Påskekylling

Påskekylling

Svolten etter lang tur, men gidd ikkje å bruka lang tid på kjøkkenet? Då passar denne ypperleg.

Retten blei til i går kveld, mannen hadde handla kylling.

I kjøleskapet låg det ein opna pose med poteter som begynte å få groer, nokre gulerøter, ei halv sellerirot. På boden er det ennå att kvitløk. Løk har me alltid i hus. Og sitron.

I ei spretta vinflaske var det att eit par glas.

“Man tager hva man haver”, det går som regel godt.  Mannen blei veldig nøgd i alle fall.

Nok  til 4 personar.

Dette treng du:

  • 1 heil usteikt kylling på ci 1,5 kilo
  • 3 ss smør
  • 1 sitron
  • 2 kvitløk
  • 2 løk
  • 4 gulerøter
  • 1/2 sellerirot
  • 10 poteter
  • 4 ts timian
  • 3 dl kvitvin (alternativ: eplemost)
  • salt, peppar

Slik gjer du:

  1. Ta kyllingen ut av kjøleskapet nokre timar før du skal laga maten.
  2. Skrell kvitløken og del opp i fedd.
  3. Skrell løken og del kvar i fire båtar.
  4. Del gulerøtene og sellerirot i store bitar.
  5. Skrell potetene (gjer det vanlegvis ikkje, men  må ofte til på denne årstida). Del potetene  i to dersom dei er store.
  6. Ha alt i ei stor form, strø over med salt, peppar, timian.
  7. Legg kyllingen på toppen.
  8. Del sitronen i 4 og stapp 2 inn i kyllingen. Legg resten i forma med grønsakene.
  9. (OBS! Vask nevar og reiskap grundig etter at dei har vore i kontakt med rå kylling).
  10. Pensla kyllingen med smelta smør, ha på salt, peppar, timian.
  11. Tøm på vinen.
  12. Då er alt i forma, inn i omnen på 175 grader i 1 time og 45 minuttar.

FERDIG!

Server gjerne med ein grøn salat. Ikkje lenge til nå, så kan eg hausta min eigen babyspinat!

For spinat kan du dyrka mest året rundt. Les om det her.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: