Utplanting! Ja! Bondebønnene på plass i bedet

Utplanting!  Ja!  Bondebønnene  på  plass  i  bedet

Dette har eg lengta etter! Utplanting! Fyrste vekst ut på Leikeplasshagen: Bondebønner. Ei sann glede å dyrka:  Sjå på dei flotte kvite røtene og dei sterke stilkane!

Nå har me hatt over ti grader her i Stavanger sidan 10. april, og ikkje under 5 grader om natta. Eg er overlukkeleg! Vanlegvis kan me få nattefrost i månadsskiftet april/mai, men nå viser langtidsvarselet at det ikkje blir under fem grader fram til 27. april. Då tek eg sjansen!

Kom an baby, nå skal få meir plass til røtene dine.

Eg sådde mine i «roottrainers» i drivhuset den 25. februar. Første veka i mars låg temperaturen på rundt null grader i drivhuset, men den 10. mars strutta kraftige spirer opp or jorda.

Bondebønnespirer den 12. mars. (Foto: Margunn Ueland)

For at dei ikkje skulle veksa seg lange og tynne (sjølv i drivhus med godt  lys), sette eg dei ut i ein kasse på terrassen ei veke etterpå. Sidan har dei stått der  (bare fått eit lag fiberduk over seg på netter med eit par minusgrader).

Nå var både dei og eg utolmodige etter å få planta dei ut, for det skjedde både ein og to gonger at dei hang med hovuda på solskinsdagar dei ikkje hadde fått nok vatn.

Kraftige røter, vitnar om god veksekraft.

Dei får stå i eit av dei bakerste beda nærmast granhekken – noko skugge får dei tola. Dei treng ikkje ha det så varmt. Jorda under dekket av lauv og halm var fuktig og småkald. Var ikkje særleg mykje jord i botnen, eg satsar på at dei veks godt likevel.

Eg laga så store groper i kompostmassen at mesteparten av stilken kom nedi og trykte godt til. Dermed står dei stødig.

Plantar djupt for at dei skal stå stødig. Håpar dei likar det.

Kva sort? Veit ikkje! Fekk nokre fine brunlilla frø av Øyvind Erland – han har lært meg mykje om økologisk dyrking og permakultur.

Ferdig! Håpar de får så sterke stilkar at eg slepp å støtta dykk opp!

Dei fire lette

Kva er lett å få til? spør folk når eg har kurs og foredrag. Bondebønner, setteløk og settepoteter, er dei tre fyrste eg då nemner. Burde nok også lagt til sukkererter!  Alle desse kan du bare setja rett ut. Av desse treng setteløk mest varme.

Det er ikkje naudsynt å forspira bondebønner. Du kan så dei rett ut nå. I alle fall her på Sørvestlandet. Også andre stader i landet så lenge det ikkje er tele i jorda. I England pleier dei å så ute i slutten av februar. Bondebønner skil seg nemleg frå andre bønner (som ikkje kan plantast/sås før det er minst ti grader i jorda), dei er ein bønnevikke.  Eg har også sådd bondebønner rett ut i februar/mars – det gjekk fint – sjølv om det kom litt frost (rett nok før dei spirte).

Les meir om bondebønner og sjå fotos av frø og ferdige bønner i Heftige bondebønner for bybønder. 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: