Gul glede i april – og om koss påskeliljene blei redda frå dynga

Gul glede i april – og om koss påskeliljene blei redda frå dynga

Påskeliljer, påskeliljer over alt! Må jo bare bli glad! Over at VÅREN endeleg er her for fullt.  Plutseleg  skaut dei opp or det brune dekket av lauv og flis under bærbuskar og frukttre og farga beda gule.

HO-HO, ny versjon: I går gløymde eg å skriva historia om koss påskeliljene du her ser  blei redda frå å hamna på dynga i fjor vår:

Redningsaksjon&speedplanting

Eg skulle bare ein rask tur ned til Håland hagesenter på Stokka i Stavanger før eg skulle bli med syskenbarnet mitt til Ualand.  Ein varm fredag i mai. Vil du ha påskeliljer? spurde Walter (sjefen, blid, kjekk og raus kar som eg har kjendt i 30 år).

Njei, eg har ganske mange, koss då? svara eg.

Eg skulle nett avgarde og tøma dei siste på dynga. Det er slutt på sesongen nå, svara Walter.

Du kan jo ikkje kasta dei! utbraut eg.

Hopp inn i bilen, så skal eg køyra deg heim, så tek med påskeliljene med i same slengen, sa han.

Javel, eg trudde han snakka om vanleg bil. Men det var ein pickupbil. Lasteplanet var fullt! Av mest avblomstra små påskeliljer i gule potter.

Åh, herligheden! Så mykje! Walter bare smilte, bruk det du vil, og lag kompost av resten, så køyrde han.

Det blei speed-planting, kan du seia. I to timar bånn gass frå 14-16.  Eg pøste på med trillebårlass med halvrotna lauv frå kaldkompostbingen, for jorda var i skrinnaste laget. Naboar kom forbi: Vil du ha påskeliljer, bare ta sa eg. Ei gjekk heim og henta trillebåra. Skuleungar passerte: Ta med deg nokre blomar heim til mor, sa eg, og det gjorde dei sjølvsagt.

Syskenbarnet mitt Grete og mannen Arnfinn kom med ledig plass på tilhengaren. Dermed blei det påskeliljer på Brattabråde på Ualand også.

Herleg Walter! Nå skulle du ha sett kor fint det blei!

(NB! Dette innlegget er IKKJE sponsa, påskeliljene fekk eg som sagt i fjor).

Sofie (10) plukkar to små påskeliljer som veslesystera skal få med seg i barnehagen. Kvistane som stikk opp er frå blåbærbuskar. Grasløk i krukka til venstre. (Fotos: Jan Inge Haga)

I alt det gule er det deileg med noko blått: Under to frukttre  dinglar Scilla med himmelblå klokker, eg synes fargen er så fin! William (5) og eg planta dei og krokus under frukttrea i fjor haust.

Under hasselbuskane sette me krokus. Dei takka for seg då varmen kom – me hadde minst 15 grader i helga.

Scilla – sjå på den fargen!

I min hage er det dei store gule “Golden Harvest” som dominerer i beda i april.  Eg kjøpte ein pakke på 20 stk. for vel 30 år sidan.  Sidan har eg spadd opp tuene og fordelt dei rundt om i heile hagen: Kvar løk set nemleg små sideløk som veks seg til. Etter nokre år blir dei ståande for tett. Då blir bløminga dårligare. På tide å spa dei opp og planta på nytt, slik at løkane får betre plass.

 

“Golden Harvest”.

Sjølv om eg har mange påskeliljer, blir eg ofte frista til å kjøpa nye – både om løkar om hausten, og ei potte eller to om våren. Då får dei stå til pynt i krukker ved inngangen. Etter at dei er avblømde, plantar eg dei ut i eit bed. Dei du ser her med oransje trompet – “Jetfire” står i bærbuskbedet mitt i sørhellinga. Dei var dei aller fyrste som viste seg i år.

Eg er temmeleg sikker på at dette er “Jetfire”.

Ein av dei aller finaste vårblømande laukane synes eg er snøstjerne:

Snøstjerne.

Tidlegare år har rådyr ete opp tulipanane mine. Dei kom til og med opp på trappa og åt opp dei som stod i ei krukke rett utføre inngangsdøra.

Likevel tok me sjansen på å setja nokre laukar i fjor haust. Dei tre nærmaste naboungane fekk fylla kvar si krukke. Resten planta me ut i eit lite nylaga bed. Sofie hadde valde seg ut rosa “Angelique”. Nå står dei fyrste alt i knupp.

Jammen har det kome knoppar på tulipanane!

Sjekk den fine merkepinnen!

Sofie er glad i blomar.

Klosterklokkene som saman med krokus var redninga i mars, takkar nå for seg.

Lær av Sofie

Tidlegare i år har Sofie sådd reddik. I balje. Det greier du også! Sjå korleis Sofie gjer det her.

Ho sådde i drivhuset i starten av mars. Så sant det ikkje er frost ennå der du bur, kan du så utandørs nå.

Sofie har også prikla/potta om små spirer av brokkoli. Korleis ho gjorde det, kan du sjå her. Nå har vakse seg store nok til at dei kan plantast ut.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: