Salat og spinat i baljar, lettvint og godt

Salat  og  spinat  i  baljar,  lettvint  og  godt
Spinat "Palco" i den avlange baljen til venstre. Til høgre: Plukksalat. I midten: Reddik og mainepe. I forgrunnen: Grønkål "Sukuma Wiki" og "Ragged Jack". (Foto: Jan Inge Haga).

I morges var eg ute og plukka ei skål sprø, mørkegrøne spinatblad. Godt med grønt til frukosten! På skivene eller til steikt egg og bønner som mannen min helst vil ha.  Det gjer godt med ein neve i smoothien.  Til lunch likar eg å laga ei salatskål med ei blanding av ung spinat og salat, tynne skiver appelsin og valnøttkjerner. Eg lovar, kvaliteten på nyplukka spinat er så mykje betre enn den som ligg innpakka i plast i butikkhyllene (og som har lege der i fleire dagar..).

Og heilt fritt for sprøytemiddel. Spinat er nemleg ein av dei grønsakene som inneheld mest sprøytemiddel (sjå nederst i dette innlegget).

Og så lett som det er å dyrka! Bare å strø ut nokre frø i ein balje med bra jord og passa på at jorda er jamnt fuktig.

Spinat, salat, reddik og mainepe passar godt å dyrka i baljar og kassar.  Desse kan du også så tidleg, dei likar seg faktisk betre om våren når det er litt kjøleg enn midt på sommaren.  Eg har hatt dei ståande ute sidan påske.

Og så veks dei så fort!

Ein grunn til at eg har spinat og salat i baljar, er at det gjer det lettare å verna dei frå sneglar (som det heldigvis ikkje er på langt  nær så mange av som i fjor) og det er reinslegare. Og når dei står på terrassen rett utføre kjøkkenvinduet, er det fort gjort å gå ut og knipa nokre blad.

NB! Eg har laga hol i botnen på baljane med ein tjukk spiker og hammar.

Dette veks i i dei 8 baljane og dei tre smale plastkassane mine:

I gule baljar frå venstre: Spinat «Medania», reddik «Københavns Torve 2», vintersalat (fremst). I sinkbaljar: Fremst: Reddik (t.v.) og mainepe. Bakerst: Plukksalat (t.v.) og korinder. Dette biletet vart teke den 17. april av Jan Inge Haga.

Spinat:

  • «Palco»
  • «Medania»

«Palco» sådde eg i slutten av februar, «Medania» i starten av månaden, men «Palco» har fått omlag dobbelt så store blad.  Har nok sådd «Medania» i tettaste laget.

Salat:  

  • Plukksalat «Babyleaf Gourmet» (fin blanding av rød og lysegrøn salat)
  • Vintersalat: Mørkegrøne, små rosettar, smakar veldig godt.

Salatfrø er små, pass på å ikkje så for tett – det har eg gjort…

Det gjeld om å ikkje så for tett. Sofie greidde det fint.

Reddik:  

  • «Københavns Torve 2»
  • «Pernot Clarie».

Tynna her om dagen, satsar på dei fyrste er klare til 17. mai..

Det var nabojenta Sofie som sådde den eine baljen. Har du lyst til å gjera det same? Sjå og les korleis ho gjorde det:

Slik sår Sofie (9) reddik.

Maineper i tre smale kassar av gjenvunnen plast. (Foto: Jan Inge Haga)

Mainepe:

«Snowball» og nokre få «Sweet Marble».

Spent på kva tid dei er klare, sjekka i dag, må nok venta ennå nokre veker…  Men dei heiter vel ikkje maineper utan grunn..

Koriander: 

«Leisure». Nei, koriander er ikkje sart som de trur. Den toler faktisk temmeleg mykje.  Har stått ute dei to siste nettene, sjølv om temperaturen var nede i 2-3 grader.

Spinat på sprøytemiddetoppen

Spinat er ein av grønsakene som inneheld mest sprøytemiddel om du ikkje dyrkar den sjøl. Dette i fylgje The Environmental Working Group (www.ewg.org )som kvart år lagar ei liste over dei mest og minst sprøyta fruktene og grønsakene. Dei mest sprøyta blir kalla «The Dirty Dozen».  Her er årets mest «skitne» og «reine»:

«The Dirty Dozen»

  1. Jordbær.
  2. Spinat
  3. Nektarinar
  4. Epler
  5. Druer
  6. Fersken
  7. Kirsebær
  8. Pærer
  9. Tomater
  10. Selleri
  11. Poteter
  12. Paprika

Og dei med minst sprøytemiddel:

«The Clean 15»

  1. Avocado
  2. Mais (sukkermais)
  3. Ananas
  4. Kål
  5. Løk
  6. Frosne sukkererter
  7. Papaya
  8. Asparges
  9. Mango
  10. Aubergine
  11. Honeydewmelon
  12. Kiwi
  13. Cantaloupemelon
  14. Blomkål
  15. Brokkoli

LES OGSÅ:

Salat og spinat året rundt. 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: