Velkomen inn i mitt elskede drivhus!

Velkomen  inn  i  mitt  elskede  drivhus!
I mai skal dette og mange andre bed fyllast med grønsaker som starta livet sitt i drivhuset.

Kva skulle eg ha gjort utan drivhuset mitt?

Her alar eg opp alle grønsakene og sommarblomane. Når dei er planta ut i mai, overtek tomat, agurk, aubergine og chili plassen. Her overvintrar sitrontre, pelargoniar, blodbeger, blømande potettre og georgineknollar.

Eg nikosar meg året rundt.

Bli med inn og ta ein titt! I dette innlegget skal eg også prøva å svara på alle spørsmåla eg har fått om drivhuset.

Fremst på benken til høgre ser du frøsådd løk og purre. Dei fine frynsete spirene er fenikkel. På bakerste benk frå venstre: Setteløk, stangselleri, tomat og chili.

Lang historie…

Grunnen til at eg fekk drivhus, var at mannen min var lei av at han knapt nok kunne røra seg på badet, på kjøkkenet og i hagestova. Der stod spirekassar overalt. Og alle skulle berast ut om morgonen og inn om kvelden (hvis det blei frost).  Eller om dagen hvis det kom hagl og stiv kuling. Det blei ein del telefonar heim frå kveldsvaktene mine.. Har du hugsa å bera inn plantene mine?

Eg var overlukkeleg då eit lite heimesnekra drivhus med riflete plastplater kom opp. Det blei sjølsagt overfylt.  Problemet var bare at det vart steinvarmt når sola sto på – og der var kun eit lite vindu i den eine enden. Altså måtte døra lukkast opp. Lukk opp, lukk igjen. Kva tid sola ville vera framme, var uråd å vita når eg drog på jobb. Skiftar jo heile tida.

Og når det var vått og kaldt, blei det kaldt og rått i drivhuset. Kan tru eg har skura bort grønalger og svartsopp – kvar haust, kvar vinter, kvar vår…

Så fekk syskenbarnet mitt eit fantastisk flott drivhus. Det må du også få deg, sa mannen hennar. Eg kan hjelpa deg med å setja det opp. Giss om eg blei frista!

Drivhuset mitt i dag, snart har eg hatt det i 13 månader.

Heim og googla. Det fyrste som kom opp, var foto av eit vakkert drivhus i tre. Eg blei forelska. Men sukk, billig var det ikkje!

-Er det drivhuset du har lyst på? spurde mannen min. Klart det var det..

-Då synes eg du skal kjøpa det. Hvis det er nokon som fortjener det, så er det du, sa han. Han var aldri i tvil om at det ville koma til å bli mykje brukt!

Pelargoniar og potettre har overvintra i drivhuset og har nett starta bløiminga. Ein kasse med grønkålplantar sådde her i slutten av februar får stå ute om dagen. Håpar jorda i bedet snart tinar!

SVAR PÅ SPØRSMÅL

Kor har eg kjøpt det?

Drivhuset er handlaga av cedertre av firmaet Gabriel Ash i England. Norsk forhandlar er solfang.no

Kva type er det?

Gabriel Ash lagar ulike typar drivhus, dette er Plantehus 10.

Kor stort er det?

Lengde: 3,566 meter. Breidde: 2,992 meter. Høgde: 2,653.  Høgt under taket betyr bra klima i drivhuset.

Er det lufting?

Ja, automatisk lufting i taket.  I tillegg to vindu på kvar langside.

Kor brei er døra?

Døra er er «dobbel», det vil seia at eg kan opna den eine når bare eg skal inn og ut. Skal eg kjøra med trillebår eller bera inn svære plantar, opnar eg begge. Full breidde: 1,130 meter.  Du kan velja om du vil ha døra på langsida eller kortsida.

Persille i såkassen til venstre, rødbete «Bull’s Blood» til høgre. Mykje finare enn plast!

Benker og hyller

Eg har benk på den eine langsida og på kortsida. Breidde: 60 centimeter. Over har eg hyller på 25 centimeter.  På den andre langsida skal tomatane og agurkane veksa om sommaren, derfor har eg ikkje hyller der.

Tomatplanter, mai 2017.

Kva kosta det?

Eg bestilte januar 2017.  Eg betalte 78.000 for drivhuset inkludert benk og hyller pluss pottebrett for 1.250 kroner. Eg betalte halvparten ved bestilling og halvparten ved levering.

Kor lang tid tok leveringa?

Eg bestilte 22. januar, og drivhuset var levert 24. februar.

 

Drivhuset kom i store modular.

Var det vanskeleg å setja opp?

Drivhuset blir levert i store modular. Det tok to menn cirka to dagar å setja det opp.  (Drivhuset mitt er plassert slik at det var tungvint å koma til på to av sidene).

Bruksanvisningen som fylgde med, var detaljert og ryddig.

Det fyllest opp på golvet: Mainepe og redikk i baljar, georginer til driving i plastpotter. Elefantløk i terrakottapotter. Ein fem år gamal perlargonia står her også. Pluss ein halvsjaber rosmarin. Settepotet «Troll» til groing i blå kasse. Gulerøter sådd i mjølkekartongar.

Mursokkel og golv

Jon Høyland frå Sola betong støypte grunnmur og laga knevegg av rød teglstein. Høgde 0,514 meter. I det gamle drivhuset hadde eg eit tjukt lag med singel. Nå har eg golv av murstein lik den i sokkelen.

Vatn og straum

Eg har innlagt vatn og straum.

(Det hadde vore meir praktisk å ha vannkrana ved inngangsdøra enn ved sida av den bakerste benken.)

Lyset er ei høgtrykksnatriumlampe, effekt 400 watt, lystid 1400 timar.  Det gir lys nok til heile drivhuset.

Omnen er ein såkalla drivhusvarmar på 2 kilowatt.

Lys og omn kjøpte eg frå ein annan forhandlar.   Eg betalte 2,324 kroner for det.

Amalfi-inspirert hjørne i drivhuset. (Foto: Jan Inge Haga).

Masse spirer og eit sitrontre

Her er tre tidlegare innlegg om kva som føregår  drivhuset mitt:

Amore i Amalfi, som mellom anna handlar om kvifor eg har sitrontre i drivhuset.

Magi kvar vår: Frø spirer! Dette biletet vart teke av Jan Inge Haga i slutten av februar.

Om å ala opp planter i drivhus:

Derfor tjuvstartar eg i drivhuset

Desse grønsakene har eg sådd og planta til nå.

8 spørsmål og svar om å så.

Om å prikla: Lukkelege grønsaksbarn.

 



4 thoughts on “Velkomen inn i mitt elskede drivhus!”

  • Kjære deg Margunn, det er bare så utrolig moro. Og du er så flink til å forklare og skrive, så det er en stor inspirasjon. Jeg tillater meg likevel et par spørsmål: Såkassene dine i tre, veldig flotte ! – har du kjøpt eller fått laget de, og er det hull i bunnen for drenering? Og varmeovnen din – antar at den tar litt strøm, har du regnet på hva det koster? Jeg har også et moderne drivhus, (oasen master fra Grønn Fokus), men sannsynligvis ikke så godt isolert som ditt. Satser på å ha et plasthus/veksthus inni drivhuset neste år, men vet at det vil hemme meg en del på grunn av plassen det vil ta. Skulle gjerne ha tatt sjansen på å lagre pelargonier o.l. der, men med 16 kuldegrader som det var på Sørlandet på det tøffeste i år, går jo ikke det.

    Takk for at du bruker tid på dette 🙂

    • Hei, hei, tusen takk for veldig hyggeleg kommentar. Det gledar meg stort. Såkassane i tre, ja er ikkje dei fine! Hol i botnen ja. Laga av Gabriel Ash som har laga drivhuset og kjøpt av forhandlar Solfang. Av cedertre. Veldig fine og veldig dyre… Men eg likar ikkje plast….
      Straumrekninga ja, torer ikkje tenkja på den i år. Vanlegvis har me mest ikkje frost heile vinteren! Bare nokre få minusgrader av og til. Neste år trur eg pelargoniane får stå i hagestova…Men dei blei mykje finare og tettare i drivhuset… Ein måte å spara straum på, er å ha plantar i eit plasthus inni drivhuset. Har ikkje prøvd det. Går også å svøpa planter i fiberduk og bobleplast. Har høyrt folk også isolerer glasrutene med bobleplast. Me får håpa på mild vinter i 2018!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: