Eksperiment tidlegpoteter

Eksperiment  tidlegpoteter

Kva går raskast?  Å leggja settepoteter til groing på vanleg vis og så planta dei ut når dei har fått «museøyrer»?  Eller fyrst planta settepotetene i ein kasse med jord i drivhuset og så planta ut?

Kjekt med eksperiment, – eg prøver begge deler med same potetsort: Tidlegpoteten «Arielle».

Eg hadde teke vare på nokre «Arielle» av eigen avling. Dei var friske og fine, og låg i kjøleskapet i en pose heile hausten og vinteren. Framleis fine i slutten av februar. Desse la eg i ein kasse med eit lag jord over. Etter nokre veker stakk blad opp or jorda.  Den siste tida har dei stått ute i kassen – eg har bare bore dei inn i drivhuset på netter med frost.

Tok sjansen

April kom med varme, og dei vaks som bare det. Så når sola fekk temperaturen opp i 15 grader her om dagen, vart eg freista til å planta dei ut.  I det beste kjøkkenhagebedet mitt i sørhellinga.

Risikabelt, for bladene på potetene toler ikkje frost. Eg tok sjansen.

For eg hadde også eit eggebrett med «Arielle» som ikkje hadde fått blad ennå, bare nokre ørsmå groer.

Dei eg kjøpte rett før påske. Å setja dei ut nå, er trygt, for ei minusgrad eller to vil ikkje nå ned i «renna».

Bare små groer på desse potetene. Legg merke til meitemarkane! Dei har kosa seg med lauv i vinter.

Så nå skal dei få veksa side om side. Det blir spanande å sjå koss det går!

Klar til planting. Eg let bare bladene stikka opp.

Vil dei med bare små groer ta att dei med «lauv» og «røter»? Eg spurde butikksjefen på Felleskjøpet i Stavanger om det gjekk an å «førplanta» settepotetene i jord. Han meinte det ikkje var så lurt; han frykta røtene vil bli forstyrra ved utplanting.  Nå får me sjå!

Eksperiment settepotet.

Eg har sju andre sortar settepoteter som ligg til groing. Dei skal snart plantast ut på Leikeplasshagen.

Fyrst må «komposthaug-beda» få liggja å godgjera seg litt. Eg blanda nett inn tang og tare og litt gammal hestemøkk.



4 kommentarar om “Eksperiment tidlegpoteter”

    • Hei! Takk! Ja, er slik eg gjer det. Hadde god erfaring med det i fjor. Blir spanande å samanlikna i år – når eg har planta halvparten av Arielle på denne måten og resten på vanleg måte.

  • Spennende å høre hvordan det går. Det handler jo om å komme tidlig i gang, vi som har så kort sesong for dyrking. Ikke rart vi er utålmodige 🙂 Lykke til !

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: