Kule kål – knask for både små og store

Kule  kål  –  knask  for  både  små  og  store

Eg har gjort det igjen. Sådd meir enn eg har plass til.

Bittesmå frø i seks bittesmå boksar i slutten av februar: Spisskål «Early Jersey Wakefield», knutekål «Wiener Blue», brokkoli, brokkolini, russisk grønkål «Ragged Jack» og afrikansk grønkål «Sukuma Wiki».

Nå fyller dei fleire bed….16 kvadratmeter til saman…  Ungane i gata har alt starta å knaska på brokkoliniskot…

Tok sjansen

Eg tok nemleg sjansen og planta ut kålungane mine denne veka. Nå var dei blitt så store, at enten måtte dei pottast om ein gong til, eller så måtte dei plantast ut. I  solsteiken på terrassen tørka dei fort ut i dei små pottene. Men ikkje før dei var på plass i beda, droppa sjølsagt temperaturen. Ja, ja, bare det ikkje blir frost. Kålplanter treng ikkje ha det varmt. Det kaldaste det er meldt framover, er tre plussgrader.

Sånn såg dei ut den 27. februar… (Foto: Jan Inge Haga)

Når du ser på dei fyrste bittesmå spirene, er det vanskeleg å førestilla seg kor store dei skal bli. Sjølv om eg jo veit det! Eg har jo dyrka mange ulike slag kål før! Tenk om ikkje alle spirer, tenk om nokre døyr, tenk om — Men spirer gjer dei og gror og gror!

Etter prikling/ompotting tok dei opp omtrent heile plassen på den eine drivhusbenken. Ved påsketider flytta eg dei ut på terrassen. Både for å få plass til andre spirer i drivhuset og fordi eg vil ha sterke plantar.

Den 17. april var kålspirene blitt så store… Fremst frå venstre: Brokkolirybs, brokkoli, knutekål, grønkål «Ragged Jack». Bak frå venstre: Brokkoli, grønkål «Sukuma Wiki», spisskål «Early Jersey Wakefield». (Foto: Jan Inge Haga)

Lys, lys, lys, masse lys, er det aller viktigaste for plantene. Sjølv om det er bra med lys i drivhuset mitt, blir det for varmt for kålgjengen når sola står på. Då kjem temperaturen fort opp i 20-25 grader. Då veks dei rett og slett for fort! Særleg gjeld det grønkålen. Den vil eg skal få tjukke, sterke stilkar, for den skal jo bli bortimot 70 centimeter høg.

Nam, nam!

«Broccolirybs» har eg ikkje prøvd meg på før. «Broccolirybs» er det svenske namnet. Lurer på om det er brokkolini på norsk? Njei, ser ikkje heilt sånn ut. Nokon som veit?

Heiter i alle fall «Cime di Rapa» på italiensk. Knallgod! Både blada og dei små «blomsterbukettane» er etaande. Italienarane pleier å forvella dei kjapt og servera dei med øyreforma pasta (Orecchiette). Over heller dei kvitløk, chili og gjerne nokre brødsmular frest i god olje. Ofte slenger dei i nokre ansjos også. Enkelt og godt!

Ungane i gata har ikkje tenkt å venta på den retten. Dei har alt begynt å «beita», hah, hah.  Dei pleier å dukka opp når eg er ute og putlar på. «Planta!» sa Malene (3) og sette dei store, grøne augene i meg. «Kan me få vera med?» spurde Alvin (5). Dessverre var jobben gjort, så denne gongen fekk dei ikkje vera med.  «Maga!» forlangte Nora som fyller tre år på fredag. «Godt!» var smaksdommen etter at ho hadde gumla på ein liten brokkolini, både blomsterskot og blad.

Dermed blei det så mykje smaking at det såg ut som ein hær sneglar hadde vore på ferde. Og brått sto Malene og Nora der med ein kvar sin brokkolini i neven med rota dinglande i lause lufta. Fort gjort å nappa opp ein heil plante.. Ja, ja, dermed fekk dei noko å planta likevel..

Brokkoli fremst og brokkolirybs bakerst. I kassen til høgre: Kvitløk. Dei måtte ungane sjølvsagt også smaka på. Javisst likte dei det! (Foto: Margunn Ueland)

Brokkoli måtte eg jo også planta på Leikeplasshagen, ungane elska å gå å knaska på unge skot i fjor. Men i år ser det altså ut som om brokkolini blir favoritten..

Knutekål – har eg heller ikkje hatt før.  Svenskane sitt namn på den er «Kålrabbi». Den ser ut som ein liten kålrabi/kålrot som veks oppå jorda. Har sett lysegrøne i butikken, eg har sådd og planta ein som blir lilla. Ser utruleg kule ut på biletet på frøposen.

Kålvekster vil ha god jord. Dekka med lauv og litt flis (for at lauvet ikkje skulle blåsa vekk) i fjor haust og med sauemøkk i slutten av februar. Her plantar eg knutekål. Gler meg til å sjå korleis dei blir! I bedet bak veks tidlegpotet «Arielle». (Foto: Jan Inge Haga)

Luksusgrønkål

Grønkål «Ragged Jack» har frynsete blad – minner om store eikeblad. «Sukuma Wiki» har ovale, glatte blad. Begge er dei to grønkålsortane eg har prøvd som er mildaste i smaken og best å eta rå (som salat), særleg når blada er unge.

Då dotter mi var heime sist helg, laga me årets fyrste salat av unge grønkålblad. Herleg saman med røde kidneybønner, avocado, sitron (og tahini hvis du har).  Men ikkje gjer som ho (kremt, kremt), ikkje plukk alle blada frå to-tre plantar.  Ta bare eit blad frå kvar nå i starten. Om ikkje lenge kan de plukka ei heil salatskål frå bare ein plante!

To sortar grønkål fyller mesteparten av dette bedet. Med kant av knutekål (fremst) og spisskål. I bedet bak veks bondebønner. (Foto: Margunn Ueland)

Fukt og næring

Flesteparten av grønkåla  skal nå få veksa i bedet nærmast granhekken på Leikeplasshagen. Der er det ikkje sol heile dagen, det passar nok grønkålen bra. Har erfart at særleg «Sukuma Wiki» heng litt med blada på varme dagar midt på sommaren når sola steiker.

Planen var å planta alle der, men bedet vart fort fullt. Måtte derfor ta to andre i bruk: Dei er anlagte oppå grus og sand – så er litt redd det kan bli i tørraste laget for kålen som treng mykje vatn.  Men me pleier ikkje å mangla regn her i Stavanger… Har dessutan blanda inn masse organisk materiale (grov kompost, lauv, tang og tare, gras, litt hestemøkk), det hjelper også. Og jorddekke av halm.

Så lukke til, kålungane mine, veks og bli store og sterke!

PS: På terrassen står tre brett med savoykål, romanesco og svartkål. Kor skal eg planta dei, mon tru? Og ennå har eg att nokre «Ragged Jack» og  «Sukuma Wiki»…

Les meir

Denne veka (veke 16) har eg også planta ut bondebønner: Utplanting! Ja! Bondebønnene er på plass i bedet.

Eg har også sett poteter. «Arielle», ei god tidlegpotet, planta eg på to måtar: Ei forgrodd på vanleg måte og ei forrota (planta ut med både røter og blad): Eksperiment tidlegpoteter. 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: