Slik dyrkar eg poteter utan spade og greip

Slik  dyrkar  eg  poteter  utan  spade  og  greip
Ferdig! Då er sju sortar settepoteter planta i det største bedet på Leikeplasshagen. "Van Gogh" fekk plass i enden ut mot gata. (Fotos: Jan Inge Haga)

TOPP TIPS: Du treng ikkje ha eit bed ein gong for å dyrka poteter. Har du ein bit av plenen du kan ofra? Du treng ikkje grava.  Legg ut eit tjukt lag aviser oppå graset. Less på med organisk materiale (lauv, visna ugras, plenklypp osv). Legg ut settepotetene. Dekk med nytt lag organisk materiale. Hald fram med å dekka etterkvart som det blir nedbrote/kompostert. Lettare kan det ikkje bli!!!!

Super metode

Sist veke sette eg sju sortar i det største bedet på Leikeplasshagen – rundt 20 kvadratmeter. Den einaste reidskapen eg brukte var nevane og ein liten plantegaffel.

Oppi med deg! Lukke til mor settepotet, må du få mange barn!

Jorda her var skrinn og dårleg etter at buskaset vart fjerna i fjor vår. Eg lessa på med kompost, tang og tare, gras frå rundballe og gammal hestemøkk. Fram dyrka me supre kål, bondebønner, løk og sommarblomar.  Nå er det kompostlaget omdanna til porøs jord. Om hausten la eg på eit tjukt lag lauv, i slutten av februar halm frå kalvegardane til Ullandhaugbonde Kalle og i april tilførte eg tre sekker med tang og tare og tre med flisblanda hestemøkk frå Ellen på Tasta.

Då var det bare å laga ei grop i massen, sleppa settepotetene nedi og dekka til og venta i spenning til blada dukkar opp. For ikkje å snakka om potetblomane, dei er så fiiine! Lurer på kva farge dei blir, «Arielle», fekk kvite.

Lurt for luringar

Og får me veeeeldig lyst å smaka før dei eigenleg er klare til hausting, er det bare å skyva litt av topplaget til sides med hendene og plukka nokre av dei øverste og største potetene. Så kan dei lenger ned som ennå er små, få stå i fred og veksa. Forresten ikkje bare meg som er nysjerrig i denne gata. Ungane også pleier også å lura veldig på kva tid potetene er klare. Og med denne metoden kan dei kikka så mykje dei vil. Bare dei hugsar å «breia på» knollane att.

Etterkvart som dei veks, og etterkvart som topplaget blir brote ned/kompostert, legg eg på meir (lauv, gras frå rundballe/halm).

I år blir det masse poteter!

Det er minst tre grunnar til at eg valde dette bedet til potetene:

  1. Eg vil helst ikkje dyrka kål i same bedet to år på rad.
  2. Det blir så jyyyyyysla god og luftig og porøs jord der potetene har vakse.
  3. Det er det største bedet.

Planteavstand? Eg ser for meg at kvar potet skal ha plass til 1-2 kilo nye poteter.  Burde nok ha 30 cm avstand, men enda vel opp med rundt 20 for å få plass til alle….

Lett å setja poteter. Avstanden burde nok ha vore større, men eg var komen i enden på bedet, og der var ikkje meir plass… (Foto: Jan Inge Haga)

Desse sortane har eg sett

Eg greide nemleg ikkje å begrensa meg då eg handla settepoteter i år. Felleskjøpet i Hillevåg selda sju sortar i laus vekt, eg er jo så nysjerrig at eg blei frista til å prøva alle:

  • 25 stk «Arielle», tidlegpotet som eg fekk gode resultat med i fjor.
  • 10 stk «Carolus», halvsein
  • 10 stk «Asterix», halvsein
  • 10 stk «Van Gogh», halvsein
  • 10 stk «Troll», halvsein, blir store og «løgne»
  • 10 stk  «Mandel», sein
  • 10 stk «Pimpernell», sein

Kjekt at ikkje alle blir klare til å haustast samstundes.

Les meir om desse sortane her: «Jippi, sju sortar settepoteter!»

Tek lang tid å forgro settepoteter. Kjøpte desse den 23. mars, biletet er teke den 17. april.

I tillegg kom 2,5  kilo «Carolus» og

  • 2,5 kilo «Beate»

i posten frå ein potetbonde på Austlandet.  Alle desse fekk eg ikkje plass til i bedet. Det var to av dei som var på kurs hos meg i helga glade for. Så nå blir det «Carolus» og «Beate» både på Byhaugen og Tjensvoll…

Forrota «Arielle» til høgre. Forgrodd «Arielle» til venstre, men den har ikkje kome opp or jorda ennå. Her har eg ikkje eit tjukt kompostlag på toppen, for her er det meir enn nok god jord (som har blitt til gjennom å tilsetja masse organisk materiale).

Potetrace

Dei 25 «Arielle» planta eg den 12. april i eit bed i sørhellinga i hagen min saman med nokre eg hadde teke vare på frå fjorårets avling. Der pågår nå eit forsøk: Kven blir tidlegaste ferdig: Dei eg planta ut med røter og blad, eller dei som var forgrodde på vanleg måte (som bare hadde fått små groer/museøyrer).  Eg har skreve eit eige blogginnlegg om dette: Eksperiment tidlegpoteter. 

Kål og bønner

Eg har også planta ut seks ulike slag kål: Kule kål, knask for både små og store. 

Og bondebønner: Uplanting, ja! Bondebønnene på plass i bedet. 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: