Fargefest med stemorsblomar

Fargefest med stemorsblomar

Vipa er komen! Vi-vipp, vipp-vipp, skreik to viper som segla over markene på Lundsneset (Hundvåg i Stavanger) i dag. For ei oppvising i flygekunst og våryr glede!

Dei flaksa mot sky, stupte ned, suste opp att, gjorde kvikke rundkast og avslutta med ei lang glideflukt. Svarte venger, kvite bryst og den muntre vippen på hovudet.

Betre vårteikn fins vel ikkje?

Brått var det som om nokon hadde skrudd av lyset eller drege gardinet ned. Grå skyer dekka med eitt heile himmelen. Nok sol, slutt for denne gong…

Nå er det vår!

Skydekket fekk ikkje leggja seg over vårhåpet vipene hadde tent.

Vel heime i hagen fylte eg kvar ledig terrakottakrukke med gul-kvite, blå-kvite, lilla-gule og fiolblå stemorsblomar. Er det vår, så er det vår!

Utruleg så godt det gjer med fargar nå som alt ser brunt og daudt ut i staudebeda!

Plenen er gul-brun-gusten. Lyselilla krokus lukka kronblada straks sola blei borte. Det einaste grøne er dei skinande smale blada til klosterklokkene og rada av små grøne perler rundt dei kvite blomane.

Eg seier det igjen: Takk og pris for klosterklokkene!

Fyrst kjøpte eg eit brett med desse blå-kvite. Etterpå angra eg på at eg ikkje hadde kjøpt fleire…

Påsketradisjon

Å planta stemorsblomar i påska har eg hatt som fast tradisjon i mest 30 år. Dei fyrste åra sådde eg dei sjølv. Dei var ikkje til sals i hagesentera. Der hadde dei bare storblomstra, og dei kom ikkje før starten av mai.

I seinare tid har eg kjøpt 6- og  10-pakningar med små stemorsfiolar. Det har vore premien til meg sjøl etter at eg har rydda staudebeda.

Får aldri nok terrakottakrukker eller stemorblomar…

Mjuk overgang

Dei er billigare enn sommarblomane som kjem til sals seinare, det er nå trongen etter blomar og fargar er størst, og dei toler nokre minusgrader. (Minus fem har eg lest).

Kjem dei rett frå varme drivhus, blir overgangen til minus fem i tøffaste laget. Eg gir dei derfor alltid ein mjuk overgang, slik at dei blir gradvis herda: Set dei på den lunaste plassen på terrassen og breier over to lag med fiberduk kvar frostkveld. Om morgonen blir dei “avduka”.

Dei to krukkene ved postkassen dullar eg ikkje med på same måten. Stakkars, eg syns synd på dei kvar morgon når dei står der samankropne med bøygde hovud. Men utpå føremiddagen kviknar dei til att.

Minner meg om hornfiolane til far og bestemor.

I alle fargar

Er du flink å knipa bort visne blomar, og set du dei i god jord – blømer dei til månadsskiftet juni/juli.

Det einaste vanskelege med stemorfiolar, er å bestemma seg for kva farge eg skal velja! Gule, oransje, rustrøde, blå, lilla, kvite, einsfarga, tofarga ….

Når eg mest alltid landar på dei blå og blålilla, kjem det nok av at eg ikkje har gløymd dei flotte tuene med blålilla hornfiolar som både far og bestemor hadde i sine hagar.  Eg har prøvd å få dei til i mine staudebed, men dei har dessverre døydd ut etter få år.

Dei sitongule lokka sola fram att:)

Men stemorsfiolane sviktar aldri, sjølv om dei bare varer til sommarvarmen kjem.

Og sidan påskeliljene ennå ikkje har vist seg, måtte eg ha nokre krukker med dei sitrongule også. Ikkje før var dei på plass i krukka, så kom der jammen ei stripe med sollys!

Så herleg!  Og der ringte jammen bonusdotter Marte og inviterte på nysteikte lappar:)

Christina, Alma og Sunniva sår blomkarse og solsikker i drivhuset mitt.

Blomkarse og georginer

Er du også glad i blomar? Blomkarse er ein av sommarblomane eg har sådd til nå. Det vil seia, tre barnebarn fekk så den i påska. Blomkarse må eg ha kvart år. Ti gode grunnar til det får du i dette innlegget. 

Utanom blomkarsen er det georginene som gjer mest av seg i hagen min. Kulturarv frå faster og far. Nå er rette tida å setja dei til driving. Les koss du gjer det her.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: