Eggande solsmoothie

Eggande solsmoothie

God start på dagen:

Forfriskande og mettande smoothie med oppkvikkande solfarge er dagens oppskrift.

Du får i deg masse A- og C-vitaminar frå frukt, protein frå egg og kefir, omega-3 frå linfrø og betennelsesdempande gurkemeie.

Velbekomne!

Oppskrift:

1 mango (eller halv pose med frosne mangobitar)

1 appelsin

1 banan

Juice frå 1 appelsin og 1/2 sitron

1 kopp kefir (alternativ: kulturmjølk, yogurt, kokosmjølk)

1 egg (rått)

1 ss knuste linfrø

1/2 ts gurkemeie

Ha i blendar, kjør til alt er godt blanda og drikken er “glatt”.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: