Stor spenning: 11 sortar graskar sådd. Koss vil dette gå?

Stor spenning: 11 sortar graskar sådd. Koss vil dette gå?

Det var sist sundag. «Meir!» forlangte Malene (3) etter at ho hadde sådd gulerøter mellom kvitløkspirene og broren Alvin (5) hadde sett mandelpoteter i eit lite bed. Alvin såg forventningsfullt på meg. Graskar. Klart me måtte så graskar.  Det var noko av det som fasinerte ungane mest i fjor. Dei veks jo så fort!  Ikkje mindre enn 11 ulike sortar hadde eg i kassen med førposar

Sofie (9) og eg sat og bladde i frøkatalogen i vinter: Det må me ha, og det  og det…. Det var så vanskeleg å velja at eg sette all fornuft til sides og let det stå til.

Stort, så klart!

Stort eller lite? Alvin og Malene fekk velja mellom to frøposar: Oransje mammutgraskar «Rouge Vif d’ Etampes» som kan få graskar på 8-10 kilo og små, pæreforma, oransje «Uchiki Kuri» med frukter på 1-3 kilo. (japansk vintersquash).

«Stort, så klart!» Alvin var aldri i tvil. Passa godt, for Malene likte best dei små. Ho syns det var så gøy å seia «Uchiki Kuri». “Uchiki Kuri”, “Uchiki Kuri”, messa me, reine hekseformularet.

Å fylla molda opp i små plastpotter med kvar si spade, gjekk som ein leik. Bare kjekkare enn i sandkassen, erklærte Alvin.

Så djupt ned skal frøet! Malene likte å stappa tommelen ned i molda.

Så spanande å opna frøposane og ta frøa ut! Kvite og lysegule. Malene ville helst ha dei i lomma si, så fine syns ho dei var.

Kor stort var frøet? Halvparten så stort som tommelefingeren til ungane. Altså måtte dei stikka heile tommelfingeren ned i potta for å laga stort nok hol.

Minst like kjekt var å vatna pottene etterpå. Godt eg har nokre små vannekanner  med sil. Og då graskara hadde fått sin dose, var trikset å utstyra Malene med ei dusjekanne.

Det gjekk med eit par vannekanner….. Vatning er alltid gøy. (Foto: Ragnar Fossen Olsen)

Skriving, rekning og mais

“Meir!” forlangte Malene. Då måtte det bli mais! Fjorårets mest populære grøde på Leikeplasshagen.

18 frø, talde Alvin. Kor mange små grøne plastpotter hadde me att på terrassen? 16. Då må du henta to til, kom Alvin fram til..  “Grøne potter”, bestemte Malene.

Også maisen blei grundig vatna..

Alvin har sjøl merka sine to Mammutgraskar.

Godt Alvin hadde brukt vatnfast tusj på merkepinnane. Han greidde å skriva både ALVIN (på graskarpinnen) og MAIS , sjølv om han ikkje skal begynna på skulen før til hausten.

Spirte innan ei veke. Alvin sin to mammutgraskar er størst. (Foto: Margunn Ueland)

Maisen vart sett til spiring i drivhuset, graskara på badet. Den vil helst ha 25 grader for å spira.

Malene sine to spirte allereide på torsdag (19. april). Alvin vart litt betutta over at Malene sine blei fyrst, men smilte stort då hans spirte på fredag. Og dei var endå større enn Malene sine!  Straks graskara hadde sprengt seg ut av det harde frøskalet og sto der med bøygd nakke, sette eg dei ut i drivhuset. Hadde dei blitt ståande på badet, hadde dei vakse for fort og blitt svake av mangel på lys.

Dei andre ni sortane var det meininga Sofie (9) og eg skulle så. Men den unge dama har det så travelt med handball og tennis og veninner og lekser at til slutt sådde eg dei sjølv…

Malene sine to “Uchiki Kuri” ser då flotte ut. Dei spirte aller først. Bak: Jungelagurk og to sortar sommarsquash/courgette. Sommarsquash og agurk sår eg også i siste halvdel av april. (Foto: Margunn Ueland).

Her er alle 11 sortane:

  1. Mammutgraskar “Rouge Vif d Etampes”, oransje, runde, kan bli 8-10 kilo.
  2. “Babybear”: Rundt, oransje, dekorativt, lite graskar på ci 1 kilo
  3. “Trombocino”: Små, gule, kjegleforma graskar med bøygd hals, liknar litt på ei svane!
  4. “Uchiki Kuri”: Oransje,pæreforma, rundt 1-2 kilo. Vintersquash.
  5. “Waltham Butternut”: Pæreforma frukter på cirka 2 kilo, beige utanpå, oransje inni. Vintersquash.
  6. “Marina di Chioggia”:  Store, plattrunde, grågrøne, knudrete frukter. Vintersquash.
  7. “Sweet Dumpling”: Små,kremkvite frukter med mørkegrøne striper på 2-300 gram. Vintersquash.
  8. Turbangraskar: “Giraumon turban”.  Ser utruleg kule ut: Guloransje nederst og lyse/kvite øverst med grøne, røde og kvite striper midt på. 1-3 kilo store. Vintersqaush.
  9. “Lakota”: Ein gammal sort vintersquash som Laota-Siox-indianarane fyrst dyrka. Dråpeforma, store frukter på 2,5-3 kilo, oransje med mørkegrønt “flammemønster”.

Det var dei ni sortane eg kjøpte.  I  tillegg bytta eg frø med Anne Endresen/@annemorshage, og dermed fekk eg to spanande sortar til:

  1. Spagettigraskar: Avlange, lysegule frukter med lysegult fruktkjøt som liknar spaghetti.
  2. “Green Hubbard”:  Blir store mørkegrøne vintersquash.
Graskar “Olga” og blomkarse under frukttrea på Leikeplasshagen i fjor sommar. (Foto: Margunn Ueland)

Har me plass til alle?

Kremt, host, hark, det var det ja. Dei største skyt rankar på 3-5 meter, dei minste får rankar på 1-2 meter.  Planen er å la dei dekka det 20 kvadratmeter store området under frukttrea på Leikeplasshagen. I fjor planta me fire graskar her. Dei dekka vel halve plassen.

Nå gjeld det bare å laga kompost nok til alle. Graskar og vintersquash likar det. Dei treng mykje næring og vatn.

Over ti grader

Det kan bli trangt i drivhuset i mai. For graskar og vintersquash bør ikkje plantast ut før temperaturen ligg over ti grader konstant.

Ulike kål og bondebønner derimot, treng ikkje ha det så varmt. Dei planta eg ut i starten av veka. For nå reknar eg ikkje med at me får frost meir. Les meir om det her:

Utplanting! Ja! Bondebønnene på plass i bedet. 

Kule kål – knask for både små og store. 

Kan bli trangt i drivhuset

Ein grunn til at eg har hatt det travelt med å prikla/potta om og flytta ut brett og kassar og potter med planter frå drivhuset til terrassen i det siste, er mellom anna for å skaffa plass til maisen og graskara som kjem til å breia seg temmeleg kraftig i vekene framover…

Sommarsquash/courgette og ulike typar agurk sår eg også i siste halvdel av mai. Tomatplantene vil også trengja meir plass.

Andre forsøk

PS: Eg sådde “Uchiki Kuri” for tre år sidan som eg sette ut alt i mai. Det vart ein kjøleg mai, og Kuri-en likte seg ikkje i det heile teke. Det vart bare nokre puslete gule frukter som datt av stilken. Eg hadde også synda med jorda. Hadde planta dei i djupe plastkassar med sekkejord…  Hjalp ikkje om eg gav dei gjødsel.

I fjor var faktisk fyrste året eg fekk til graskar. Det var nakenfrøgraskar “Olga”.  Ein heil stor varmkompostbinge blei  fordelt i fire store groper, ei til kvar plante. Etterpå dekka eg jorda med tjukke lag gras frå ein rundballe.

Så nå, Malene, dette året må me få til “Uchiki Kuri”.  Det betyr at du må seia til far at han må koma bort her med graset når han har klypt plenen.

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: