Gammal hestemøkk gir bugnande bed

Gammal  hestemøkk  gir  bugnande  bed
Tusen takk til Ellen Jepson og hesten "Rosa" for møkk!

Så frodig! lyd ofte kommentaren når folk kikkar på grønsaks- og blomebed i hagen min – og på Leikeplasshagen.  Ellen Jepson og dei to hestane hennar må ta ein god del av æra for det.

Kvar vår har eg nemleg henta sekkevis med gammal hestemøkk som Ellen har måka ut av stallen. Møkka er blanda med høy og flis, så den er ikkje sterk, men er med på å gi jorda god struktur (luftig og porøs jord). Det er ikkje bare hønene som blir nøgde når dei får rota rundt i denne haugen…

Klukk, klukk! Ikkje bare hønene som likar å rota rundt denne dynga.. (Fotos: Jan Inge Haga)

Hønene og hanen til Ellen har det som «plomma i egget»… Er dei ikkje fine! Eg får lyst på høner kvar gong eg er hos Ellen.

9+9 sekker med møkk

Eg fylte sju halve sekker med slik brun, flisblanda møkk frå «hønehaugen» og to med svart, rein hestemøkk som Ellen hadde samla frå beitet og lagt i ein haug ved steingjerdet.  Møkka hadde lege ute eit år. Det var gode greier, det. Eg angra litt på at eg hadde fylt mesteparten av plassen i bagasjerommet med flisemøkka.

Det var ikkje plass til meir enn ni sekker i bilen til fotograf Jan Inge Haga som har teke desse bileta.

Veka før henta eg og mannen min eit tilsvarande lass.

Den brune flisemøkka blanda eg inn i «komposthaug»-beda på Leikeplassen.  Eit-par sekker gjekk også oppi to nye pallekarmar. Den svarte møkka brukte eg når eg planta ut massevis med ulike kålplantar (knutekål, brokkoli, brokkolini, spisskål og to sortar grønkål). Kvar plante fekk ein neve rundt seg. Eg laga ei grop i «massen» og blanda inn møkka i molda under.

Godt me har bybønder som tek vare på gamle, fine kulturlandskapet. Hesten heiter «Rosa». (Fotos: Jan Inge Haga)

Held landskapet fint

Det er ikkje bare hønene og hestane og kaninane Ellen tek godt vare på. Både ho og naboen Henning Stokke gjer ein stor og viktig jobb med å ta vare på det gamle kulturlandskapet her på Lierdal gard. Utan dei hadde det fort grodd til av kratt og ugras som tistlar, høymoll osv. Steingjerdene skal også passast på og vølast.

Naboen Stokke har sauer og lam av gammal rase. Lett å forstå at både små og store både i nabolaget og frå barnehagen i nærleiken likar å gå på tur her.

Har kome godt med

Det er ikkje bare grønsakene på Leikeplasshagen som får nyta godt av hestemøkka frå Ellen. Då eg anla mine to eigne grønsaksbed, gjekk det med mange sekker med hestemøkk.  Eg har også brukt det som toppdekke i staudebedet i årevis – særleg dei fyrste åra då jorda var tørr og skrinn. Hestemøkka har også fått fart både på kaldkompostbingen og varmkompostbingane.

Så tusen takk, Ellen!

Kloke høner

Kva med hønsegjødsel? Har faktisk ikkje tenkt særleg på det mens eg har vore hos Ellen!

For det fyrste  er hestemøkka ho treng å bli kvitt.

For det andre har me vore meir opptekne av hønene. Ellen har så mykje interessant å fortelja om kor kloke dei er, om kor gode mødre dei er. Ho forklarar at kvar  høne har sine personlege særtrekk, om kva dei ulike klukke-lydane tyder.

Og for det tredje trippar hønene hennar rundt ute, så det blir ikkje så mykje lort inne.

Åh, men eg har lyst på høner!

LES MEIR OM KOSS DU BYGGJER GOD JORD:

Dette fyller eg pallekarmane med: Fantastisk kompostjord

Derfor brukar eg masse tang og tare: Himmel og hav, så herleg med tang og tare!

Om jorddekking:  Hurra, eit lass med halm og skit!

 



4 thoughts on “Gammal hestemøkk gir bugnande bed”

  • No kjenner eg at eg må bort til naboen og hente den hestemøkka som eg har tenkt på så lenge 😊.

    • Ja, det må du! Heldige du som har nabo med hest! Hadde eg hatt det, hadde eg nok henta endå meir. Eg er avhengig av at noko køyrer meg for å koma til Ellen. Eg køyrer ikkje bil…

  • Veldig interessant å lese om hestemøkk. Hva gjør man om man bare får takk i fersk møkk blir det for sterkt? Har vært i kontakt med diverse rideskoler men får bare høre at møkken er dagsfersk og må behandles som spesialavfall. Mvh. Eldbjørg

    • Spesialavfall!! Fersk hestemøkk må du bruka mykje mindre mengder av enn gammal. Kjem også på om han er rein, eller blanda med halm og flis. Eg brukar gammal møkk som har lege ute på dynga ci 1 år. Fersk møkk passar best i varmbenk.Når eg brukar møkk (både hest og sau, har eg det ut i beda i februar/mars, slik at det får liggja ei stund og bli litt brote ned før eg plantar ut i slutten av april/mai.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: