Løk, kjære løk!

Løk,  kjære  løk!
Sjalottløk, gul og rød løk i kjøkkenhagen fotografert 1. mai av Margunn Ueland.

Eg elskar å dyrka løk!  Grasløk, rød løk, gul løk, kvitløk, purre, vårløk… Dei er slikt eit sterkt symbol på liv og vår.  Og kva er vel ei suppe eller ei middagsgryte utan løk? Eller eggerøre utan grasløk?

På dette fyrste biletet ser du gul løk, rød løk og sjalottløk frå setteløk som tre barnebarn putta i potter i drivhuset mitt i påska. Dei planta eg ut den 18. april i eit bed med rik og porøs jord, og sidan har dei vakse voldsomt.

Det var i påska at Alma og Christina (og Sunniva som dessverre ikkje er med på dette biletet) planta setteløken du ser på biletet over.

På Leikeplasshagen har eg planta løk i to pallekarmar.

I den eine rødløk frå setteløk – den som Sunniva (8) planta i påska.

Rødløk frå setteløk planta i pallekarm. (Fotografert den 18. april av Jan Inge Haga)

Saman med gulerøter

I den står rødløk «Red Florence» som eg sådde i drivhuset i slutten av februar. Den ser framleis ut som nokre tynne grasstrå der dei står i ein pallekarm.

Eg planta dei ut for to veker sidan og sådde tre rader med gulerøter innimellom.  Håpet er at løklukta skal avskrekka gulerotflugene… Tvilsamt at det verkar. Men det passar med gulerøter her som jorda er porøs og djup. Eg har også lese at gulerotflugene flyg lågt, så derfor kan det vera fordel å ha dei oppi ein dobbel pallekarm.

Gulerøter veks seint, løk veks fort. Eg satsar på at løken er klar i starten av juli. Etter at den er plukka  inn, vil gulerøtene fylla ut den ledige plassen.

For at ikkje kattane i nabolaget skal tru eg har laga luksus-toalett til dei, har eg sett ned to bøylar og trukke kvit fiberduk over.

Frøsådd rødløk «Red Florence». (Foto: Margunn Ueland)

Tredje forsøk purre

Purre er eg veldig glad i. Så godt, både i supper og lettdampa med litt smør. Men eg har faktisk aldri fått til purre før! For tre år sidan gjekk dei i stokk. I fjor var eg sikker på det skulle gå bra. Dei var kjempefine då eg planta dei ut etter at eg hadde teke opp dei fyrste jordeplene i starten av juli. Men dei fekk ein soppsjukdom, så då reiv eg dei opp.  Nå er det tredje forsøk, då må det vel gå?  Den ser omlag ut som den frøsådde rødløken.

 

Sjalottløk fremst. Rød og gul løk bak. Fotografert før utplanting i midten av april. (Foto: Margunn Ueland)

Stilig sjalottløk

Den gule løken som Christina (10) sette og sjalottløken som veslesyster Alma planta, har fått plass i det eine kjøkkenhagebedet i hagen min saman med ulike kål, fennikel, stangselleri og rødbeter.

Sjalottløken ser utruleg kul ut: Mens setteløk av gul og rød løk får ei spire, lagar sjalottløken ein struttande bukett tjukke spirer (minner meg om hovudpynten til ein eksotisk fugl), for sjalottløken skal setja sideløkar. Eg har ikkje dyrka sjalottløk før, så dette blir spanande.

Det går fint an å setja setteløk rett ut nå i mai, utan forspiring innandørs. Løk må ha sol og likar god, porøs, jord.

Grasløk og kvitløk

Grasløk. (Foto: Margunn Ueland)

Graslauken står i ei krukke på Leikeplasshagen. Den er eit så gildt vårleg syn, at eg mest gløymer at me må begynna å klyppa inn, for graslauk pleier ikkje å stå frisk og fin etter at det blir sommarleg og varmt.

Vårløk har eg faktisk ikkje i år! Eg klypper litt av spirene frå løk og kvitløk i staden for.

Kvitløkspirer fotografert av Jan Inge Haga den 18. april 2018.

Får du bra avling kvitløk når du har sådd så tett? var eit spørsmål eg fekk på Facebook: Ja, eg håpar då det. Eg har nemleg ikkje tenkt å hausta alle samstundes. Nokre dreg eg opp tidleg mens dei ennå er små.  Mmmmm. så godt! Dermed slepp eg å venta til langt utpå sommaren og dei som får stå til slutt kan veksa seg store.

LES MEIR:

Om setteløk: «Løk går som ein leik»

Om kvitløkdyrking: «Denne kvitløken veks opp or gamle tomatplanter»



3 thoughts on “Løk, kjære løk!”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: