Løk går som ein leik

Løk  går  som  ein  leik

Løk er lurt å starta med hvis du aldri har dyrka grønsaker før. Brukar du setteløk, er du mest dømt til å lukkast. Har du nokon gong hausta buntar med trinne, glinsande laukar, kan du ikkje tenkja deg ein sommar utan.

Setteløk er lette for barnehender å hanskast med. Og så er dei så forlokkande fine, gylne og runde.

Små og store

Setteløk er små løk som du kan planta rett ut i mai. Eg tjuvstarta i drivhuset i påska, for Alma (4), Sunniva (8) og Christina (10) kom på besøk og ville så og planta.

Alma sette dei største, sjalottløk , sorten «Golden Gourmet». Sunniva valde dei røde  («Csarda»), Christina dei gule («Stuttgarter Giant»).

Var det ikkje litt underleg at sjalottløkane var størst? Dei er jo mindre enn vanleg løk når du kjøper dei i matbutikken. Forklaringa er at kvar sjalottløk byggjer ei gruppe av løk rundt seg. Ein løk blir altså til fleire.

Kvar av små setteløkane av rød og gul løk, derimot, veks til ein større løk.

Alma hjelper Christina med å sortera dei gule setteløkane. Alle var visst friske og fine.

Sunniva var litt uheldig med sitt val, for fleire av dei røde løkane var litt mjuke og hadde litt gråleg belegg på skalet. Dei måtte kastast.

Ein løk i kvar plugg i  stort pluggbrett, spissen skal stikka opp or jorda. Dei største sjalottløkane fekk 10-centimeters potter.

Den spisse enden skal opp, og løken skal ikkje «begravast» med mold.

Vårløk?

Om kort tid vil det veksa fram kvite røter og ei mørkegrøn spire.

Nokre veker etter utplanting i mai, har spira blitt tjukk og lang.

-Er det vårløk eller purre? spurde naboane i fjor.  Men nei, det var løk.

Løk likar lett, varm jord, og treng sol.

Under jorda veks den vesle løken seg større og større. Mens me ventar, er det herleg å klyppa inn litt av det grøne. Smakar om lag som vårløk.  Den gleda går du glipp av når du kjøper ferdig løk!

Når sjølve løken er klar, tek det grøne over bakken til å gulna.

Men, du kan sjølsagt hausta løken før den tid også, men då er løken mindre.  Løk rett frå jorda er glinsande saftig og smakar betre og søtare enn den kjøpte.  Den luktar fantastisk, det same gjer jorda der lauken har vakse.

Løken du kjøper i butikken, er tørka.

Unge, nyhausta rødløk frå sommaren 2017.

Fekk ikkje nok

I fjor sette eg ein pose med rødløk og ein med gul løk. Dei vart fort oppetne, lite var att til å leggjast i sola til tørk. Tørka løk kan du lagra lenge.

Eg burde ha sett mykje meir! tenkte eg då.  Søren, kvifor gløymde eg det! Eg kjøpte nemleg bare ein pose av kvar.

Sunniva gir setteløkane vatn. Nå er me spente på kor lenge det går før dei spirer!

Løk frå frø

Ja, ja, eg har nå sådd nokre også: Rødløken «Red Florence» – 3 frø i kvar liten plugg i pluggbrett den 25. februar. I drivhuset. Andre forsøk.

Sådde ein runde tidlegare på vinteren innandørs, men det blei ikkje rare greiene.

Løkspirer, sådd innandørs i vinter. Slappe greier. Trur nok eg let dei stå inne for lenge.

Alma, Sunniva og Christina tykte det var merkeleg at «grasstråa» i pluggbrettet også skulle bli løk.

-Det ser ut som små grasløk, sa Sunniva.

Ikkje dumt sagt. Både grasløk, rød løk, gul løk, sjalottløk og purre er i same familie, og når dei er nyfødde, (når frøa har spirt), ser dei like ut, alle saman.

Å så løk er ikkje for dei utolmodige. Det tek tid. Når utolmodige meg likevel har gjort det, er det fordi eg har lyst til å prøva om eg får det til. Den andre grunnen er at frøsådd løk toler meir kulde enn setteløk.

Når eg nå ser på dei tynne spirene, lurer eg fælt på om dei blir robuste nok til å plantast ut i mai.

Lette å dyrka er også bondebønner og poteter.

Les om bondebønner her: Heftige bondebønner for bybønder.

Om poteter: Jippi, sju sortar settepoteter

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: