Travelt på terrassen i april

Travelt  på  terrassen  i  april

«Så, du øver….», kommenterer nabo Rolf Johansen over hagegjerdet. Han ser eg ha sett meg ned med ein kopp te i ettermiddagssola på terrassen. Eg skrattar. Øver på å sitja i ro, er det han meiner. Det er jo umogeleg å sitja stille i meir enn fem minutt om gongen på denne tida.

For terrassen er full av brett og potter med ulike grønsaker og sommarblomar som enten må få ny og større potte eller plantast ut.

Det store brettet på terrassegolvet med seks ulike slag kål planta eg ut på tysdag (etter at dette biletet blei teke). Nå er golvet fullt att med andre grønsaksplanter og store potter med georgineknollar som har fått sine fyrste blad.

Fennikelplantar er så fine! Både som små og som store og fullvaksne.

På bordet står fennikel (dei frynsete lysegrøne), – rødbeter («Bulls Blood») er dei røde blada i den eine trekassen. Dei søte grøne i den andre trekassen er bladpersille. Her er også blomkarse og solsikker som Alma, Sunniva og Christina (barnebarn) sådde i påska og setteløk som dei tre jentene sette.  Solsikkespirene står saman  med små svartkålplantar i den blanke boksen.

Blomkarse som tre barnebarn sådde i påska.

Blomkarse er mellom sommarblomane eg alltid må ha. (Her er ti grunnar til det). Sjå på dei skjønne små blada! Dette er slyngblomkarse. Dei nusselege spirene du ser her, vil kunna dekka rundt 20 kvadratmeter. Det er nemleg slyngblomkarse…. Planen er å la dei veksa saman med graskar under frukttrea på Leikeplasshagen.  Og under bærbuskane – der som påskeliljene nå står og lyser gult. (Historia om korleis dei hamna der og ikkje enda på dynga som planen var, kan du lesa her).

I svarte brett på steinhylla står småplantar av Romanesco (ser ut som lysegrønt taggete blomkål) og savoykål. Dei skal få veksa seg ein god del større før eg plantar dei ut.

På terrassegolvet: Fremst bondebønner. På brettet: seks ulike kålslag. I benken: Reddik, spinat, vintersalat, maineper. plukksalat. (Foto: Margunn Ueland)

Både bondebønner og kålplantene som du ser på dette biletet eg tok den 7. april, planta eg ut i starten av denne veka.

Les meir om det her:

Kule kål, knask for både store og små.

Utplanting! Ja! Bondebønnene på plass i bedet.

Her i Stavanger har me hatt over ti grader på dagtid sidan den 10. april. Den 19. april var som ein sommardag med 15-20 grader! Då eksploderte alt i hagen!

Men nå er det «back to normal»: I morges viste gradestokken to grader klokka 06:30. Meldt regn og 4-7 graders vêr mest heile veka.  Så då blir det tid til å skriva om alt det andre som har skjedd her dei siste dagane..

 

 

 



4 kommentarar om “Travelt på terrassen i april”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: