Rød linsesuppe med svung

Rød linsesuppe med svung

Skikkeleg god, med varmande krydder  er denne sjølkomponerte linsesuppa som kan serverast både til kvardags og fest.

Etter alt påskesnopet, kan det gjera godt med ei sunn og mettande suppe med mykje næring, få kaloriar og billige ingrediensar. Attpåtil lett å laga!

Har du blitt forkjøla på påskefjellet? Eller støl i lårmusklane? Kryddera i denne suppa, hjelper mot begge deler.

Linser er rike på protein, så du treng ikkje kjøt eller pølser oppi. Linser er belgfrukt, og så gode for kroppen vår at lege og kosthaldsekspert Berit Nordstrand seier me alle bør eta belgfrukter kvar dag.

Oppskrifta rekk til 6 personar:

Ingrediensar:

  • 2 kaffikoppar røde linser (NB: Tørka linser, ikkje ferdig kokte. Tørka linser er vanlegvis til sals i posar, ferdig kokte i små øskjer)
  • 8 kaffikoppar vatn/buljong
  • 1 løk
  • 3 gulerøter
  • 1/4 sellerirot
  • 4 nellikspiker
  • 3 fedd kvitløk
  • 2 ts gurkemeie
  • 1 ts malt koriander
  • 1 tjukk skive ingefærrot
  • 1/2 rød chili (ta ut frøa)
  • eit dryss svart peppar
  • 2 boksar hakka tomatar
  • 1 ts tomatpuré

Slik gjer du:

  1. Skyl linsene i vatn og sil av.
  2. Hakk kvitløk, løk og skjer gulerøtene i små bitar.
  3. Ha alt i ei stor gryte.
  4. La putra i cirka 60 minutt.
  5. Smak til med peppar,  salt og spe eventult med meir vatn/buljong. Kjem an på kor tjukk du vil ha suppa.
  6. Server med ein klunk god olivenolje og ein skvis sitronsaft.

Set gjerne flaska med olivenolje på bordet saman med tynne båtar med sitron.

Brød eller flatbrød er alltid godt til suppe.

Den første suppeoppskrifta eg delte på denne bloggen, var mor mi si gode kjøtsuppe. Sundagstradisjon då eg vaks opp.

VIL DU FYLGJA MEG?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Rød linsesuppe med svung”

Legg att eit svar til Grete Botnan Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: