”

  • Hei Margunn! Kan skrive under på at det er futt i komposten fra Reve. Har selv brukt den til innblanding i jord og som toppdekke i hagen min i flere år. Det holder ugresset i sjakk og gjør at man får en helt fantastisk jord i hagen.. I tillegg er det så fint om våren når den svarte jorda står i herlig kontrast til det irrgrønne nye bladverket som dukker opp, og løkblomstene formelig lyser opp i bedet. Gled deg til resultatet!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: