Nå eksploderer det i hagen!

Nå skjer alt på ein gong! Plutseleg vart det meir grønt liv enn brunt i staudebedet.
Gullkorg står i knopp, lungeurt som bare så vidt viste seg med sølvprikkete blad i helga, har fått både rosa og blå blomar.
Kuleprimula kom tysdag med grøne guler heilt nede med bladrosetten, i morges fyltes kula med bittesmå lilla blomar, og snart lyftar stilken kula opp. Himmelblå vårkjærminne lyste mot meg rundt postkassen.

Ja, for eg har framleis att tre staudebed i hagen, sjølv om eg har spadd opp tre andre for å få plass til grønsaker og bærbuskar.
Bærbuskane har også sprutte ut nå: Eg synes dei små, lysande, grøne blada er så fine! Særleg dei av solbær. Og så luktar det så fantastisk! Så glad og fasinert eg bli: Tenk: Der står dei månad etter månad, brune og nakne, ser mest halvdaude ut, og så poff! Liv!

“Spring”, det engelske ordet for vår, dekkar det som nå skjer: Alt spring ut. Her seier med springa der østlendingane seier “løpe”. Ordet har same opphav. Kanskje fordi me blir så glade når våren kjem at me får lyst å både hoppa og spretta!

I morges gledde eg meg over ikkje mindre enn fire humler på lungeurten! Humlene er glade i blå blomar. Og kva er vel betre lyd enn humlesurr!

Nå er det ikkje bare dei små, tidlegaste påskeliljene som lyser gult, i dag morges blei eg helsa god morgon av ei lang rekkje “Golden Harvest” langs hagegjerdet.

Sol og 20 grader er meldt, men sola har ikkje borte gjennom ennå. Påskeliljene, snøstjerne og russeblåstjerne er sikkert glade for det. Blir det for varmt, varer ikkje bløminga lenge..
Eg har funne fram solkremen og solstolen. Blir nok ikkje sitjande der så lenge om gongen, for eg har hundrevis av planter som må plantast ut og/eller pottast om.
Ha ei super dag!!!
Utrolig inspirerende å lese bloggen din.
I år har jeg for første gang samlet inn løvetannblader og lagt i vann (idag). Dessuten har jeg hentet tang og tare sammen med barnebarn og ‘pyntet’ hagen. Nå er jeg veldig spent på hva stauder og busker gir tilbake.
I går kjøpte jeg bondebønner etter tips fra deg….. Dette blir spennende. ?
Åh, tusen takk! Det gledar meg! Håpet mitt er nett at fleire skal bli inspirerte til å gå i gang – det er så utruleg givande! Gildt å ha med ungar i hagen. Naboungane pleier som regel å dukka opp når eg er ute i hagen. Gled deg til bondebønnene! Ta barnebarna med når du skal “pakka opp” dei fyrste belgane:) som å opna eit smykkeskrin…