Denne kvitløken veks opp or gamle tomatplantar

Eg nyt synet: Irrgrøne kvitløkspirer opp or dørkarmkassen. Ikkje så vakre som påskeliljene kanskje, men for eit sterkt symbol på vår! Og så godt det smakar! Ei oppleving alle som kjøper ferdig kvitløk går glipp av.
Den fyrste veka i april stakk spirene såvidt opp, så skaut dei fart då det blei over ti grader den 10. april.
Kvitløkbeiting
Nora (3), Malene (3) og Alvin (5) har også smaka på kvitløkspirene: Me bare bøyer oss ned og bit av litt her og litt der. Bæ, bæ, som om me var sauer..
Også dei likte smaken! Jysla sunt, forresten. Ikkje alle ungar som kjem heim til foreldra og luktar kvitløk etter at dei har vore ute og leika, he,he.
Som eg gledar meg til fersk kvitløk! Det er så utruleg godt!
Slik har me gjort det:
Kvitløken sette William(6), Sofie (9) og eg i fjor haust i oktober i ein stor kasse av to gamle dørkarmar. Kassen vart fylt av det eg rydda ut av drivhuset: Tomatplanter, agurkplanter, chili og jorda i plantekassane. Med eit toppdekke av lauv og eit trillebårlass kompost som Sofie (9) køyrde ut. Sjå her:



Til slutta dekka me med eit lag lauv og sand og la fiberduk over slik at kattane ikkje skulle bruka kassen til do.
Hurra for Øyvind!
All kvitløken hadde eg fått av min gode permakultur-ven Øyvind Erland som har dyrka han sjøl. Han kom med så mykje kvitløk, at me har ete masse heile hausten og vinteren (eg har ennå att nokre) pluss at me planta kjempemange i kassen. Eg har ikkje tal på kor mange.

Og nå ser det altså slik ut i kassen:

Når kvitløken blomstrer, utvikler den små løkfrø i blomsten. De setter jeg ned i kantene på bedda. Om 2 år er der utvikla fine kvitløk. Jeg napper også bladene av en omgang, mår jeg ser at blomsterknoppen er på vei opp. Bladene hakkes opp, fryses i poser og surres i oljevann fleksibelt matlagingen. Sunt og godt!
Mange takk for godt innspel! Må vedgå eg ikkje har vore tolmodig nok til å så kvitløkfrø…. Men kvitløkspirer er jo knallgodt!