Desse grønsakene har eg sådd og planta til nå

Desse  grønsakene  har  eg  sådd  og  planta  til  nå
Mainepe og stemorsblom fekk nokre strimer med sol i dag:)

8 sortar poteter, 3 sortar setteløk og 40 ulike frøsådde sortar grønsaker, urter og bønner står nå i spirebrett, potter baljar og kassar på hyller, benker og golvet i drivhuset mitt.

Eg gjorde nyss denne oppteljinga over kva eg har før eg skal bestemma meg for  kva eg skal så i april.

HER ER HEILE LISTA:

GRØNSAKER SOM SKAL VEKSA UTE:

Asparges

ASPARGES (!)

  • «F1 Ariane», kjøpte frø i England i fjor sommar, men oppdaga ikkje dei var gått ut på dato for lengst, så bare nokre få har spirt…og dei som har spirt er temmeleg puslete..
Grønkålplantene har vakse mest. Dei står ute på dagtid. I kalddrivbenken står baljar og kassar med spinat, salat, mainepe og reddik.

GRØNKÅL:

  • «Ragged Jack», russisk, med glatte og flikete blad, mild smak, unge blad er gode i salat.
  • «Sukuma Wiki», kenyansk grønkål med glatte blad, mild og svært god, søtleg smak. Fekk tre små plantar av ein god kjøkkenhageven – Jeanette Jacobsen-  sommaren 2016. Den eine ovevintra, sette mange gule blomar om våren, som så vart til massevis av frø utpå seinsommaren 2017. Er nokre av desse eg har sådd.
  • «Cavolo Laciniato Nero di Toscane Precoce», ein italiensk sort svartkål, også kalla palmekål eller dinosaurkål.
Ungane i gata knaska i seg desse rå i fjor sommar, og forlangte at me måtte så nye i år. Brokkoli «Calabrais».

BROKKOLI

  • «Calabrais»
  • Broccolirybs «Quarantina»
Sofie pyntar spisskålen «early Jersey Wakefield». Foto frå slutten av juni 2018.

SPISSKÅL

  • «Early Jersey Wakefield»

KNUTEKÅL

  • «Wiener Blue»  (fordi den ser så kul ut! Knoll som veks over bakken, denne sorten er lilla.)
Her ser du lilla knutekål. Svenskane kallar knutekål for kålrabbi.

SAVOYKÅL (slike med litt «boblete» blad)

  • «Traviata»

ROMANESCOKÅL ((liknar litt på blomkål, men er lysegrønt og taggete)

  • «Broccolo»

FRILANDSTOMAT

  • «Noire d Crimee»
  • Ukjent sort frå Randaberg eg fekk frå ein hageven; Øyvind Erland.
Sprirer av sellerirot til venstre og selleristang til høgre. (Foto: Jan Inge Haga,)

SELLERI:

  • Sellerirot «Prinz»
  • Selleristang «Golden Self Blanching 2»

Sellerirot treng lang tid, men det er verd ventinga. 

Dei ser ut som tynne grasløk, spirene av purre og løk.

LØK OG PURRE (frå frø)

  • Purre «Musselburgh»
  • Rød løk «Red Florence»
Små spirer av vintersalat (til høgre) og spinat fotografert i slutten av februar av Jan Inge Haga.

SPINAT:

  • «Medania»
  • «Palco»

Spinat og salat dyrkar eg mest året rundt.

SALAT

  • Vintersalat (Feldsalat)
  • Babyleaf «Gourmet»
Har vakse: I gule baljar frå venstre: Reddik, vintersalat, spinat. Ulike slag kål i dei grøne kassane.

REDDIK

  • «Københavns Torve 2»
  • «Pernot Clair»

Slik sår Sofie (9) reddik.

Reddik med to d-ar og ein k.

MAINEPE:

  • «Sweet Marble»
  • «Snowball», breisådd i  såkasse
Fenikkel: Fantastisk grønsak: God smak, god lukt, dekorativ. Reine prydplanten!

FENIKKEL

  • «Fino»

GULERØTER:

Tre av barnebarna har også sådd gulerot i mjøkekartongar.  Det var frørestar frå fjorårets posar. I alle fall «Nantes 2» (sommargulerot), men eg trur også det var litt «Flyaway» (sommargulerot) og «Rothild» (haustgulerot)

RØDBETER:

  • «Bulls Blood» (for å plukka dei unge, røde blada til salat)
  • «Boltardy», sorten du kan så tidleg. (Ventar med andre sortar til slutten av månaden)

MANGOLD

  • «Bright Lights»
Struttande bondebønner frå hagen i fjor sommar.

BONDEBØNNER

  • Brunlilla bønner, ukjent sort, fått av ein ven. Sådde «Robin Hood» i fjor, var svært nøgd med den.

Aldri høyrt om bondebønner? Dei er lette å dyrka, og gode på smak. Toler til og med lett frost.

Dette er ein sort bladpersille med store, glatte blad.

HER ER URTENE EG HAR SÅDD: 

PERSILLE

  • «Italian Gigante»

DILL

  • «Como»

KORIANDER

  • «Leisure»

Les meir om desse urtene her.

SETTELØK:

GUL LØK :

  • «Stuttgarter Giant»

RØD LØK:

  • «Csarda»

SJALOTTLØK :

  • «Golden Gourmet»

Les om koss du gjer det her. Fin syssel for barn.

Her er dei sju av dei 8 sortane eg skal setja i år.

JORDEPLE:

TIDLEGE: «Arielle»

HALVSEINE: «Carolus»,  «Asterix», «Van Gogh», «Troll», «Beate»

SEINE: «Pimpernell», «Mandel».

Les meir om dei ulike sortane her og koss du dyrkar dei.

TIL DRIVHUSET

Etter at frilandsgrønsakene er planta ut, er det tomater, chili, aubergin og agurk som tek opp det meste av plassen i drivhuset. Agurk ventar eg med å så til ci midten av april.

TOMAT:

  • «Sungold»
  • «Brandywine»
  • «Principe Borghese»
  • «Stripes of Yore»

Les meir om desse sortane her.

CHILI:

  • «Padron»
  • «Chinese five colours»
  • «Cherry Bomb»
  • «Anaheim»

AUBERGINE:

  • «Black Beauty»

Chili og aubergin sådde eg aller først, i januar/februar. Dei sto fyrst under vekstlys i loftstova, men  i midten av mars flytta

Både chili, aubergin og tomater sådde eg inne.  Etter dei hadde spirt, flytta eg dei under vekstlys i loftstua. Eg syns ikkje det verka som om dei treivs, så i mars prikla eg dei (gav kvar spire kvar si potte) og sette dei ut i drivhuset. Sidan synes eg dei har stått og sturt i vekesvis (for vått? for kaldt?), men nå verkar det som om chiliane og tomatene kjem seg litt.  Auberginen er ikkje i form.

Dei kunne nok tenkt seg at det var ein del varmare, ja.

Bondebønner og kålplanter derimot, bør ikkje få det for varmt, då veks dei for fort, og blir for svake og tynne. Derfor har eg flytta dei ut i kassar på terrassen. Blir det meldt minusgrader, ber eg dei inn att. Les meir om det her. 

Blomar har eg alltid saman med grønsakene i kjøkkenhagen. Blomkarse er ein av favorittane. Her er ti grunnar til det. 



11 thoughts on “Desse grønsakene har eg sådd og planta til nå”

  • Eg vil også ha fennikel i år ?. Er det noko spesielt triks med den? Eg las ein stad at ein må så den seint, for den går lett i blom ved lange dagar. Men då skulle ein vel kunne så den tidleg òg? Eg har vintersådd nokre frø ute, men kan eg så nokre inne òg no? Kor lang tid reknar du før utplanting?

    • God kveld! Fennikel er fantastisk! Myyyyykje betre og saftigare enn den tørre du kjøper i butikken. Lett å få til. Null skadedyr eller sjukdom. Veks som bare det med alt regnet her. To avlingar i året: Ein tidleg og ein sein. Har sådd inne i drivhuset nå. Tida kjem an på temperatur både inne og ute… Sår vanlegvis i midten av mars og plantar ut første veka i mai – hvis faren for frost har gått over. I fjor planta eg ut neste runde etter at eg hadde hausta første runde joredple i starten av juli (då var fenikkel sådd i midten av mai ci).

  • Har sådd asparges flere ganger. Dine er helt normale? tar bare sykt lang tid på å bli kraftige og STØRRE? kjekk blogg du har fått deg!

  • Hei liker bloggen din? har du noen tips til aubergin planten? Jeg får masse blomster men aldri frukt. Har hatt den både inni drivhus og på lunt sted utenfor.

    • Hei! Takk! Kjekt du likar bloggen. Er nok ingen aubergineekspert, nei. Fekk frukter på min i drivhuset i fjor. Men her surrar mange bier. Pga åpne dører og vindu (ikkje heile tida) og kanskje også pga av at eg alltid har blomar saman med tomatene og chiliane? Småblomstra tagetes. Ute var det for vått og kaldt til at eg fekk frukter.
      Dette året blir nok dårleg med aubergine… Trur eg flytta spirene for tidleg ut i drivhuset – dei står og sturer. Har det nok for kaldt…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: