Fantastisk kompostjord!

Fantastisk  kompostjord!

Vil du ha god jord? Kom, skal eg visa deg koss eg gjer det. Sjå her:  Moldhaugen på bakken har blitt til av «lasagne» av lauv, gras frå rundballe, tang&tare, blad og stilkar frå avblomstra stauder, gammal hestemøkk og grov kompost.

Kor lang tid det tok?  Åtte månader. Den 11. august 2017 plasserte eg to doble palllekarmar bakerst ved hekken på Leikeplasshagen.  Eg fylte begge meir enn halveges opp med denne blandinga (1,5 pallekarm i høgda). Så toppa eg  med eit trillebårlass jord frå kjøkkenhagebeda.

I fjor haust dyrka eg kinakål, vårløk, maineper og grønkål i desse karmane.  Nå var jorda «sunken saman». For når haugen på botnen av lauv, gras osv. blir omdanna til mold, tek det mindre plass.

Dei to nederste pallekarmane er nett fylte med halm, lauv og grov kompost frå varmkompostbingen.

I dag starta eg to nye «jordfabrikkar» i desse pallekarmane:

Fyrst lyfta eg av det tjukke laget med halm eg hadde lagt på i slutten av februar, og la det til sides. Under halmen krelte det av meitemark.

Deretter grov eg ut jorda.

Så starta eg på ny: Fylte dei to nederste pallekarmane med halmen, lauv, tang og tare og vel halvparten innhaldet i varmkompostbingen.

Tang og tare som eg sanka i påska kom godt med nå.

Bingen vart fylt i oktober i fjor då eg rydda Leikeplasshagen for mengder av frosen blomkarse, pluss sanka sekkevis med lauv. Eg har også hatt oppi avkapp frå kål og andre grønsaker eg har hausta pluss matavfall.  Pluss ei bøtte med ølbryggjaravfall som eg fekk av ein journalistkollega.

Slik såg det ut i varmkompostbingen i dag, den 10. april 2018 (etter at eg har gravd ut det øverste laget).
Slik såg det ut inni den same varmkompstbingen i slutten av februar 2018. (Foto: Jan Inge Haga).

Oppå laget av avfall og kompost i pallekarmane spadde eg så tilbake halvparten av jorda eg hadde gravd ut frå pallekarmane. Det sprella av meitemarkar.  Dermed var to doble pallekarmar fylte.

Jorda du lagar av avfall blir mykje betre enn den torvjorda du kjøper i sekker.

Den andre halvparten av komposten og molda brukte eg på toppen av eit anna nydanna bed (anlagt i fjor haust),  det firkanta bedet framføre pallekarmane.

Fyrst tok eg av det tjukke laget av halm og hadde det oppi varmkompostbingen.

På den måten fekk eg altså fleire trillebårlass super jord. Jord som ikkje bare er stappa med næring, men med trillionar av nyttige bakteriar og soppar og ikkje minst meitemarkar.  Det er markane og alt det andre livet som skal danna nye lag med halm, lauv, tang og tare osv til jord.

Jo fleire meitemarkar, jo betre jord.

Med slik jord treng eg ikkje gjødsla. Plantene tek opp den næringa dei treng, når dei treng det.

Eg elskar dette! Tenk at dorullar, epleskrottar, appelsinskal, kaffigrut, lauv, avblomstra sommarblomar og harde, tjukke kålstilkar har blitt til porøs og fin mold.

Godt å få rydda litt i staudebedet. Avfallet hamnar i varmkompostbingen og skal bli ny jord.

Varmkompostbingen fylte eg att straks: Med halm, ein balje med visna blad, kvist og kvast frå oppryddinga i staudebedet, to bøtter lauv, ein halv søppelsekk med utrensk frå eit kaninbur (barnebarna på Sola har kanin).

Om våren og utover sommaren går omdanninga til jord raskare enn om vinteren.

Ferdig! Har lagt fiberduk over den eine karmen i håp om at jorda då vil bli fortare varm og at nabokatten ikkje vil bruka kassen som do…

Nå skal innhaldet i dei to doble pallekarmane og jorda i  firkantbedet framføre få stå å godgjera seg litt nokre dagar (veker, kjem an på kor varmt/kaldt det blir framover). Eg vil at jorda skal bli varmare før eg plantar ut. Den har nett tint.

Eg har ikkje heilt bestemt meg kva som skal veksa her. Planen var rødbeter i firkantbedet og squash i pallekarmane.

Men det spørs om det ikkje blir noko anna: Det som fyrst kan plantast ut av grønsakene eg har sådd og som nå står i brett og kassar i drivhus og på terrassen.

Interessert i å lesa meir om koss du får god jord?

I slutten av februar dekka eg beda med halm frå kalvegardane til ein bonde på Ullandhaug. (Foto: Jan Inge Haga).

Om halm og gras frå rundballe har eg skreve innlegget «Hurra! Eit lass med halm og skit!» 

Det er best å henta tørr tang. Mykje lettare å bera. Du kan smuldra han opp og strø ut i beda. (Foto: Rolf Norås)

Om tang og tare skreiv eg dette innlegget i påska: «Himmel og hav så herleg med tang og tare!»

 

 

 

 



2 kommentarar om “Fantastisk kompostjord!”

  • Betyr det at jeg kan ta ut halvparten av jorden i kassene mine legge på jord fra varmkomposten og deretter den gamle jorden på toppen og så plante rett i det nå om noen uker når det er blitt varmt? Jeg har alltid trodd at jorden fra varmkomposten må modnes et halvt års tid før jeg kan bruke det..

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: